Tanketomt eller tankefullt?

02.11.2014 12:25


Kva om ein kunne greie å gjete tankane? Få dei til å gå der det var best å gå. Og så innimellom slå dei av.....


Det brenn på omnen. Det er kaffi i koppen. Jau, her skulle alt ha vore berre bra. Men eg er så inn i hampen lat......eller sliten, det siste høyres mykje betre ut. Mest som eg ikkje orkar løfte kaffikoppen ein gong. Eg sa mest....., for eg greier da det. Og kanskje greier eg enno litt meir. Slik i all alminnelegheit.

Hadde eit besøk hos legen her om dagen. Legen sa eg ikkje skulle tenkje på at eg var sliten, for det var det som gjorde meg det. Så no skal eg forsøkje å ikkje tenkje på akkurat det. Eg skal tenkje på det å ikkje tenke, tenkjer eg. Tankane er eigentleg noko svært interessant. Kva for kraft det er i tankane? Lett oss seie at eg blir sliten av å tenke på at eg er sliten......da har eg lukkast svært bra med den tanken, om enn ufrivilleg.

Riktig så enkelt er det nok ikkje. Men tankane har nok ei mykje større kraft på oss enn kva vi tenkjer over. For når vi har tenkt ein tanke har vi liksom laga ein sti i hjernen, slik at det er mykje lettare å "gå opp igjen" den tanken etterpå, har eg lest. Vi lagar mønster med tankane våre. Mønster som vi tek opp og opp igjen. Har vi bruka krafta i dette bevisst, har nok det vore ei stor hjelp for oss.

Da barna var mindre brukte eg ei forteljing som illustrasjon. For å bryte tankemønster hos dei. Tankemønster som gjekk på korleis ein trudde andre tenkte og reagerte. Historia handla om mannen som skulle henge opp et bilete i leilegheita si, men så fann han ikkje hammaren. Så tenkte han at han fekk høyra med naboen. Men så tenkte han vidare at kanskje naboen ikkje ville låna han hammaren sin. Dette grubla han på ei lang stund. Til slutt var mannen fryktelig sint på naboen etter alt han hadde funne ut i tankane, så han gjekk og ringte på til naboen og ropte ut "BERRE HA DEN DUMME HAMMAREN DIN SJØLV DU".

Historia er komisk, og vi kan le av den. Men eigentleg kan den førast over til mange situasjonar. Vi tenkjer, vi finn ut og reagerer etter det. Det er lett å dra feil konklusjonar. Og det startar med tanken. "Det er nok slik" tenkjer vi. "Dei gjer det nok på grunn av det." Og så er vi i gong. Av ein eller annan grunn trur ein oftast noko negativ. Eg trur at tanken er negativ fordi vi i utgangspunktet er negative til oss sjølve. "Eg greier nok ikkje det," tenkjer vi. Så må vi overbevise andre om at vi er betre enn kva vi sjølv føler vi er. Derfor gjev vi verken oss sjølve eller andre plass. Vil lagar livet til eit strengt regime der vi set opp gjerde av mistru. Ei lita mistru er nok.

Eg vart mykje oppdratt i ljoset av "dei andre". Desse "andre" var ei homogen gruppe med ein felles tanke og eit bra verktøy til å få meg til å lystre. Etter kvart har eg forstått mangfaldet og at den homogene gruppa ikkje finnest. Men gjennom og tilpasse oss andre vil vi få innprenta mange negative tankar om oss sjølv. Eg husker ein gong eg ville narra ein leikekamerat. Eg hadde funne ein firkanta trebit på storleik med ein karamell, og eg hadde papir. "Ver så god" sa eg til leikekameraten og ga han "karamellen" og gledde meg frydefullt til overraskinga når han opna. For å overraske var artig. Eg vart strengt sett på plass av mor mi, for å skuffa nokon slik skulle ein ikkje. Eg hadde ikkje tenkt gjennom at nokon kunne bli lei seg. Gjennom lærdomen av å ta omsyn må ein tone ned seg sjølv.

I denne prosessen kan det oppstå mykje i tankeverda vår, av vår verdi og at vi kan få ei føling med at vi ikkje er bra nok. I episoden med karamellen skjønte eg kvifor eg ikkje skulle gjera slik og gjorde det aldri igjen.  For å gjera folk lei seg ville eg ikkje. Men i andre tilfelle kan det slå uheldigare ut. "Sjå på nabojenta kor dyktig ho er til å rydde rommet sitt, ho er dyktig ho."

Men det å få tankane til å arbeide fritt og positivt for oss er ei utfordring. Det å forstå at folk svært skjeldent gjer noko for å være slemme, dei vi berre ha ein god plass i livet. Alle vil gjerne stå i "sola" og være den flinke jenta som "ryddar rommet" sitt bra.

Eg trur at i utgangspunktet vil folk det beste og uansett gjer dei det beste. Det beste ut frå sitt nivå. Og det er så mykje vi ikkje styrer. Vi har liten påverknad om vi blir lang eller kort, om vi er musikalsk eller matematiske geniar. Men alle gjer vi vårt beste ut i frå det vi har fått utlevert både av evner og vilje. Det kan hende vi til og med skriv med venstrehanda, noko som heldigvis har vore lov til i årevis. Men vi gjer forskjelleg, høgrehanda er ikkje meir riktig å skriva med enn venstre handa.  Det finnest mange både "høgre" og "venstre" hender, like riktig og viktig. Og å få den posetive responsen på den vi er, det er viktig. Da blir vi til og med kanskje betre.....

I vår tid skal vi helst være perfekt. På alle områder skal vi være "perfekte".  Vi skal ha eit bra ytre i ein tynn kropp, perfekt familie og heim, vi skal ha karriere, trene og stå på med dugnader, og det skal helst ikkje visast at vi har det travelt.  På åtti-tallet fikk vi i alle fall lov til å være stressa, for da skjønte folk at avtalebøkene var fulle. Og slikt var viktig, da. Slik styrer vi i veg i liva våre.

Og så brukar vi ofte tankane for å helde oss sjølve nede og gjennom det forsøker vi å helda andre nede. For dei finnest nok ikkje dei som er perfekte verken i går eller i dag. Og korleis står det til med tankane og refleksjonane innom dette skalet? Enn og øve seg opp tilå gje kvarandre litt meir plass...? Tenkjer eg ein dag eg ikkje skal tenkje. Er det rart eg blir sliten med resultat av latskap av og tenkje.  Så no skal eg slutte å tenkje på at eg er sliten og heller gjere noko tankelaust.


Tema: Tanketomt eller tankefullt?

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no