Blogg

09.11.2015 01:01


Eg vil fortelja om far. Dette er ein riktig dag til slikt.....sjølv om farsdagen var i går.

Han er født i 1924, som er nokre år sidan. Og sjølv om kroppen har vorte skrøpeleg etter alle desse år, så er hovudet friskt. Med både humor, refleksjonar og husk. Til og med augo verkar betre enn hos dei som har mykje kortare fartstid på denne jorda.

Han var født som fjerdemann. Noko som den eldste systera syntest var i overkant mange. Så ho tok resolutt dei yngre syskena med seg på eit forsøk om å skremme denne karen attende og bort. Det gjorde dei med å sota seg til. Som vi forstår hjelpte ikkje dette stuntet. Og syskenflokken, som etter kvart vart fem, vart ein samansveisa gjeng.

Farbor Jarle, far, faster Gudlaug, farbror Sverre og faster Bergljot

Far fekk veksa opp på ein gard der dei hadde mat og foreldre som var glade i borna sine. Men arbeide måtte dei. Og far var ikkje av dei som var redd for arbeid. Noko som førte til at han fekk positive reaksjonar på seg sjølv. Ein god start på eit liv.

Han fekk vera med på gjeting av kyr og geiter på Bakksetra. Mykje saman med søster si Gudlaug, som var to år eldre. Desse dagane på setra var eit avbrekk han set pris på.

Når sommaren nærma seg, flytta dei først til eldhuset. Der folka nede på garden budde gjennom sommaren. Det vart både for enklare hushald og for det var skikken. Men dei sov inne i hovudhuset.   

Den 11. juni var seterdag. Da reiste dei som skulle ta den drifta innover. Turen opp til Bakksetra tok over ein time. Turen att og fram dit måtte stort sett takast dagleg. Noko av det som måtte ned var geitosten. Dei hadde margarinkassar som det var festa taug i slik at dei kunne hengast på eit bøltre. Kassane vart lasta opp med geitost på to kilo kvar. Fire i kvar kasse. Med to kassar vart det seksten kilo som vart frakta ned til bygda. Ein måtte og væra med på onnarbeidet på garden.

Men det var og leik med bading i elva og vatnet når vêret tillet det. Og ikkje minst fisking med lange bambusstenger.

Det vart laga gjetarlister, for gjetinga gjekk på omgang. Ein gong det var eit kaldt og ufyseleg vêr kom mor deira innover dit far og Gudlaug hadde søkt ly for regnet, med pledd for å verma ungane sine.

Inga født Åsgard, gift Bakk, farmor, og far si mor

Far var svært glad i mor si. Så minnet frå den vinteren da han vart liggande sjuk, og mora sto i døra og tok farvel, er eit svært sårt minne. Ho ville ikkje klemma guten sin fordi ho var redd ho kunne smitta han. Ho sto på farten for å reise bort for behandling av tuberkulose. Far var åtte år.

To år etter vart ho erklært frisk og skulle komme heim. Ho kom heim i ei kiste. Tuberkulosen tok ho att. Far sprang ned til sjøen for å møta båten og mor si i kista.

Og å følgja mora til grava som tiåring er ei hending som prega far.

Syskena fekk tidleg oppgåver for at alt skulle gå. Faren fortset drifta på garden saman med ungane og tenestefolk som var hyra inn.

Ein gong far var rundt fjortenårs alderen og var saman med nokre andre karar på notnaustet, fekk dei sjå sild inne på bukta. Far sprang for å varsku Olaonkel som bodde oppe i Bakkan. Han fekk vera med å ro ut for å stenge silda inn. Dette silstenget fekk og far vera med å dela lotten av. Han meiner å huske at det var ein stor sum. For noko av desse pengane kjøpte han seg konfirmasjonsdress. Ein dress på trettitalet tilsvara omtrentleg ei månadsløn. Men trøyt var han dagen etter på skulen, for mykje av natta gjekk med til arbeidet.

Da krigen braut ut var han dreng på Kuli utanføre Smøla. Der arbeidde han i periodar over seks år. Han var med på å samla saman vrakgods medan bombeflya dundra like over havflata og hovuda fortel han.

Da far fylte 23 år døyde faren. Familien hadde ei svakheit og det var hjarta. Bestefaren døydde også like brått fordi hjarta ikkje ville meir.

Da gjorde far det faren ikkje ville han skulle, han fekk seg hyre på ein båt. I fleire år var arbeidsplassen hans havet. Grønlandsfiske deltok han i blant anna. Følgjer du linken her kan du lese om det fisket.

Bilete frå tida på Kystskipperskulen

Han fekk spara seg saman nok pengar til at han på slutten av tjueåra tok skippereksamen. Det var da han møtte mor. Dei likte kvarandre så godt at dei fann nokså fort ut at dei ville dela livet saman.

Eit val som førte far ut i nytt farvatn. For mor vaks opp med eit båtbyggjeri som verkelegheit, og far hennar hadde idear å setja ut i livet. Noko som resulterte til bygging av ein båt for å visa at ideen heldt vatn. Ein båt som far vart førar av til ryggen slo seg vrang på starten av seksti talet. Noko som etter kvart førte far sin arbeidsdag attende til landjorda. Han hadde hovud for tal, som det heiter, og resten av det yrkesaktive livet fekk han leve saman med- og ha ansvaret for tala og økonomien i familiefirmaet han var gifta inn i. Og det gjekk eigentelg svært greitt det.

Båten morfar bygde slik den såg ut dei siste åra den fekk lov å flyta på sjøen

Far er ikkje av dei som er født med mest tolmod. Han sette i gong med det han såg for seg, to hus fekk han bygd opp og grunnmuren til ei dokkestove. Og det kunne ta litt tid før siste spikaren var slege i, for pirkete er ikkje far.

På slutten av sekstitalet var det vorte ferje til Ertvågsøya, noko som resulterte i sertifikat og bil.

Og sommarferiar på hjul. Sommarens høgdepunkt.

Med opplevingar og ein far full av påfunn. Slik som den gongen han stoppa og rygga attende til nokre haikarar, som glad kom småspringande med sekkane sine bort til bilen. Og far rulla ned vindauga, med mor i forsetet og tre dotere sitjande i baksetet, og så sa han: "vi har diverre ikkje plass".

I sin eigen form for humor kunne han gjere ei som snart var tenåring nokså flau.

Frå 50 års dagen til mor

Seinare vart mor og far i leine etter kvart som vi tre jentene flytta ut. Da var det ei tid med turar i skog og mark. I fjellet og på sjøen. Og så kom barnebarn og dei fekk mange å vitja. Og så kjøpte han seg gard. Heimgarden. For han hadde så lyst til å hjelpe til at tinga gjekk slik dei var tenkt. Var tanken.

På vitjing på Moe, her med einaste gutongen av dei seks  barnebarna, han med Kanutten i hendene

Barnebarna var nokså små enno da fingrane til far starta å svikta. Når vi var på vitjing hjelpte dei til å knappa dei små knappane på skjorta. Etter kvart fekk han meir og meir problem med motorikken. Glas velta lett ved måltida. Så starta kjensla under føtene å svikta. Han hadde fått noko som heiter nevropati.

Det har etter kvart vore mykje fall. To ting har vist seg; han kan å falle og han har sterke bein. Men ein del plastring etter kuttskadar og tørking av blod er det. Det som ein kan beundra er humøret han beheld i dette. Det held sjølv om hendene og føtene sviktar.

Han har vore vant til å vera eit fritt menneskje og klara seg sjølv. Så da sertifikatet vart inndrege da han var 89 år opplevde han det som ei kraftig inngripande. Han vart ikkje så glad i legar og samfunnet etter dette, for han følte at det å verta eldre ikkje var tolerert. Og at mulegheita til å koma seg i butikken vart så avhengig av andre. Dette vil han gjerne diskutera framleis.

Elles stavar han seg gjennom dagen sin. Han har ting og ordna i, gamle papir og ved som skal bærast opp. PC er det lenge sidan han skaffa seg. Nettbanken brukar han, men det er ikkje altid motorikken og kid-nummer samarbeider. Tv er og noko å bruka tid på med klave på hovudet. Hørselen har ikkje tålt åra.

Atlaset liker han godt å reisa i, kart har alltid interessert han, og verdsrommet.

I dag er lesinga redusert til avis og boka "Kvardag, kamp og kreativitet" av Per Eilert Orten om noko av Aure si historia. Dei siste bøkene han pløgde gjennom var 70 bøker av serien Sønnavind. Han oppdaga at han fekk hovudpine av lesinga.

Da han gifta seg hadde han namnet klart om dei fekk ei jente. Han hadde lese bøkene til Olav Gullvåg om ein person full av gode eigenskaper som heite Ingvild. Og slik vart det, jenta fekk nament ho hadde fått tildelt før ho var påtenkt.

"Er det greitt eg legg ut dette på blogg" spør eg.

"Ja, om du kan lova ingen les-" seier far min.

Og det lova eg så klart.


27.03.2015 17:29

Det er lenge sidan eg har skreve her og eg har lyst til å skrive om andre.

I dag vil eg presentera mi yngst og lengste. Ikkje slik ordentleg presentasjon, men dele noko ho har laga.

Ho fekk den gleda å bli like lang som mor si. Glede og glede....men ho sto i alle fall ikkje i soveromsdøra mi og klaga og bar seg.

Som 15 åring var eg fast bestemt på å operere bort ein del centimeter frå låra, og det sto eg  grinande og fortalte mor og far i døra inn til soverommet deira. For eg ville ikkje væra lengre enn andre.

Slikt har mi yngste aldri kome med, men ho er nok tanken meir sikker på seg sjølv enn kva eg var.

Ho er ein strukturert skapning, ho veit kva ho vil og ho arbeider mot det. Faren lova ein gong i tida at kvar seksar som ramla inn hos barna skulle lønas med ein rosa lapp. Sikkert i trygg forvissing at dei låg rimelig trygt....har måtta punga ut. Ho er ein kreativ skapning, og overlykkeleg for symaskina ho fekk frå kjærasten til faren. Det har vore produsert hårstrikk i helgene ho er heime.

Ho bor på hybel, sjølv om ho berre går andre vidaregåande. Det var tidleg ho bestemte seg for å gå media og kommunikasjon. Noko eg trur er svært riktig for henne. Her ein av dagane hadde dei innlevering av novelle. Ho er glad i å få skriva. Denne novella spurte eg henne om eg kunne få legga ut. Og det var greitt.

"Laga du disposisjon før du skreiv", spurte eg.

'"Både og" svara ho. "Eg starta kvelden før eg skulle levere, men la den vekk for eg syntest det vart for mykje klisjé. Da eg tok den fram igjen var det berre ein time til innlevering, derfor måtte eg berre fortsetta på den".

Eg kosa meg med den. Her kjem den:


NATTETANKER


Jeg følte meg dum. Det hadde ikke gått ett minutt enda engang. Men jeg klarte ikke å la vær. Jeg tok opp mobilen for å se etter om han hadde svart. Ingenting. Null nye varsler. Jeg la mobilen ned ved puten igjen. Han har sikkert ikkesett det enda, tenkte jeg. Var tilfreds med den tanken. I noen få sekunder.


Hva om han har åpnet? Hvorfor svarer han ikke? Tankene spant. Alt jeg ikke ville tenke, tenkte jeg. Nei, jeg må se etter! Jeg tok opp mobilen, trykte meg fram. Desperat. Nesten litt sint, såret. Ikke åpnet. Jeg ble fylt med lettelse. Jeg hørte regndråpene som trippet utenfor soveromsvinduet mitt. Vinduet var så vidt åpent. Bare en liten sprekke. Jeg kjente et snev av kaldt trekk, klamret meg fast i dynen. Spann litt med bena for å få i meg varmen. Han skulle vært her nå. Ligget ved min side, varmet meg. Varmet hverandre. Faen. Jeg hater når han er ute med "gutta", "gjengen". Det å ikke ha kontroll, ikke vite hvem han snakker med. Det gjør noe med meg. Jeg er ikke stolt over det, er ikke den siden jeg liker best ved meg. Jeg blir så sentimental. Hva er det forelskelse gjør med meg?! Jeg har ikke alltid hatt slike tanker.

Jeg husker da jeg var liten, og om broren min fikk en gave eller lignende - jeg ble ikke sjalu. Jeg unnet han det. Syntes det var bra, tenkte det var skikkelig koselig for han. Okey, det var kanskje snev av det om søsteren min fikk noe fint. Hun fikk alltid det jeg skulle ønske jeg hadde fått. Men det skjedde aldri. Det var alltid noe tull jeg ikke likte, ikke kom til å få bruk for. En traktor liksom, wow, endelig kan jeg nyte livet for fullt!


Nei, det er ikke sånn det funker. Jeg husker hun en gang fikk en skrivebok, den var helt lys rosa med hvite striper på coveret. Det fulgte med en penn, den var litt mørkere i fargen og hadde en hvit fjær på enden. Og noen små hjertedetaljer. Husker jeg syntes det var så fint. Jeg kjente jeg skulle ønske min mor og far kunne kjøpe noe sånt til meg av og til og. Men det kunne aldri falle de inn. Ikke bare kjipe klosser med fire hjul. Eller baller. Fotballer, handball, volleyball. Alle slags baller. Dog jeg aldri var interessert i det. Men de hadde visst sett for seg at jeg skulle bli en ballelsker. Men ikke på den måten jeg ville. Men det var sånn det var. Vi ble satt litt i bås.  

Drrr! Det duret fra mobilen, jeg kjapper meg å ta tak i den! Han hadde svart! "Er på den puben, du vet, den like ved Johan. Møtte på en klassekamerat fra barneskolen faktisk, skikkelig gøy! God stemning her! Hva gjør du?"

Hjertet mitt banket litt fortere enn før jeg las de fire setningene. Er så rart. Hvordan noe så lite kan få meg til å føle så mye. Både glede og spenning, men også redsel og frykt. Det er så skummelt dette med forhold. Du støtter deg så til et annet individ, noen du ikke har noe som helst kontroll over. Det er skikkelig fint. Føles ut som en lang og deilig ferie, der hvor det blir servert gode drinker en etter en. Men alle forskjellige. Solens varme i nakken, samt en mild og mjuk bris. Men igjen, fallhøyden er så stor. Plutselig kan alt bli svart. Drinkene blir til lunket vann med lort, skyene dekker for sola. Vinden blir kaldt og hutrende.

"Så koselig! Bra du hygger deg. Jeg har akkurat lagt meg, tenker å sove. Så kos deg videre så snakkes vi, natta!" 

Send.

Nå vil jeg sove. Slutte å tenke. Bare slappe av og drømme om fine dager. Uten storm. Kun sol og gode drinker.

 "God morgen kjekken!" Jeg ble helt varm inni meg. Åpnet øyene, smilte. Han stod der så fint. Rett opp og ned, var så naturlig. Og fin.

 "God morgen til deg og!"

Han gikk mot sengekanten, satte seg ned ved siden av meg.
"Vært våken lenge jeg nå!"
sa han, "helt siden 11."

"Hva er klokken?"

"Så mye som halv ett." sa han med et smil.

"Hva! Har jeg sovet så lenge?"

Han smilte enda bredere. Øynene hans glitret. Han lente seg fram og kysset meg i pannen.

"De spurte etter deg i går, masse!"

Det var skikkelig godt å høre, jeg smilte lurt og spurte hva de sa om meg.

Han gjorde seg til i stemmen, "hvor er kjæresten din da? Skulle tatt han med, vi liker han!" 


31.12.2014 14:54


Året lakkar og eg takkar for enda eit år. Desse åra går så fort og til slutt bles dei livet bort. Men enno er alt att som er att.


No tek det gamle året det nye i handa. Det gamle går over i historia og det nye er ubruka. Dette året som straks går ut av kalenderen har hatt sitt innhald. Aust gode og strevsame opplevingar over dagane. Eg ser attende og ser eg står på føtene.

Fjoråret starta med ei kviskring om kjærleiken, men det var ein aprilsnar allreie i januar. Månaden viste bar mark slik at turar ute i naturen var lettføtt.

Februar starta brått og vått. Ein lekkasje som kom til å prega heile året. Takstmann og avklaring av skadeomfanget prega heile månaden. Ein rotete periode starta. Først denne emne eimen av fukt, som busette seg som ein hovudverk. Avklaringa tok tid.

I slutten av mars var omfanget klart og eg valte å ta ansvaret for utbetringa sjølv. For når først det var så gale måtte det brukast positiv. Fekk ordna med lån, riving av vegger og nytt kjøken. På starten av månaden fylte yngste 17 år. Mellomste og eg reiste til Kristiansund for å feira ho med bilen full av ballongar. Vi henta ho på skolen der ho går media og kommunikasjon. Ei retning som passar som hand i hanske trur eg.

April var nydeleg. Trea  sto med grøne knuppar tidleg. Arbeidet med å bygge opp att etter skadane var godt i gong. Kjøkenet var endeleg bestemt og mellomst reiste bort for drøymen og verda. Å vinka til henne da ho forsvann inn til passkontrollen på Gardemoen var spesiell.

I mai kom kjøkenet, men alt var ikkje heilt som det skulle, akkurat som det skulle.  Mai gjekk raskt, med vaiande flagg og jubel over den vakre vårmånaden med dei irgrøne fargane.

I juni var det meste bygd opp, og etter månader med kaos kunne skuffer tømmast og koppar og bestikk få ny heim innom nye - nei, ikkje skåp, men skuffer. Eg trur ikkje vi feira jonsok, i alle fall hugsar eg det ikkje. Og på slutten av månaden pakka yngste og eg kofferten og reiste sørover.

Juli starta under Californias sol. Vi fekk feira 4. juli og eg fekk oppleva at Amerika ikkje var fullt så ille som eg hadde trudd. Til tross for at ein slik tur var alt for slitsam for min tappa tilstand, angra eg ikkje. Og da vi sat på fly attende til Noreg yngste og eg på eit, og mellomste på eit anna fly, da spruta tårene slik at eg trudde dei ingen ende ville ta. Den mellomste hadde kome omtrentleg velberga frå si tre månader reise på eiga hand i Sør Amerika.

Heime var det feiring av opp til fleire fødselsdagar og så kom krav frå forsikringsselskapet om at mest heile forsikringssummen skulle betalast attende. Fordi selskapet til taksmannen hadde sendt rekning på det. Elles gjekk eg med konstant hovudpine og måtte putte på med smertestillande. Den vart ikkje betre etter dette kravet.

August gjekk utan svar på brevet mitt sendt til forsikringsselskapet, berre utsending av nytt krav. Min eldste fylte 23 år, og for første gong var eg ikkje med å feira. Han feira saman med sin nye, søte kjæraste. Han hadde flytta frå Kolbotnen til Lillestrøm og jobba framleis med sal. Mellomste flytta til Trondheim der vi fann ein grei hybel og ho starta med eit studie ho hadde valt halvhjerta. Yngste flytta attende til Kristiansund og fortsette sitt der. Boffen, kattene og eg vart overlet til oss sjølve igjen. Sjukemeldingsprosenten min hadde minka litt, men alt for lite. Hovudpina var like intens.

September kom og endeleg var det oppretta dialog med forsikringsselskapet. Mellomste hamna på sjukehus fordi eine foten hennar fekk eit blomande utbrot. Av sår. Skikkeleg ekkelt var det. Og usikkerheita fekk bu blant oss ei stund. Det gjekk vekevis før utbrotet roa seg og vi fekk eit slags svar. Eg leita i papir for å visa kva for utgifter eg hadde hatt overfor forsikringsselskap,  ingen enkel affære for nokon som slit med konsentrasjonen. Men eg hadde såpass overskot at eg bestemte at dette måtte løysast og eg skulle ikkje ramla saman. Fann ut at eg måtte få meg ein tannlegetime.

Oktober og eit år sidan sjukemeldinga starta. Mykje papir og mykje ordning. Eg var sjukemeld 60% og skulle over på noko som heite AAP. Kravlar og strevar. Tenner og tannlege. Hovudpina forsvinn delvis. Oppdagar at mest alle dei 15 kilo som eg hadde fått bort i vår var komen attende. Planar om å reise bort, noko ferie igjen - men alt for lite krefter til slikt.

November og planlegging av jul. Ville samla mine rundt meg som tidligare og klar over at det kan bli ei utfordring. Men gler meg likevel. Får svar frå forsikringsselskapet der dei har halvert kravet sitt. Likevel synest eg dette ikkje heng på grep og skriv attende. Dagane går i eitt, mykje køyring og mykje kaving sjølv om eg prøver å unngå det. Tenner og antibiotika. Rotfylling.

Desember. Feiring av 21 år av mellomste. Vi feira dagen heime. Baking og mjøl. Vart mykje mat til frukostbordet. Det var viktig. Rotet på utsida av huset måtte eg berre kapitulera for. Jula ringte inn og huset fullt av folk og mat. Det var svært hyggeleg. Svært, svært hyggeleg. Tv'n vart ikkje skrua på fordi folk snakka saman. Det var også nokså arbeidskrevjande for konsentrasjonen, denne konsentrasjonen.... Så tømdes det igjen, folk reiste. Eg skriv forsett med forsikringsselskapet. Siste dag i året hadde eg frist til å fortelja korleis eg skal løyse det dei meinar eg skal. Eg er ueinig, så da er det vel snart inga råd enn og henta inn folk utanfrå. Men ein ting har eg bestemt, da sola snudde for gangen mot ljosare dagar fann eg at eg ville slå følgje. Eg og vil ha det ljosare. Etter dei sju magre, kjem dei sju gode. Der er eg.


Det nye året står framom. Snart vil det banka på døra og eg vil ynskje det velkomen. For dette skal bli eit godt år, eit riktig godt år. Som stryk meg med håra, som ein kamerat sa. Eg veit ikkje kva som skal gjera det godt, berre at det blir det. Og da må eg så klart gjera mitt. Men eg skal flyta gjennom det på ei gyllen elv, sju år framover.....gange med tre.

Riktig godt nytt år. Ynskjer og deg ein god bit av dette gode nye året som 2015 blir.


11.12.2014 20:34

Her vil eg gje gode tips. Riktig gode tips. Eg har også sagt tidlegare at ein ikkje skal bruke ironi når ein skriv......


- Er du født med for mykje tid og har problem med korleis du skal bruka tida di, vil eg koma med ei del råd her. Du er sjølvsagt heilt fri til å ikkje høyra på råda mine.

Det kan være lurt å starta med ei utdaning du ikkje får jobb etter. For da kan du arbeida både med det du er utdana innan for deg sjølv, og ha eit arbeid ved sidan av som du tener pengar på.

Eg må med ein gong seia at råda mine går over mange år. Dette er ikkje gjort i ei handvending å bli god i.

For etter ei stund kan det henda du får lyst til etablera deg, da kan det vera lurt å satsa på nokon du kan skilja deg frå. Det er eit bra utgangspunkt. Er det i tillegg genmateriale innan syndromatikk er berre det positivt. For da blir det meste ikkje slik du trudde og det kan væra svært bra for tidsbruken. Det kan no henda at utdaninga kan få kvila på hylla, og er du heldig får du ikkje jobb. Det som er viktig er å stå på, blanda inn med dårleg samvit. Det gjer liksom susen.

Og gjorde du valet riktig med ekteskapet er vi no kome fram til separasjon. Ein riktig artig periode, om eg må seia det sjølv. For no kan du, om du vil, sjå etter nye menn. Dei er ikkje vorte betre og det er bra, for da kan du fortsette å ordne alt sjølv, noko som tek meir tid enn om ein er to. Og no må du sjå etter og få deg jobb. Det er kjempeartig å få jobbar som du ikkje treng utdaning til. For det er no du kan starta å betala attende studielånet for alle åra du studerte. Og med ein stad å bo og bil får du det riktig godt og trongt.

Økonomisk.

Og tida, den har fått lange føter å gå på. For det kan henda at det du arbeider med krev meir tid enn det du har tid til. Og du er faktisk i den heldige situasjonen at du ikkje har val. Tenk alt du slepp og ta høgde for, du får berre lov til å utføra det beste du er god til. Det som er fantastisk no er at du sluttar å væra god. Du blir i tillegg litt gløymsk, huskar ikkje kor nøklar og slikt er lagt. Og tenk all den deilege tida som går med til å leita. Leita etter alt du etter kvart ikkje finn. For det kan verta mykje.

Kanskje gløymer du rekningar, reiserekningar og mykje anna slikt snask. For da vert alt enno trongare. Og all den herlege tida ein kan bruka på å spekulera på løysningar. Kanskje ein får lov til å vakna tidleg om morgonen og tenke på akkurat det. Morgonstund har gull i munn som de veit. Og soloppgongar kan være gylne stunder. Om ein ikkje berre vil sova da. For det kan hende at du kjem dit at du verken vil legga deg eller stå opp. Her er det mykje som kan skje, kanskje treng du ikkje lengre tida til å utføre......kanskje tida går forbaska fort utan at du gjer noko.

Du må så klart rekna med at det blir enno trongar alt. Men noko må ein så klart ofra i dette fantastiske løpet.

Og alle dei herleg gamle bilane. Det som er så fint med gamle bilar er at dei treng reperasjon. Eg er så heldig at eg driv å baskar med to. Det vil seia den eine er fint parkert i ein garasje, veit ikkje om eg får den derifrå utan hjelp. Den andre, som eigentleg ikkje er min, men som kan bli min, har ei lang liste av ulumskheiter. Eigentleg har den skulla gjennom ein omfattande greie, men for å bruka tida har eg leita etter plass i min slanke økonomi. Men ned tenner som vil ha oppmerksomheit og enno litt slankare og velreidd pengepung må alt stillast i kø. Og husk, dess slankare desto meir vellukka.

Og....det som ikkje finnest finnest ikkje.

Slik får du lov til å vakna enno tidlegare, eller ikkje villa vakna. Svært spanande kva som skjer, korleis utfald det blir.

Det er her, altså om flaksen er riktig på rett plass, at du kan få fleire overraskingar. Kanskje du er så heldig at du får lov til å måla kreftene mot gigantar i den økonomiske verden. Slik in case....... Kanskje like før jul, berre som eit eksempel.  Da får du lov til og leve eit så fantastisk spanande liv som du ikkje veit kvar endar. Kanskje du til og med får lov til å flytta.

Tenk deg det, alle desse overraskingane?

Og på det tidspunktet her leitar du etter det meste, sjølv om ting har fast plass. Fordi du gløymer. Briller og kort og nøklar, du veit aldri kor dei neste gong dukkar opp. Kanskje startar du å rive ned og knuse. Har eg den koppen, eller har eg den, eller..........oooiiii der falt den i golvet. Litt slik tombola. Og alle veit at det er artig.

Ein vakker dag har du inga tid. Du har klart det!

Og som pynten på kaka kan det henda, at det vesle du har igjen av jobb med det vesle du klarar, at det skjer......for vi må huske på dei gamle bilane. Med dei skjer så mykje uforutsett at det er ei lukke.

Altså, denne vakre dagen etter og ha leita etter nøklar og briller, slik at tida blir lita og nett. Da kan det henda at bilen ikkje startar.

Så spanande!

Artig og kontakte naboane, endeleg, for samvær blir det litt lita tid til. Men da kan du ringa dei, om kanskje dei kan hjelpa?

Og livet spøker i veg med deg, ein riktig skøyarklump dette livet. For plutseleg startar bilen og du kan ringe både naboar og andre om at alt blir litt annleis enn kva du sa for litt sidan.

Så kan du glad og lykkeleg køyra i veg og prisa deg sjølv kor heldig du er som får oppleva alt dette. Medan rattet på bilen er å tungt at det mest ikkje kan dreiast. Og du skjøner at du er så heldig og ha fleire overraskingar på lur, men så klart less du som ingenting. Ein vil ikkje væra storforlangande og forventa overraskingar.

Og medan mørket senkar seg over desemberettermiddagen seier det liksom berre dunk i bilen og plutseleg står den heilt i ro. Tenk å få gå ut der i skyminga medan andre meir uheldige bilistar passerar. Bilistar med nye bilar som ikkje får oppleva alt dette som gjer livet så innhaldsrikt. Stå der ute, slepp og sveitta og må forandra alt nok ein gong. Det er da ein skjøner kor godt ein har lukkast.

Og medan du vinkar til bilen som forsvinn attom svingen på lasteplanet til ein kranbil, snur ein seg den andre vegen som i sakte kino, knepper saman den gule refleksvesten (som fantes der den skulle væra), og skravar inn i mørket og framtida mot nye overraskingar.

Men det har kravd mange år å koma hit. Og det har vore beinhard jobbing. Men eg må seia eg har lukkast svært godt med å greie og bruke opp tida mi på ingenting. Eg er riktig heldig.

Og den siste setninga var ikkje berre ironi (i tillegg til eit par til).




10.12.2014 19:40

Ikkje kan eg skryta av meg sjølv eller innsatsen min i dag. Men eg aksepterar situasjonen. Og det er bra.


Eg tenkjer. I mi boble fri for mjøl og sukker i dag. Det er glatt seier dei på radioen. Og eg kjenner eg er glad for eg ikkje er ute med bilen. Omnen har slokna, så eg må nok til med meir praktiske øvingar. For det går mot jul.

Ein gong trudde eg at alle menneskjer tenkte som meg. Forsto like mykje og like lite. Eg oversette mitt eige reaksjonsmønster og forventa det same attende. Men etter kvart har eg forstått meir. Eg har forstått at eg veit så lite. Og at ingen eigentleg forstår så mykje. Dei forstår berre ut i frå sitt perspektiv. Skadar dei utsett andre for er skadar dei sjølv har vorte påført.

For meir BforB

24.11.2014 18:48

Det er ein slik skikkeleg grå dag. Ein grå og ordentleg våt dag. Den kan ikkje verta meir grå dagen.


"Eg må ta bilete, det er så fine fargar", seier ho eg køyrer til bussen. Så fiksar ho opp mobilen. "Det grøne og oransje", seier ho forklarande der vi står og ser ut på ei falma myr med furuskog attom. Eg ser berre ein grå dag.

Jentene vart til i dag, no er dei reist attende til liva sine. Det har vore ei fin helg. Ei intens helg. Ei helg som gjekk fort. Vi har snakka i haug og dung. Dyra har hatt ei storveges helg, dei har vore kosa med til den store gullmedalje. Alle dyra var inne, med mattankane sine. Gjekk ein over golvet var det i fare for og tråkke på ein hale. Dyra tok i mot all kosen dei fekk. Og all maten. Eg var mest stressa over alt. Det vart mest for livleg.

For meir BforB


14.11.2014 21:59

Ha, ha, syntest denne overskrifta var artig, riktig tørrvittig. Men eg inviterer på tur gjennom nokre bilete.


Eg måtte prøve meg ein tur ut att i dag. Tur ned til sjøen. Det er eit lite stykke å gå. Saken er at det er arbeidd opp ein veg for nokre år sida, og den held på å gro att.

Så derfor tok eg med meg ei greinsaks på tur. Tenk det.

Eg blir heilt borte i alt dette vakre som er i naturen, graset som er vaska strigla av sjøen.

Fleire bilete frå turen finn du her BforB

09.11.2014 21:12


Veker og helger passerer. Eg sit i den kvite stolen min og skriv. Av og til. Men meste av  tida gjer eg andre ting eller ingen ting.


Så er helga over. Før det vart heile veka også over. Tid. Tid og tid. Den raser gjennom tilvære om eit hurtigtog. I dag har vi feira farsdag. Vi var i Mjosundet og feira far min, jentene mine og søstera mi. Mor og far serverte bacalao, og seinare vart det kaffi og farsdagskake. Eg tok med meg ein dessert eg fann oppskrift på bak på semulegrynspakken. Den syntes eg ikkje noko om. Den vart for godt steikt, sikkert betre med mindre steiketid. Eg hadde også med ei kake eg starta på for sist veke. Eg måtte frysa den ned for den tok for lang tid å laga. Den fann eg på bloggen her. Kaka syntest vi var god. Men eg vil tilrå god tid om du vil bake den.

Jentene har vore heime. Kjempekoseleg. Mellomste kom heim på torsdagskvelden, ho hadde jobb og gjera. Det er greitt for å spe på studielånet. Yngste kom ikkje heim før laurdag. Fredagen hadde ho jobb ho også. I tillegg hadde eit radioprogram ho og tre til i klassen hennar har laga premiere. Neste sending er neste fredag. Legger link til facbooksida dei har oppretta.

Veka som har gått har vore krevjande. Bilar som må reparerast og tenner som ikkje roar seg. Ein morgon vakna eg i otta, da dura tankane rundt som pingpong ballar. Eg måtte til og aksjonere. Så vart det tannlege igjen, eg  var hovna opp til like under auget. Så no er i gong med rotfylling av ei tann og antibiotika. Eg skal også rotfylle ei til. Kjenner eg er litt redusert av alt dette styret, men det går over. Alt blir historie.

I går natt såg vi noko rart. Over fjellet, på andre sidan av fjorden, var himmelen oransje som om månen kom opp. Men månen var ein helt annan plass. Og det som var aller rarast var at lyset blafra som om det loga flammar der attom synsvidda. Av og til forsvann mest farga og så slo den seg på. Var akkurat som ein puls. Eg har leita på nett for å finne ut kva vi såg, men har ikkje funne noko svar.

Søndagskvelden skal nytast framom tv apparatet. Både der ingen skulle tru nokon kunne bu, programmet om døden og Downton Abbey skal fortærast, saman med ein kopp kaffi med noko attåt.


04.11.2014 15:35


Nokre gong er ein for snar. Det skal være bra å være effektiv. I dag gjorde eg eit bra forsøk, og no skal eg fortelje korleis det gjekk pluss litt til.


Og da vil eg starta for ei stund sidan. Da eg fekk gjort slikt eg skulle ha gjort lenge. Eg tømde ei bu som var breddfull. Eg fann og fann. Det var mykje som hadde vore gjømt lenge. Noko for lenge og kunne kastast. Da eg kom heilt til botn fann eg ein duk, ein lang, kvit damask duk. Først skjønte eg ikkje-, eg hugsa ikkje-, duken var borte frå minnet. Men blant frynsa minner dukka loftstua med det lange bordet opp. Eg kjøpte ein gong ein duk for å dekke opp til dei fine selskap der. Det er sakt det ein ikkje saknar etter ei stund er ting ein ikke treng. Men eg var glad for funnet og følte eg trong den da eg skjønte eg hadde ein slik duk.

I går trong eg den. Foreldra mine hadde bryllaupsdag og søster mi og eg fann ut at vi skulle gjera stas på dagen og bad dei. Og når nokon hadde vore gift i 58 år passar det med kvit damask. Eg bretta duken dobbel. Dekte på med kvite stoffserviettar, talgljos og roser. Vi kosa oss. Maten var eit samarbeid, klippfisk med bacon, mandelpotet, baka rotgrønsaker og plommer koka i krydderlake med piska krem til dessert. Og heldigvis fann ikkje raudbeter vegen ned på duken. Men eg fann likevel ut eg skulle vaska duken i dag saman med serviettane. Eg måtte kreke meg i rundt, for ryggen hadde plutseleg bestemt seg for å verta uvennar med meg. Derfor var det bra med puslesysler. Rydda etter gårdagen, skifta talgljos, sette inn  oppvaskemaskina...slikt, til ryggen fekk mjuka seg opp. Kjente forresten i går at kroppen var i ulage. Eg pusla meg bestemt og målretta ut av stivheita. Fornøgd med meg sjølv.

Så hyver eg duk og serviettar inn i vaskemaskina, har på vaskemiddel for kvite klede og sett maskina på seksti grader. Da den er ferdig får eg meg ein overrasking. I maskina ligg også mørke klede. Og da hugsar eg det. Eg la ein tretti graders vask i maskina som ikkje har vorte vaska. Ein mørk tretti graders vask. Og eg anar kanskje eit blåskjer i duken, og om kleda er brukbar etter denne handsaminga, ja det gjenstår å sjå. Eg var nok rett og slett for effektiv i dag og med den hugsen er det nok ein dårleg kombinasjon. Det var den historia. Ikkje fullt så fornøgd med meg sjølv.

Og konklusjonen.........ja den må vera at enten må ein ikkje vera effektiv, eller så må ein hugse.

BforB

02.11.2014 12:25


Kva om ein kunne greie å gjete tankane? Få dei til å gå der det var best å gå. Og så innimellom slå dei av.....


Det brenn på omnen. Det er kaffi i koppen. Jau, her skulle alt ha vore berre bra. Men eg er så inn i hampen lat......eller sliten, det siste høyres mykje betre ut. Mest som eg ikkje orkar løfte kaffikoppen ein gong. Eg sa mest....., for eg greier da det. Og kanskje greier eg enno litt meir. Slik i all alminnelegheit.

Hadde eit besøk hos legen her om dagen. Legen sa eg ikkje skulle tenkje på at eg var sliten, for det var det som gjorde meg det. Så no skal eg forsøkje å ikkje tenkje på akkurat det. Eg skal tenkje på det å ikkje tenke, tenkjer eg. Tankane er eigentleg noko svært interessant. Kva for kraft det er i tankane? Lett oss seie at eg blir sliten av å tenke på at eg er sliten......da har eg lukkast svært bra med den tanken, om enn ufrivilleg.

Riktig så enkelt er det nok ikkje. Men tankane har nok ei mykje større kraft på oss enn kva vi tenkjer over. For når vi har tenkt ein tanke har vi liksom laga ein sti i hjernen, slik at det er mykje lettare å "gå opp igjen" den tanken etterpå, har eg lest. Vi lagar mønster med tankane våre. Mønster som vi tek opp og opp igjen. Har vi bruka krafta i dette bevisst, har nok det vore ei stor hjelp for oss.

Da barna var mindre brukte eg ei forteljing som illustrasjon. For å bryte tankemønster hos dei. Tankemønster som gjekk på korleis ein trudde andre tenkte og reagerte. Historia handla om mannen som skulle henge opp et bilete i leilegheita si, men så fann han ikkje hammaren. Så tenkte han at han fekk høyra med naboen. Men så tenkte han vidare at kanskje naboen ikkje ville låna han hammaren sin. Dette grubla han på ei lang stund. Til slutt var mannen fryktelig sint på naboen etter alt han hadde funne ut i tankane, så han gjekk og ringte på til naboen og ropte ut "BERRE HA DEN DUMME HAMMAREN DIN SJØLV DU".

Historia er komisk, og vi kan le av den. Men eigentleg kan den førast over til mange situasjonar. Vi tenkjer, vi finn ut og reagerer etter det. Det er lett å dra feil konklusjonar. Og det startar med tanken. "Det er nok slik" tenkjer vi. "Dei gjer det nok på grunn av det." Og så er vi i gong. Av ein eller annan grunn trur ein oftast noko negativ. Eg trur at tanken er negativ fordi vi i utgangspunktet er negative til oss sjølve. "Eg greier nok ikkje det," tenkjer vi. Så må vi overbevise andre om at vi er betre enn kva vi sjølv føler vi er. Derfor gjev vi verken oss sjølve eller andre plass. Vil lagar livet til eit strengt regime der vi set opp gjerde av mistru. Ei lita mistru er nok.

Eg vart mykje oppdratt i ljoset av "dei andre". Desse "andre" var ei homogen gruppe med ein felles tanke og eit bra verktøy til å få meg til å lystre. Etter kvart har eg forstått mangfaldet og at den homogene gruppa ikkje finnest. Men gjennom og tilpasse oss andre vil vi få innprenta mange negative tankar om oss sjølv. Eg husker ein gong eg ville narra ein leikekamerat. Eg hadde funne ein firkanta trebit på storleik med ein karamell, og eg hadde papir. "Ver så god" sa eg til leikekameraten og ga han "karamellen" og gledde meg frydefullt til overraskinga når han opna. For å overraske var artig. Eg vart strengt sett på plass av mor mi, for å skuffa nokon slik skulle ein ikkje. Eg hadde ikkje tenkt gjennom at nokon kunne bli lei seg. Gjennom lærdomen av å ta omsyn må ein tone ned seg sjølv.

I denne prosessen kan det oppstå mykje i tankeverda vår, av vår verdi og at vi kan få ei føling med at vi ikkje er bra nok. I episoden med karamellen skjønte eg kvifor eg ikkje skulle gjera slik og gjorde det aldri igjen.  For å gjera folk lei seg ville eg ikkje. Men i andre tilfelle kan det slå uheldigare ut. "Sjå på nabojenta kor dyktig ho er til å rydde rommet sitt, ho er dyktig ho."

Men det å få tankane til å arbeide fritt og positivt for oss er ei utfordring. Det å forstå at folk svært skjeldent gjer noko for å være slemme, dei vi berre ha ein god plass i livet. Alle vil gjerne stå i "sola" og være den flinke jenta som "ryddar rommet" sitt bra.

Eg trur at i utgangspunktet vil folk det beste og uansett gjer dei det beste. Det beste ut frå sitt nivå. Og det er så mykje vi ikkje styrer. Vi har liten påverknad om vi blir lang eller kort, om vi er musikalsk eller matematiske geniar. Men alle gjer vi vårt beste ut i frå det vi har fått utlevert både av evner og vilje. Det kan hende vi til og med skriv med venstrehanda, noko som heldigvis har vore lov til i årevis. Men vi gjer forskjelleg, høgrehanda er ikkje meir riktig å skriva med enn venstre handa.  Det finnest mange både "høgre" og "venstre" hender, like riktig og viktig. Og å få den posetive responsen på den vi er, det er viktig. Da blir vi til og med kanskje betre.....

I vår tid skal vi helst være perfekt. På alle områder skal vi være "perfekte".  Vi skal ha eit bra ytre i ein tynn kropp, perfekt familie og heim, vi skal ha karriere, trene og stå på med dugnader, og det skal helst ikkje visast at vi har det travelt.  På åtti-tallet fikk vi i alle fall lov til å være stressa, for da skjønte folk at avtalebøkene var fulle. Og slikt var viktig, da. Slik styrer vi i veg i liva våre.

Og så brukar vi ofte tankane for å helde oss sjølve nede og gjennom det forsøker vi å helda andre nede. For dei finnest nok ikkje dei som er perfekte verken i går eller i dag. Og korleis står det til med tankane og refleksjonane innom dette skalet? Enn og øve seg opp tilå gje kvarandre litt meir plass...? Tenkjer eg ein dag eg ikkje skal tenkje. Er det rart eg blir sliten med resultat av latskap av og tenkje.  Så no skal eg slutte å tenkje på at eg er sliten og heller gjere noko tankelaust.


1 | 2 | 3 | 4 | 5 >>

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no