Det gamle og det nye

31.12.2014 14:54


Året lakkar og eg takkar for enda eit år. Desse åra går så fort og til slutt bles dei livet bort. Men enno er alt att som er att.


No tek det gamle året det nye i handa. Det gamle går over i historia og det nye er ubruka. Dette året som straks går ut av kalenderen har hatt sitt innhald. Aust gode og strevsame opplevingar over dagane. Eg ser attende og ser eg står på føtene.

Fjoråret starta med ei kviskring om kjærleiken, men det var ein aprilsnar allreie i januar. Månaden viste bar mark slik at turar ute i naturen var lettføtt.

Februar starta brått og vått. Ein lekkasje som kom til å prega heile året. Takstmann og avklaring av skadeomfanget prega heile månaden. Ein rotete periode starta. Først denne emne eimen av fukt, som busette seg som ein hovudverk. Avklaringa tok tid.

I slutten av mars var omfanget klart og eg valte å ta ansvaret for utbetringa sjølv. For når først det var så gale måtte det brukast positiv. Fekk ordna med lån, riving av vegger og nytt kjøken. På starten av månaden fylte yngste 17 år. Mellomste og eg reiste til Kristiansund for å feira ho med bilen full av ballongar. Vi henta ho på skolen der ho går media og kommunikasjon. Ei retning som passar som hand i hanske trur eg.

April var nydeleg. Trea  sto med grøne knuppar tidleg. Arbeidet med å bygge opp att etter skadane var godt i gong. Kjøkenet var endeleg bestemt og mellomst reiste bort for drøymen og verda. Å vinka til henne da ho forsvann inn til passkontrollen på Gardemoen var spesiell.

I mai kom kjøkenet, men alt var ikkje heilt som det skulle, akkurat som det skulle.  Mai gjekk raskt, med vaiande flagg og jubel over den vakre vårmånaden med dei irgrøne fargane.

I juni var det meste bygd opp, og etter månader med kaos kunne skuffer tømmast og koppar og bestikk få ny heim innom nye - nei, ikkje skåp, men skuffer. Eg trur ikkje vi feira jonsok, i alle fall hugsar eg det ikkje. Og på slutten av månaden pakka yngste og eg kofferten og reiste sørover.

Juli starta under Californias sol. Vi fekk feira 4. juli og eg fekk oppleva at Amerika ikkje var fullt så ille som eg hadde trudd. Til tross for at ein slik tur var alt for slitsam for min tappa tilstand, angra eg ikkje. Og da vi sat på fly attende til Noreg yngste og eg på eit, og mellomste på eit anna fly, da spruta tårene slik at eg trudde dei ingen ende ville ta. Den mellomste hadde kome omtrentleg velberga frå si tre månader reise på eiga hand i Sør Amerika.

Heime var det feiring av opp til fleire fødselsdagar og så kom krav frå forsikringsselskapet om at mest heile forsikringssummen skulle betalast attende. Fordi selskapet til taksmannen hadde sendt rekning på det. Elles gjekk eg med konstant hovudpine og måtte putte på med smertestillande. Den vart ikkje betre etter dette kravet.

August gjekk utan svar på brevet mitt sendt til forsikringsselskapet, berre utsending av nytt krav. Min eldste fylte 23 år, og for første gong var eg ikkje med å feira. Han feira saman med sin nye, søte kjæraste. Han hadde flytta frå Kolbotnen til Lillestrøm og jobba framleis med sal. Mellomste flytta til Trondheim der vi fann ein grei hybel og ho starta med eit studie ho hadde valt halvhjerta. Yngste flytta attende til Kristiansund og fortsette sitt der. Boffen, kattene og eg vart overlet til oss sjølve igjen. Sjukemeldingsprosenten min hadde minka litt, men alt for lite. Hovudpina var like intens.

September kom og endeleg var det oppretta dialog med forsikringsselskapet. Mellomste hamna på sjukehus fordi eine foten hennar fekk eit blomande utbrot. Av sår. Skikkeleg ekkelt var det. Og usikkerheita fekk bu blant oss ei stund. Det gjekk vekevis før utbrotet roa seg og vi fekk eit slags svar. Eg leita i papir for å visa kva for utgifter eg hadde hatt overfor forsikringsselskap,  ingen enkel affære for nokon som slit med konsentrasjonen. Men eg hadde såpass overskot at eg bestemte at dette måtte løysast og eg skulle ikkje ramla saman. Fann ut at eg måtte få meg ein tannlegetime.

Oktober og eit år sidan sjukemeldinga starta. Mykje papir og mykje ordning. Eg var sjukemeld 60% og skulle over på noko som heite AAP. Kravlar og strevar. Tenner og tannlege. Hovudpina forsvinn delvis. Oppdagar at mest alle dei 15 kilo som eg hadde fått bort i vår var komen attende. Planar om å reise bort, noko ferie igjen - men alt for lite krefter til slikt.

November og planlegging av jul. Ville samla mine rundt meg som tidligare og klar over at det kan bli ei utfordring. Men gler meg likevel. Får svar frå forsikringsselskapet der dei har halvert kravet sitt. Likevel synest eg dette ikkje heng på grep og skriv attende. Dagane går i eitt, mykje køyring og mykje kaving sjølv om eg prøver å unngå det. Tenner og antibiotika. Rotfylling.

Desember. Feiring av 21 år av mellomste. Vi feira dagen heime. Baking og mjøl. Vart mykje mat til frukostbordet. Det var viktig. Rotet på utsida av huset måtte eg berre kapitulera for. Jula ringte inn og huset fullt av folk og mat. Det var svært hyggeleg. Svært, svært hyggeleg. Tv'n vart ikkje skrua på fordi folk snakka saman. Det var også nokså arbeidskrevjande for konsentrasjonen, denne konsentrasjonen.... Så tømdes det igjen, folk reiste. Eg skriv forsett med forsikringsselskapet. Siste dag i året hadde eg frist til å fortelja korleis eg skal løyse det dei meinar eg skal. Eg er ueinig, så da er det vel snart inga råd enn og henta inn folk utanfrå. Men ein ting har eg bestemt, da sola snudde for gangen mot ljosare dagar fann eg at eg ville slå følgje. Eg og vil ha det ljosare. Etter dei sju magre, kjem dei sju gode. Der er eg.


Det nye året står framom. Snart vil det banka på døra og eg vil ynskje det velkomen. For dette skal bli eit godt år, eit riktig godt år. Som stryk meg med håra, som ein kamerat sa. Eg veit ikkje kva som skal gjera det godt, berre at det blir det. Og da må eg så klart gjera mitt. Men eg skal flyta gjennom det på ei gyllen elv, sju år framover.....gange med tre.

Riktig godt nytt år. Ynskjer og deg ein god bit av dette gode nye året som 2015 blir.


Tema: Det gamle og det nye

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no