Og alt går sin gong

30.03.2014 20:17

Vi må følgje pulsen til livet. Vi må være med i det som skjer. Vi må leve alle minutt og det vi får lagt framom oss. Vi berre må det.

Ei helg er snart over. Sola skin enno gjennom vindauget mitt takka væra flyttinga av klokketida. Eg trur at det er enno er lenge til kveld, men veit at det ikkje stemmer. Kjenner kvelden har eit vemodig strøk. Jentene mine har reist etter helga. Ho midt i mellom vil det nok bli ei stund til kjem gåande opp vegen til huset, ei stund til legg seg i senga si, ei  stund til......

Ei frykteleg lang stund til.

Ei stund som rekk over tre månader.

Ei stund der eg er den som sit heime og ventar, ei stund der fantasien har fritt spelerom, ei stund der eg vil kjenne kva det er å væra så inn i hampen glad i nokon som eg ikkje når slik rett fram.

Men enno er det nokre dagar att. Det er mest to veker til flyet lettar som tek henne vekk over grenser og kontinent. Begge jentene mine hadde periodar med raudkanta augo i dag, fordi dei veit. Dei veit at tida for avstand større enn kva ein vil tenkje over snart er der. I dag åt vi middag saman med besteforeldra og ho som skal reise fekk sagt ha det bra til dei. Dei og veit.

Ein må berre lita på alt som er godt. Lita på alt som er bra. Ein må det.

I morgon startar ei anna tid for meg, tida for å bygge opp att tilvære her. Reparere, multiplisere, dividere.... Dei skadde romma i huset skal få attende funksjonane sine etter kvart. I morgon tidleg skal eg opp og ut for å starta innhaustinga av materiell. Eg har både privat kontorarbeid og avtalar som må gjerast. Men det er godt og ha kome fram til nokre avgjeringar. Enno er det mange å ta. Men frå i morgon startar hammarslaga.

Og ute, ute fossar våren fram med sol og fuglekvitter. For nokre dagar sidan stakk dette underet opp frå løk eg planta i haust.

Det er ei slik glede å sjå. Eg er så spent og tek nokre turar rundt i dette som skal væra ein hage, kva kjem opp? Eg gler meg over det og prøver å oversjå alt som skulle vore annleis av kvist og kvast.

Tida framover er fin om ein ser bort frå frykta for det ein ikkje veit. For sjølv om ein aldri veit noko framom seg vert det så tydeleg når nokon av det kjæraste ein har reiser ut og veit for lite etter det ei mor meiner.

Og så går sola ned medan vindauga tek i mot ljoset frå ein dag som går over i kveld.


Tema: Og alt går sin gong

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no