Far sin dag

09.11.2015 01:01


Eg vil fortelja om far. Dette er ein riktig dag til slikt.....sjølv om farsdagen var i går.

Han er født i 1924, som er nokre år sidan. Og sjølv om kroppen har vorte skrøpeleg etter alle desse år, så er hovudet friskt. Med både humor, refleksjonar og husk. Til og med augo verkar betre enn hos dei som har mykje kortare fartstid på denne jorda.

Han var født som fjerdemann. Noko som den eldste systera syntest var i overkant mange. Så ho tok resolutt dei yngre syskena med seg på eit forsøk om å skremme denne karen attende og bort. Det gjorde dei med å sota seg til. Som vi forstår hjelpte ikkje dette stuntet. Og syskenflokken, som etter kvart vart fem, vart ein samansveisa gjeng.

Farbor Jarle, far, faster Gudlaug, farbror Sverre og faster Bergljot

Far fekk veksa opp på ein gard der dei hadde mat og foreldre som var glade i borna sine. Men arbeide måtte dei. Og far var ikkje av dei som var redd for arbeid. Noko som førte til at han fekk positive reaksjonar på seg sjølv. Ein god start på eit liv.

Han fekk vera med på gjeting av kyr og geiter på Bakksetra. Mykje saman med søster si Gudlaug, som var to år eldre. Desse dagane på setra var eit avbrekk han set pris på.

Når sommaren nærma seg, flytta dei først til eldhuset. Der folka nede på garden budde gjennom sommaren. Det vart både for enklare hushald og for det var skikken. Men dei sov inne i hovudhuset.   

Den 11. juni var seterdag. Da reiste dei som skulle ta den drifta innover. Turen opp til Bakksetra tok over ein time. Turen att og fram dit måtte stort sett takast dagleg. Noko av det som måtte ned var geitosten. Dei hadde margarinkassar som det var festa taug i slik at dei kunne hengast på eit bøltre. Kassane vart lasta opp med geitost på to kilo kvar. Fire i kvar kasse. Med to kassar vart det seksten kilo som vart frakta ned til bygda. Ein måtte og væra med på onnarbeidet på garden.

Men det var og leik med bading i elva og vatnet når vêret tillet det. Og ikkje minst fisking med lange bambusstenger.

Det vart laga gjetarlister, for gjetinga gjekk på omgang. Ein gong det var eit kaldt og ufyseleg vêr kom mor deira innover dit far og Gudlaug hadde søkt ly for regnet, med pledd for å verma ungane sine.

Inga født Åsgard, gift Bakk, farmor, og far si mor

Far var svært glad i mor si. Så minnet frå den vinteren da han vart liggande sjuk, og mora sto i døra og tok farvel, er eit svært sårt minne. Ho ville ikkje klemma guten sin fordi ho var redd ho kunne smitta han. Ho sto på farten for å reise bort for behandling av tuberkulose. Far var åtte år.

To år etter vart ho erklært frisk og skulle komme heim. Ho kom heim i ei kiste. Tuberkulosen tok ho att. Far sprang ned til sjøen for å møta båten og mor si i kista.

Og å følgja mora til grava som tiåring er ei hending som prega far.

Syskena fekk tidleg oppgåver for at alt skulle gå. Faren fortset drifta på garden saman med ungane og tenestefolk som var hyra inn.

Ein gong far var rundt fjortenårs alderen og var saman med nokre andre karar på notnaustet, fekk dei sjå sild inne på bukta. Far sprang for å varsku Olaonkel som bodde oppe i Bakkan. Han fekk vera med å ro ut for å stenge silda inn. Dette silstenget fekk og far vera med å dela lotten av. Han meiner å huske at det var ein stor sum. For noko av desse pengane kjøpte han seg konfirmasjonsdress. Ein dress på trettitalet tilsvara omtrentleg ei månadsløn. Men trøyt var han dagen etter på skulen, for mykje av natta gjekk med til arbeidet.

Da krigen braut ut var han dreng på Kuli utanføre Smøla. Der arbeidde han i periodar over seks år. Han var med på å samla saman vrakgods medan bombeflya dundra like over havflata og hovuda fortel han.

Da far fylte 23 år døyde faren. Familien hadde ei svakheit og det var hjarta. Bestefaren døydde også like brått fordi hjarta ikkje ville meir.

Da gjorde far det faren ikkje ville han skulle, han fekk seg hyre på ein båt. I fleire år var arbeidsplassen hans havet. Grønlandsfiske deltok han i blant anna. Følgjer du linken her kan du lese om det fisket.

Bilete frå tida på Kystskipperskulen

Han fekk spara seg saman nok pengar til at han på slutten av tjueåra tok skippereksamen. Det var da han møtte mor. Dei likte kvarandre så godt at dei fann nokså fort ut at dei ville dela livet saman.

Eit val som førte far ut i nytt farvatn. For mor vaks opp med eit båtbyggjeri som verkelegheit, og far hennar hadde idear å setja ut i livet. Noko som resulterte til bygging av ein båt for å visa at ideen heldt vatn. Ein båt som far vart førar av til ryggen slo seg vrang på starten av seksti talet. Noko som etter kvart førte far sin arbeidsdag attende til landjorda. Han hadde hovud for tal, som det heiter, og resten av det yrkesaktive livet fekk han leve saman med- og ha ansvaret for tala og økonomien i familiefirmaet han var gifta inn i. Og det gjekk eigentelg svært greitt det.

Båten morfar bygde slik den såg ut dei siste åra den fekk lov å flyta på sjøen

Far er ikkje av dei som er født med mest tolmod. Han sette i gong med det han såg for seg, to hus fekk han bygd opp og grunnmuren til ei dokkestove. Og det kunne ta litt tid før siste spikaren var slege i, for pirkete er ikkje far.

På slutten av sekstitalet var det vorte ferje til Ertvågsøya, noko som resulterte i sertifikat og bil.

Og sommarferiar på hjul. Sommarens høgdepunkt.

Med opplevingar og ein far full av påfunn. Slik som den gongen han stoppa og rygga attende til nokre haikarar, som glad kom småspringande med sekkane sine bort til bilen. Og far rulla ned vindauga, med mor i forsetet og tre dotere sitjande i baksetet, og så sa han: "vi har diverre ikkje plass".

I sin eigen form for humor kunne han gjere ei som snart var tenåring nokså flau.

Frå 50 års dagen til mor

Seinare vart mor og far i leine etter kvart som vi tre jentene flytta ut. Da var det ei tid med turar i skog og mark. I fjellet og på sjøen. Og så kom barnebarn og dei fekk mange å vitja. Og så kjøpte han seg gard. Heimgarden. For han hadde så lyst til å hjelpe til at tinga gjekk slik dei var tenkt. Var tanken.

På vitjing på Moe, her med einaste gutongen av dei seks  barnebarna, han med Kanutten i hendene

Barnebarna var nokså små enno da fingrane til far starta å svikta. Når vi var på vitjing hjelpte dei til å knappa dei små knappane på skjorta. Etter kvart fekk han meir og meir problem med motorikken. Glas velta lett ved måltida. Så starta kjensla under føtene å svikta. Han hadde fått noko som heiter nevropati.

Det har etter kvart vore mykje fall. To ting har vist seg; han kan å falle og han har sterke bein. Men ein del plastring etter kuttskadar og tørking av blod er det. Det som ein kan beundra er humøret han beheld i dette. Det held sjølv om hendene og føtene sviktar.

Han har vore vant til å vera eit fritt menneskje og klara seg sjølv. Så da sertifikatet vart inndrege da han var 89 år opplevde han det som ei kraftig inngripande. Han vart ikkje så glad i legar og samfunnet etter dette, for han følte at det å verta eldre ikkje var tolerert. Og at mulegheita til å koma seg i butikken vart så avhengig av andre. Dette vil han gjerne diskutera framleis.

Elles stavar han seg gjennom dagen sin. Han har ting og ordna i, gamle papir og ved som skal bærast opp. PC er det lenge sidan han skaffa seg. Nettbanken brukar han, men det er ikkje altid motorikken og kid-nummer samarbeider. Tv er og noko å bruka tid på med klave på hovudet. Hørselen har ikkje tålt åra.

Atlaset liker han godt å reisa i, kart har alltid interessert han, og verdsrommet.

I dag er lesinga redusert til avis og boka "Kvardag, kamp og kreativitet" av Per Eilert Orten om noko av Aure si historia. Dei siste bøkene han pløgde gjennom var 70 bøker av serien Sønnavind. Han oppdaga at han fekk hovudpine av lesinga.

Da han gifta seg hadde han namnet klart om dei fekk ei jente. Han hadde lese bøkene til Olav Gullvåg om ein person full av gode eigenskaper som heite Ingvild. Og slik vart det, jenta fekk nament ho hadde fått tildelt før ho var påtenkt.

"Er det greitt eg legg ut dette på blogg" spør eg.

"Ja, om du kan lova ingen les-" seier far min.

Og det lova eg så klart.


Tema: Far sin dag

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no