Blogg

28.10.2014 12:31

Held noko på å skje i ungdomskulturen når vi snakkar utdanning? Held vi på og få eit skilje? Dei som tek utdaning og dei som droppar ut? Er det økonomisk tufta? Handlar det om evner eller resignasjon? Kva er det som skjer? Eg trudde at "alle" ville ta utdaning i dag.


Tankane har sine vegar. Kva kjem vi i frå, kor er vi og kvar går vi? Det er eit stor spørsmål, så det kjem for oftast i bolkar. Korleis er det med dei som er unge, tenkte eg her om dagen i mi vesle flik av verda, av livet. For eigentleg veit eg alt for lite, eg sit berre på min vesle tuve med mine tankar. Korleis er det eigentleg med utdaninga, tenkte eg.

I dag skriv eg ikkje meir her om dette temaet, ikkje her. Men vil du lesa meir om dei funderingane kan du gå hit:  


bforb.blogg.no/1414492415_28102014.html

27.10.2014 19:03


Det å kose seg er det god grunn og aktivisere ved kvar muligheit ein finn. Det fann eg ut i dag. På nytt og på nytt er slikt å finna ut.


I dag kom eg heim slik eg oftast brukar, på hjul. Eg parkerte og gjekk inn. Middagen brydde eg meg ikkje å venta så frykteleg lenge med. Eg var slik rimeleg svolten. Det var tagliatelle med laks, erter og ein krema saus. Nedfrosen rest. Det smaka og eg vart slik passe mett. Men ein søthunger dukka opp. Noko lite hadde vore godt tenkte eg. Men ikkje noko goodis igjen etter helga. Og det er da eg greier å overraske meg sjølv. Etter slusing av to hundar tek eg rett og slett opp miksmasteren. På ein heilt vanleg måndag. Utan grunn.

Eller......litt grunn .......og ....kanskje litt meir grunn.  

Desse hadde gått langt over akseptabel modning for å eta vanleg. Eg tenkte eg kunne frysa dei ned til smoothie, men det var da eg ana ein kombinasjon..... søthunger + banan +baking.

Så plutseleg hadde eg baka bananmuffins, med grovt mjøl og havregryn. Slik at det er ingenting å få dårleg samvit for.

Ordna meg ein kopp kaffi.

Så da var det berre å kose seg.

Dette var ikkje det dummaste eg kunne finne på ein heilt vanleg måndagskveld i all enkelheit.

Husk;
refleks og kos er viktig i haustmørket!


25.10.2014 12:44

Timar kjem og timar går. Vi er med i dei heile tida. Vaken. Sovande. Vi er med på vårt vis.


Så er vi framme ved ein ny laurdag. Det neste døgnet inneheld ein time ekstra. Denne timen som forsvann i vårljoset  kjem att med hausmørket. I morgon kveld vil kvelden vera mørkare tidlegare. Og slik held vi på. År etter år. Flyttar tida att og fram. Eigentleg synest eg det har vore greitt og fortsett den tida vi har med oss frå sommaren. Men det som er det gode med dette er den eine timen meir å sova i. Om ein kjem seg i seng til riktig tid. Det er ikkje alltid like enkelt ein laurdagskveld.

I helga har eg jentene mine heime. Dei var så trøyte at den eine la seg tidlegare enn den andre. Dei er fortsett trøyte.

Eg kom meg ut av senga mi som det vraket eg har gjeve meg lov til å verta.  Eg stolprar meg ut på golvet, reknar med eg sukkar tungt også. No har eg tillet forfall i eit halvt år. Det er interessant å sjå kor dårleg form ein blir i da. Den gode tanken er at det skal lite til før ting er betre. Det er ei trøyst. Eg tenkjer eg snart skal snu om dette arket, og eg har tenkt det ei stund. Kanskje eg har tenkt det lenge nok men lovar ingenting til nokon.

Utfordringane eg har framom meg no er tenner og bil. Ja tenner. Eg er ikkje ferdig med dei. Det viste seg, da eg trudde at alt kom til å gå bra, at akkurat det gjorde det ikkje. Eller....bra? Det viste seg at eg må rotfylle den eine tanna. Det har vore verre om den måtte ut. Og dei siste dagane har ein av dei andre også gjeve seg til kjenne med ny intensitet. Dette fører til ubehag når eg et. Men stoppar eg å eta fordi..?? Og det er kanskje like greitt det, at eg ikkje stoppar.

Eg ser likevel på glitret som er framtida. Framtida med alle dei mulegheiter ei framtid kan ha. Eg gler meg til den. For uansett er løysningane der. Og eg gler meg til tenner og bil er fortid. For det blir det. Og eg gler meg til eg snur arket og finn dei nye vegane i irrgongane i hjernen. For vi har så lett for å gå i dei tankebanane vi har gått. "Nei, eg greier ikkje dette", seier vi til oss sjølve og let oss ikkje greie det. Noko realisme kan så klart væra greitt og ha med.......for eksempel tanken på flyga for eiga maskin, altså ikkje i eiga maskin, berre med sin eigen kropp utan tilbehør er greitt at ein tenkjer ein ikkje klarar. Det er sagt at tru kan flytta fjell, og det er nok noko i det. Men eg for min del har akseptert at så mykje tru greier eg ikkje stable på beina. Så drøymen om å flyga har eg overlet til flya som flyselskapa eig. Og eg drøymer rett som det er å ta ein tur med ei maskin, hit eller dit. Men ikkje riktig enno. Det blir etter eg har snudd arket nok.

Framtida er ikkje noko langt unna. Den er like framom nasen vår heile tida. For oftast er den tida som kjem rimeleg lik den vi var i. Men for kvinna frå Kristiansund sist onsdag, vil eg tru framtida plutseleg fekk ei brå forandring, etter telefonen frå Norsk Tipping. Eller dei som lever i nærleiken av fjellet Mannen i Romsdalen. Dei veit at framtida har ei forandring dei ikkje veit.

Men vi skulle nok vore flinkare til å levd dagen spesiell. Eg har tenkt på dei føtene som ber meg i rundt, dei er så sjølvsagte. Det er dei ikkje for dei som sit i rullestol. Eg tenkjer på dette å kunne glede seg, eg tenkjer på det vi har mulegheit til. Og ikkje minst, greie å stikke hovudet over skodd laget som gjev utsikta til å sjå mulegheita. Det er mykje betre å væra der, enn at skodda skjuler det som gjer alt lettare. Planta frøet til gleda og få det til å spire. Det er viktig. Få gleda til å spira og spreie seg.

Den tanken eg tenkte da eg gjorde det som instinkta hadde plassert i meg, let kroppen min bli ein tunnel for nytt liv. Eg nøydde meg ikkje med tanken at slik er vi laga, eg måtte laga meg ein grunn til for at dette skjedde. Det var da synet av ringane i vatnet som spreidde seg kom opp for mitt indre auga. Greidde eg å hjelpe til at dei nye liva som kom fekk evna til å spreia det som godt var, likt ringane i vatnet, da var det ein vits i det tenkte eg. Den tanken har nok rulla opp att igjen nokre gong, i forskjelleg ljossetning kan ein seia. Det er ikkje alltid ein har følt å lukkast med det i for stor grad. Når naboar står utaføre døra di ein kald desemberkveld like før jul for å klaga påein av dine. Når dundyner som er hengt over omnen for å kunne verma små kroppar når dei er i seng vert gløymt, før dei gjev seg til kjenne med røyk frå brente hol. Fordi ein er hamna i eit sjokk som opplevast utanføre dimensjonane. Det er ikkje da ein føler ein har lykkast. Seinare inn i framtida, den som kom og no er fortid, da ser ein at eit og anna var det likevel gong i. Men ein veit ikkje om det er seg sjølv ein kan takka og det er eigentleg ikkje så viktig.

Det som er viktig er å kunne gle seg over mest mogleg. Få den til å spreie seg som ugras. Greier ein å bruka gleda konstruktivt til det beste, ja.........da er mykje bra. Synest eg.


15.10.2014 15:12


Tankane flyt på solstrålane. For det er sikkert, når sola skin er alt lysare. Utanom skuggane. Dei blir skarpare.



Sola skin innover golvet i lange banar og på fatet ligg ein gjeng flekkete bananar. Sola rullar enno over fjella, men eg trur ho blir litt oppskrapa under magen. I natt har mister frost vore på vitjing, det låg att vitnemål i skuggane. Og eg har ferie og hadde ei nokså god plan om strand og sommarklede og slikt. Fordi eg trudde eg kunne ha godt av det. Men så spekulerte eg på at eg kanskje ikkje ville ha godt av det likevel. Sanden og stranda med ei bok har nok fungert fenomenalt. Men så var det den haugen med papir eg berre må igjennom og som ikkje kunne venta, - kan ikkje venta lengre enn til i morgon. Den er så frykteleg vanskeleg å koma til denne dungen. Det er frykteleg dumt, men slik er det. Så ferien min vart eit opphald framom ein papirdunge. Men i morgon er eg fri. I morgon må eg væra fri og ferdig med dungen. Men sola skin og det er godt. Det vert lettare da.

Eg er nokså flink til å plaga meg sjølv. Det skal eg slutta med

I går greidde eg ikkje finne unnskyldningar for å ikkje køyre vekk eit lass søppel. Eg streva med å få hengaren på, den sto så kjelkete til og var så tung. Eg sukka, stønna og pesa og hadde så klart lyst til å berre gå i frå det. Men eg tenkte på kor godt det ville verta etterpå, når det var gjort. Uansett kor sur mannen som er sjef over søppelet ville verta når eg kom, over mine ryggeeigenskapar. Eg har vore i disputt med han før. Eg innrømmer det tvert, eg er ikkje flink til å rygge med hengar. Og det liker ikkje han som bestemmer over plassen, han syntes ikkje eg hadde noko der å gjera med ein hengar da. Så da vert turen dit eit enno større tiltak enn berre å slite med å fylla hengaren full og få den på bilen. Sist eg var der bestemte eg meg for å få til rygginga, og da gjekk det faktisk.

I går fekk eg sola rett i augo da eg skulle rygge meg attover, så eg kom ikkje dit eg skulle. Det kom og ein bil til som kunne rygge, og eg syntes han tok på seg eit oppgjeve ansikt, mannen, ikkje bilen, - men eigentleg drit eg i menn som tek på seg forskjellege ansikt  når dei sit bak eit ratt.

Det er noko med menn og ratt.

Sist eg var i Trondheim var eg utsett for eit par av desse mennene som tek på seg dette spesielle oppgjeve ansiktet. Den eine fløyta til og med, og eg må seia eg ikkje skjøna kvifor. Det er ikkje så enkelt når det er vegarbeid og du ikkje kan køyra dit du skal. Den andre reaksjonen var frå ein mann som rista sakte fram og attende på hovudet, frå side til side. Som ei slags øgle. Det eg gjorde var så forferdeleg at han måtte riste sakte att og fram på hovudet for å understreka kor ille min opptreden var. For han trudde sikkert at da ville eg verta så mykje betre når han rista på hovudet som i sakte kino. Kor dum går det an å bli tenkte eg. No var det ikkje så ille det eg gjorde, eg heldt på å køyre inn på ein veg, men stoppa da eg såg bilen til denne mannen kom. Men eg køyrde litt for langt fram, men ingen fare for noko samanstøyt. No er det slik at i motsetning til rygging med hengar, så veit eg at eg er ein nokså bra bilkøyrar. Så eigentleg er menn som skal understreka med ansiktsuttrykk kva dei synest om mi bilkøyring komisk, og det er bra - for dei har kunne ført til at eg har vorte usikker. Det har ingen hatt noko bruk for. Ein tanke for menn med for mykje ansikt bak eit ratt.

Men i går var mannen som er sjef over søppelplassen heilt eineståande, mest som ein kunne kalle han for blid. Da eg sa eg skulle eigentleg ha stått der, for det var mest av slikt søppel eg hadde, sette han seg utan å kny inn i bilen for å rygge den på riktig stad. Men eg såg også han hadde problem med å rygge med sola i augo.  

Og til slutt, etter og ha køyrd enno fleire lass med hengaren vil eg og verta flink. Men eg har ikkje teke meg tid til å øve.


Vi menneskjer har så lett for å tru for mykje at vi veit. Vi veit eigentleg så frykteleg lite. Vi veit det vi har erfart og lært. Men alle har vi så alt for lite kunnskap til å vite alt. Og mang ein gong er det slik at dess mindre vi veit desto meir trur vi at vi veit. Heile tida vert vi utsett for påverknad av at vi skal ta til oss ei særskilt haldning. For eksempel kan ein sjå på presentasjonen av nyheite frå NRK og TV2, dei kan ofte ha ei vinkling som avvik frå kvarandre. Dei vil ha oss til å tenkje på forskjellege måtar. Så har vi fått eit program på NRK som kallast Folkeopplysningen, der dei legg legevitskapen til grunn. Dei klaskar i bordet forskingsresultat på eit slikt vis at vi skjønar kor dum vi har vore fordi vi har trudd på slikt som kiropraktorar og kinesiologi, for her er vi narra fortel dei oss. Eg tenker det er mest utruleg at ein i 2014 kan senda eit slikt program, der ein latterleggjær andre profesjonar under naturvitskapen si fane. Men som sjåar kan du ikkje etterprøva dette, for du har ikkje kunnskapen, det vert ei sak du brukar  følelsane på. Og det er dei vi brukar, etter vi har vorte påverka i den eine eller andre retninga.  

Tru på naturvitskap eller Gud.

Og alt, heile tida vert vi bombardert med argument for at vi skal meine det eller slikt.

Takke meg til menn med ristande hovud, dei er for oftast enkle og ukompliserte. Du veit kva dei vil ha.


Sola lagar lange skuggar. Men den er her enno. Eg skulla vore ute for å lytta på den, for kva den ville seia om saka. Men den tie klokleg stille. Eg har tenkt at når eg er kome dit at eg ikkje treng å seie meir, da har eg nådd målet. Da er eg vorte klok. Når alle kan halde på med sitt og eg kan berre bruka øyra. At munnen min ikkje treng å uttale eit ord. Men eg er inga sol. Eg er berre meg, med alt for mange ord som eg må tømma meg for. Og det er for så vidt greitt det.
For meg.

Nyt sola.


12.10.2014 19:09


Det er tomt. Stille. Det er søndag. Eg starta i går og skulle skriva, men tankane var ikkje heilt i tenkjemodus. Veit ikkje om dei er det i dag heller.


Det skal eg skriva om i kveld, sa eg tidleg i går. Og da kvelden kom hadde eg gløymt kva det var. Eg syntest berre det var viktig. Så satt eg der, gomla engelsk konfekt og såg på tv. Eg hadde stova for meg sjølv. Tre jenter drog opp på fjellet med mat og tannbørste. Eg syntes det var greitt å bli att her.

I dag vil dei vakna i det kalde seterhuset, kome seg ut av den varme dyna for å tenne opp. Det er så primitivt. Og det er så inn i hampen godt. Henta vatn i elva, tenne talglys, være utaføre mobildekning. Spele kort og yatzy og synest det er svært artig. Være litt utanføre komforten og likevel ha livet så enkelt. "Dumt vi ikkje overnatta meir i sommar", sa ho på 17 år her om dagen. Ho uttalte også tidlegare at det var dette som var ordentleg, ikkje hyttene som er fullt av det vi har heime. Kanskje er det vesle huset det oppe på vollen ein av dei store grunnane til å bo som vi gjer -?!

Eller, etter kvart som eg gjer.

I haust er det sju år sidan eg flytta frå eit landleg tilvære, til hit som var hakket meir landleg. Eg som var så oppteke av det urbane ein gong. Som syntest tre i mengder mest var uuthaldande. Som elska gater, og murhus med stukkatur. Kunne gå i gatene og ikkje synest, for eg var tydleg nok likevel. Som likte alt det som var annleis og bøker av John Irving med menneskje i bjørnekostyme. Og som syntes sitatet om å gå forbi dei opne vindauga var djupt. Det verste programmet på tv'n var Norge rundt, da fekk eg lyst til berre å gråte. Alle desse folka som var fornøgd med å bygge hus av fyrstikker og laga troll av stein. Og eg tenkte at hadde nokon spurt meg om å bli med i programmet hadde eg vræla NEI! Eg syntest alt middelmåtige var ein av dei største tristessane. Folk var så fornøgd med så lite. Og da var det ikkje pengar eg tenkte på, men innhaldet i livet.

I dag er eg ein av dei sjølv og lever godt med det.  Det er greitt, seier eg til barna, at livet vart som det vart. Og meiner det. Eg har ikkje villa vore det forutan. For det å få lov til å gje så mykje av den kjærleiken du ikkje forventar deg noko attende av er godt. Og så likevel få i haug og dung. Eg er kome hit, til mitt middelaldrande rike. Eg synest Norge rundt er heilt greitt program, sjølv om eg ikkje akkurat ser så mykje på det. Eg ser ikkje så mykje på tv slik generelt.

Eg lever. Barna er på tur ut over dørstokken, alle som ein. I seinare tid har det vore mykje ekstraordinært. Problema har kome trillande leikande lett, eine etter det andre. Går det nokre dagar er fokuset snudd. Nytt problem. Eg hadde nokre timar ein måndag da alt mest var bra. Og det er sant og det var godt. Men sjølv om ho midt i atter må i gong med undersøkingar av foten vi trudde vart bra, han som eldst måtte være heime fordi han var sjuk etter ei veke i ny jobb, at eg enno er for sliten, alt dette........

Eg tenkte da eg sto i dusjen i går at no var det eigentleg nok. Eg ville ikkje meir. Eg ville ikkje ha alle problema meir. Eg er berre frykteleg lei.  Eg er lei av å syte og bære meg. Eg vil ikkje meir. Skjøner ikkje dette med at tankane blir så klåre i dusjen, men kanskje vatnet skyler vekk all slags groms. Ikkje veit eg.

I dag, her eg sit, er nok tanken ikkje like klår. Men det handla om at nok er nok. Kanskje at eg ikkje skal tillete det eg ikkje har kontroll over. Eg vil endra fokuset bort frå problema og over til det som er konstruktivt. Eg veit eg ikkje kan kontrollera alt som skjer i rundt meg, men eg vil ikkje, vil ikkje..... Det er nok no. Greitt nok at det har vore i overmål problem, men eg kan ikkje bruka dei som unnskyldning på å bygge meg sjølv ned. Som sagt, eg lever og eg vil leva. Det at ein har vorte såpass vaksen er heilt greitt, det også. Men det betyr ikkje at ein er ferdig med å ha like interessant liv som tidligare. Eg blir så lei av slike haldningar som er i samfunnet i dag, at ein mest skal skjemmes og tie still fordi ein er over ein akseptert alder for å meina noko. Og for å leva. For noko tull. Ein skal ha det artig og ha eit levande liv til anden ebbar ut. Slik er det. Og for min del betyr det at eg har bala nok med problem, no er den tida ferdig. Eg vil ikkje forventa meg fleire no.

Eg må til med resten av livet mitt. Levande. Ikkje sytande. Eg vil leva til eg dør, og eg har eit nokså bra erfaringsgrunnlag til bruk. Og det er bra det. Så no sleng eg meg opp på hesten for å ri vidare, men no skal eg sjå etter andre landskap.

Yiiiihiiiiii!


09.10.2014 14:19


Dagane kjem som perler på ei snor. Fargane er forskjelleg. Perspektivet er forskjelleg. Det er også åra.

Å sjå verda oppa frå er fasinerande. Alt blir så smått. Sjå ned på miniatyrhus, miniatyrbilar og det blir liksom også miniatyrliv. Eit luftig svev i kvardagen. Opp frå tyngdekrafta så å seie. I går tok vi oss en runde i Tyholttårnet. Vi sveva rundt sittande. Maten var under middelmåtig, men utsikta var fantastisk. Eg har ikkje vore der på eit kvart århundre. Da var eg nygift og bar på eit nytt liv. Eg var kvalm og det var haust. Tyttebærtur ga meg kvalmande følelsar på årevis etterpå. Året var1989 og ei heil reise er gått sidan da.

I går kom mørket medan vi satt der. Og lyset. Det fantastiske lyset når mørket kjem. Himlane frå alle retningane, det var fint.

I dag har eg dei to jentene mine i hus. Vi rekna etter og oppdaga forskrekka at det var fem veker sidan midt i  jenta var heime. Ho har heldt hus på Dragvoll, på St. Olav og ein tur til Seljord har ho også attom seg.  Det var godt å seia god natt til henne i gårkveld. "Kan du lage fotbukt", sa ho, "for det er så koseleg". Og mor laga fotbukt til ungen sin.

Eg har ein pause frå alt eg ikkje veit. Godt med pausar. Det er berre den udefinerte tann- og hovudpina som herje. Eg mister munn og mæle når den sett klørne i meg. Den er intens. Eg er redd det betyr rotfylling og at fyllingane eg fekk lagt ikkje fungerar. Men i verste fall får eg håpa det berre er ei av dei tre gamle amalgamfyllingane som vart skifta som må rotfyllast. Eg greier ikkje kjenne kvar det er vondt når de er vondt over alt. Men hittil greier eg å ri smerta av. Ein interessant observasjon.

Dei kom ikkje dei store tankane der langt opp i lufta. Eg var berre så glad for at eg hadde med meg ei ekstra jente heim. Og så sjå etter kor verda var; Munkholmen, Lade, Persaunet, Ranheim, Byåsen...og Lerkendal..., men da lo jentene godt. For det eg såg var ein fotballbane like ved, der folk sprang rundt på ein opplyst bane, sannsynleg etter ei rund kule. Og banen låg like attmed utan tribunar. Så eg skjønte rimeleg fort kor langt utpå vidda eg var, sjølv om eg var midt i byen.

No har vi drukke juice av appelsin, eple, pære, lime, ananas og ingefærrot, og så skal vi ut i sola og hausten.....i bil, for nokre mil. Ta med oss slekt, for potetball på ein torsdag.

Nyt dagen.


07.10.2014 12:01

Tid er noko som er evig, men deler ein den opp kan den verta svært avkorta. Eg tek kalkulatoren og sett opp eit reknestykke. Timane bles vekk i takt med vinden som ruskar utanføre huset.


I dag har eg gjort noko svært rart, eg har sett på tida mi. Ikkje den evigvarande tida som ikkje er evig, men konkret tida. Tida framover i ein svært avkorta periode.

I tre veker.

Tre veker fram i tid. Noko som vil seia 504 timar nøyaktig. Så har eg forsøkt å delt opp desse timane realistisk. Noko er sikkert, ein må sova og idealet er 8 timar om natta. Det vil seia 168 timar bør eg sova i av denne tida. Ei veke kan vi seia er rein ferie, så vips..168 timar borte. Det er også oppdelingar eg må ta omsyn til, slik som nokre periodar er avgrensa. Eg tok ut 4 dagar, og fann ut med matlaging, besøk på badet, kjøring og gjæremål eg MÅ få unna, kom eg opp i 50 timar Da har eg har 64 timar å bruka, så det skulle kunne gå. Det sto att 14 timar til bevega seg i tilvære, opp og ned trapper, ut og inn av rom, samtalar på telefon, tv-kiking, databruk og slikt.....det bør være ei slags romslegheit i det. Skulle få tid til både koppvasking, ut å gå tur og vasking av klede i det tidsrommet. For slike oppgåve var ikkje teke med i oppsettet mitt. Meir nedslåande var det ein avkorta periode der eg ikkje hadde så mange timar til å disponere. Etter eit kort overslag av nokre oppgåver eg bør få til der, kom eg dårleg ut. Allereie etter 15 timar til bruk hadde eg eit forbruk på 20 timar. Det var ikkje eit artig reknestykke, når eg også veit at oftast tek ting lengre tid enn ein trur. 

Utanom feriar.

Eg ser ut av vindauga. Hausten er vakker og har fart. Sol og vind herjar utanfor vindauga. Det er eit gyllent inferno med grøne jorde eg ser, - når eg kikar ut. Eit grønt jorde med kyr som har lange skuggar. Og sola - sola minner meg om ein kraftig spott som lyssett delar av denne verda, denne scena. No har garden opp på bakken vorte lyssett også. Den låg i skuggen for litt sidan.

Eg ser på denne scena og veit at slikt har eg ikkje tid til.

Ikkje eigentleg.

Men slik tid må eg gje meg lov til og ha. Snart går sola ned attom fjella for godt, - dette året. Og eg greier ikkje å få til at oppgåvene mine harmonerer med det eg har fått disponert av tid. I den ideelle verda skulle eg ha ete frukost på setra no, saman med mi yngste. Vi skulla teke på oss vindjakke og gode sko og traska ut i naturen på samling av ro og harmoni og vakre bilelete. Men eg får nok berre kosa meg med dei vakre bileta frå drøymen. Det er drøymen eg må leva på.

For det eg skal ha inn i mi tid er for romstort til at det harmonerer. Men eg lever i håpet om at ein gong, ein gong får eg det til.....

Mi oppgåve i dette livet er antakeleg å lære meg tida. Og flaksen er at eg er optimist.


01.10.2014 12:40


Bekymringane er ei bør ein bør leggja frå seg. Uansett vert aldri livet annleis enn korleis ein vel å leva det. Kanskje er ikkje alltid vala der, men ein stad finnest alltid krafta om vi vil...


Det er onsdag og det er snart helg igjen, kan ein meste seia. Kva er det ein venter på? Ein ny dag vil renne over himmelen. Det går så frykteleg fort.

Livet.

Eg har nok bruka godt over det halve. Så eg er ikkje midt i livet lengre, eg er over det.......om eg ikkje skulle verta like gamal som gamaltanta mi. Ho vart tett opp under 105 år. Og eg kan ikkje seie det er så stort ynskje. Men skulle eg verta det, så ville uansett den halvparten som er igjen gå mykje fortare enn den som alt er gått. Det er likevel ikkje det å leva lengje som er eit mål, men det å leva mykje. Og eg oppleve at eg gjer det også. Mykje.

Men det er for mange bekymringar. I periodar står dei i lange køar. Dei har teke så mykje plass at eg bryr meg mest ikkje om dei lengre. For sannsynleg  overlever eg. Enno. Det meste. Og eg er ikkje sjuk. Eg har berre slitt ut hovudet mitt med alle desse bekymringane.  Så eg vil berre leva og få fri frå alt dette som eg likevel ikkje kan veta. Bekymringane. Eg permitterer dei. Eg gjev dei fri....husssj, gå ein annan stad. For det finnest alltid ei råd. Alltid.

Eg hugsar da eg som 18 åring hadde reist oppover halve landet, tatt fleire tog og bussar. I pengeboka låg det att 10 øre, for dei fantes på den tida. Da eg kom heim med denne 10 øringen på slutten av 70-tallet vart foreldra mine sinte. "Kvifor sa du ikkje frå", sa dei. Dei syntest eg hadde lagt i veg med alt for lite pengar og skulle bedt om meir. Men eg skulle klara meg på det eg hadde og tenkte det kom til å gå, og det gjorde det. Eller da eg drog ut frå hotellet i Prinsen etter feiring av bryllaup og hadde 10 minuttar til toget gjekk. Eg visste eg ville rekkje det, og det gjorde eg. Eller da eg reiste ut til Fornebu for å ta fly til Paris for første gong i mitt liv, utan billett. Han som hadde billetten hadde forsove seg og kom seg aldri dit. Eg gjorde og hadde ei strålande veke utan bekymringar.

Tru bekymringane busette seg i meg etter eg fekk barn. Eller kanskje før. Eg visste eg kunne mista barn og at det fantes ingen regel på at ein mister berre ein gong. Kva med dei som bor i krigsherja område, dei har ingen garanti på noko. Men sorga er kolossal når ein må ta valet om eiga grav eller felles.  Andre gongen var det valet lettare.

Når ein står utan arbeid og endeleg har barn som lever å ta hand om. Det er da ein startar å bekymra seg. Greier ein ansvaret?


På denne onsdagen med sol gjennom haustlauv veit eg svaret på det. Eg veit at eg både har gått oppturane og nedturane. På føtene. Bekymringane har nok vore reelle, og kanskje vore til hjelp. Kanskje......eller kankje ikkje.... Men det finnest alltid råd. Så lenge ein lever er det råd. Og vi lever ikkje i eit krigsherja område. Det skal vi vera glade for.

Eg vil leva utan bekymringane. Eg vil ha gleda, fargane og kunne boble. Eg husker eg satt på bussen i Trondheim og det brann inni meg. Tankane og handlingane fulle av kreativitet av å kunne skape. Skape følelsar. Det vart ikkje noko av det den gongen, men prosessen medan eg var midt i det var verdt alt. Eg brann, kinna var glødane og eg var midt inni pulsen av livet. Eller da eg sto og slapp inn ein og ein modell ut i lyset, mine kreasjonar. Ein enormt god følelse etter månader med intenst arbeid.

Eg må nok bort frå at bekymringane har eigd alt for mykje av livet mitt i alt for mange år, eg må finne att den pulsen frå bussen, til krafta. Den skal få lov til å flytta inn igjen. I livet mitt. Det er tida no.


29.09.2014 13:28


Det har vært ei helg med ver, meir enn kva som er vanleg vanlegvis. Og eg heng med, med pekefinger tredd inn på hanken i kaffikoppen.


For ei blåse helg. Med så mykje fart utanfor veggane valte eg å ta det svært roleg innanfor. Stakk så vidt nasen ut i går, var heldig med at eg greidde å få gåturen mellom regnbyene. Hunden såg rar ut da vi gjekk attende og all vinden kom attafrå. Slik det blir med hårete hundar i vind. Men eg torde ikkje gå ned med søpla i går kveld, eg tok turen ned litt over seks i dag tidleg. Større sjanse for at boksen ikkje blas over ende før søppelbilen kom. Eg har ikkje sjekka korleis det gjekk. Elles vart det litt tv; Lindmo og ikkje minst oppstart av Downton Abbey var eit koseleg gjensyn. Men eg hadde skikkeleg problem med kva dei heite alle, så alle namna vart ein bøyg. Men eg heldt ut.

Elles var det ikkje berre vinden som herja sterkt denne helga. Lyn og tore hadde ei aktiv helg. Hovudsakleg fredag. Det lyna og buldra alt i eitt. Hunden bjeffa attende og prøvde det beste han kunne å skremma bulderet vekk. Inn i mellom gjekk lyset også. Laurdagsmorgonen skulle eg ta meg ein kopp kaffi frå kaffimaskina, slik eg har vent meg til etter at kjøkkenet vart oppussa. Den var svart.....altså, den er vel slik vanleg både svart og i sølv - i fargane. Men den vesle lampa slo seg ikkje på da eg slo den på. Og ikkje nok med det, mikrobølgjeomnen hadde det på same viset.  Eg skal ikkje dvele ved fortvilinga.

Seinare fann eg ein "tingest" med støpsel, for eg måtte prøve å forske i dette. Fann ut at det kom ikkje strøm gjennom kontaktane. Eg vart mest glad, for da var det håp om at dei elektriske maskinane var i orden. Såg for meg at eg måtte finna ei skøyteleidning for å finna det ut... Men så dukka eit lite ljosglimt opp, det glimtet var i hovudet mitt..... kanskje eg skulle sjekke sikringar. Til mi orsaking må eg tilføye, eg har fått nye kurs etter oppussinga - altså huset, og at ein av dei kursa gjekk åtskild på nokre kontaktar tenkte eg ikkje på. Det var ikkje slik tidlegare. Men det skal seiast eg var svært lykkeleg da eg forsto at eg slapp det styret eg såg for meg ei lita stund......før forskinga mi med hårfønaren .... Så no kan eg igjen kosa meg med kaffien frå maskina på veggen etter eit lite grep på dei automatiske sikringane.

Har fri i dag og er usikker på korleis eg skal bruka dagen. Etter blogginga. Det er nok å bruke den til. 

I morgon vil det bli ein skikkeleg vegg til vegg dag, i og med eg startar dagen med bilverkstad tidleg om morgonen. Og så går det slag i slag til eg avsluttar med foreldrekonferanse i Kristiansund om kvelden. Slike dagar er ikkje å ynskje etter, eg koplar ut i etterkant. Slik som i helga, eg måtte betale for for aktiv veke og var til så lite. Eg spekulerer...., skal eg eigentleg presse meg litt meir. Når eg ikkje føler eg greier meir, greier eg kanskje meir likevel om eg presser. Og presser eg vil eg bli verre eller betre? Når eg er vorte slik fordi eg har pressa for mykje over år -. Eg blir berre så lei av og til, men eg skal ikkje skrive om dette. Vil ikkje. Vil ikkje.

Det bles litt i dag også. Skal eg ta med meg hekletråden min saman med nåla og trilla innover til foreldra mine? Det er nok det eg bør. Eg har lova og hjelpe til med nokre gardiner. Det er nok det eg skal i dag. Kan være bra for bilen å rulle litt på seg og. Den har stått heilt i ro i fleire døgn no. Og i tillegg flagra sola framom når skylaga rivner i all vinden.  

Eg skal ta meg ein kopp kaffi til først, og så.........


26.09.2014 15:43


.......lukk dørene - men det var ikkje heilt slik. Dørene må være opne, for å stengje inn er ikkje bra. Trur aldri det er av det gode. Anna enn når ein er i fart og kan bli blåst ut. Da kan dørene bli lukka.


Det bles og meldingane lover oss storm. Eg har dunga møbler opp på kvarandre på terrassen, men må nok gjera eit par ting til. Alle puter er tatt inn. Sola skin gjennom regndropar og viftande greiner. Kjenner kald trekk innover stovegolvet. På vaskerommet står eit vindauge ope, og det skal få stå ope litt lengre. Eg må henge opp vaska klede der.

Eg sov riktig lenge i dag. Etter to dagar på farten var det godt og være heime. Det er godt med fredag. Eg såg fram til denne dagen. For eg visste desse dagane ville bli slitsame, men dei har heldigvis ikkje vore berre det. Og alle er trivelege kvar for seg, folk det var lenge sidan eg har sett.

Eg har tenkt tankar rundt dette med å ta plass. Nokre menneskjer tek mykje meir plass enn andre, og da meiner eg ikkje fysisk. På den fysiske plana skårar eg bra, og akkurat det er ikkje så bra. Da kan ein kompensere med å ta mindre plass på den andre måten. Eg veit ikkje om det er akkurat det som er grunn til at eg er-, eller har vore, for oppteke av å please i for stor grad. Ein kan nok ta plass med å please også, ein kan nok det....  Ein kan ta plass på forskjelleg vis. Dei som tek for mykje er ikkje gode å væra saman med. Men det er ikkje bra og ta for lite av den plassen ein bør ta.

Eg prøvde ikkje ta så mykje før heller. Som lita likte eg ikkje konflikt. Eg syntes det var frykteleg vondt å verta såra, og eg ville ikkje på noko vis såra andre fordi eg syntes det var så vondt sjølv. Da eg var barn. Eg var redd orda. Dei ubarmhjertige orda som barn kan seia når dei ikkje er i harmoni. Eg tok ikkje igjen, eg vart i staden redd. Eg evna ikkje kjempa med orda fordi eg var redd for å såra. I tillegg var eg stolt, så eg valte å skjule. Eg såg på det som ei svakheit, og den ville eg ikkje skulle synast. Eg lærte meg til å skjule for å overleva, og eg ville ikkje bli eigd av nokon. Eg hadde eit stor behov for å ha fridom. Den har eg enno.

Eg sto i dusjen her ein dag, da datt ein ny tanke ned i hovudet mitt. No er det på tide at eg kjøper meg nye klede. Kanskje ikkje ein så uvanleg tanke for dei fleste. For meg var den det. Eg har stått heilt bak i køa. Sett dit av meg sjølv. Plutseleg tenkte eg at slik ville eg ikkje ha det, slik ville eg ikkje behandle meg sjølv lengre. Det skjedde noko der i dusjen, skjedde noko i mine tankar. Det skjer mykje i tankeverda mi for tida. Eg har bygd opp eit vakuum....eller bygd meg sjølv ned. No er det akkurat som dei skvisa områda fyller seg opp - med luft -  med meg.

Så eg er kome dit i livet at det er på tide å gje meg meir plass. Meir plass i mitt eige liv. Og det måtte naturleg kome også, når barna tek over seg sjølv meir og meir. I tillegg har ein levd eit liv og gjennom det fått meir erfaring. Ein veit at avsendar av orda ein møter kan ha heilt andre preferansar enn ein sjølv. Orda er ikkje farleg, mimikken er heller ikkje farleg. Og ikkje orda som ikkje stemmer. Ingenting er farleg. Det handlar alltid om avsendar. Det handlar ikkje om deg, altså meg.... for å fortsette denne personlege ransakinga. Og ein treng ikkje bli ein fortsetting av noko som er signalisert og sendt ut. Ein har fridom til ikkje å bli det. Eg har det, likt med deg som les. Og ein har kunnskapen. - Eg greier visst ikkje skriva dette utan å skriva i tredjeperson, men det gjeld oss alle det eg skriv her, meiner eg. Har ein i tillegg kreftene, da startar det. Da startar ein å gje seg plass. Eg greier å gje meg sjølv plass.

Så ting skjer.

Eg hugsar at eg spekulerte, for nokre år sidan, på kvifor eg aldri hadde  trua på å få til det eg ville.  Eg kunne arbeide mot eit mål, men litt framom målstreket ga eg opp. Gong på gong. Eg trudde ikkje eg ville lykkast, og eg fekk rett. Det var eit mønster. Eit mønster som ikkje var meg til hjelp. Kom til å tenkje på ein episode for ikkje så mange år sidan da eg slepte mønsteret litt. Barna og eg var bedt med på hyttetur nokre dagar i påsketider, det var 5 kilometer oppoverbakke til hytta. Eg hadde stor sekk og stor kropp. På heimturen sette eg utfor og snøen var fin og manøvrere i. Men ein stad midtveies i unnarenne låg løypa i skugge. Det var skare, isa og eg var i farta og bakken hadde ingen ende der i skuggedalen. Eg skjøna situasjonen og såg for meg beinbrot og ille tilstandar.

Men så skjønar eg at her kan eg ikkje gje meg noko val, for det valet kan eg ikkje tillete. Eg kan berre gå for dette eine med å være i situasjonen, konsentrere meg i alle dei brøkdels sekunda det kan skje noko. For eg må konsentrere meg tid for tid at denne nedturen skal gå bra. Eg greidde å mobilisere både til tru og konsentrasjonen. Og eg klarte det.

Så eg og kan.

Fordi vi alle kan. Vi kan mobilisera om vi berre har nok tru.

Eg ser ned på dei glitrande verktøya eg har funne.  Dei som ligg så fint lagt framom meg. Dei kan væra flyktig om eg ikkje passar på. Men det er akkurat som eg har kome dit, dit eg skal få gje meg større plass. Kanskje eg kan risikere å ta for mykje av den ei stund....denne pendelen som kan slå for mykje i motsatt lei før det stabiliserer seg. Det kan så hende. Eg får så taka det, og andre rundt meg har ikkje val.....men da får dei tenke at dette handlar om meg, ikkje dei.

Eg trur dette er overskot som må til for at eg skal samla resten av kreftene eg må ha.

Og så er eg glad, for eg ser vegen går rett. Eg er alt for mykje av alt enno, eg orker alt for lite, får for fort for mykje. Men enno litt lengre framme vil det betre seg enno meir. Og eg er klar over at ingen som ikkje har prøvd vil forstå. For slik er det med alt. Og berre det er ei heil oppdaging for seg sjølv. Ein kan ikkje takka seg sjølv for noko, verken eigenskapar eller evna til å lære av dei opplevingane ein har. Ein får berre være glad for dei gåvene ein får av opplevingar. Ei av dei gåvene eg er mest glad for  er livsgleda og kjærleik. Eg har ikkje alltid hatt dei slik eg har dei i dag.

Og så har vi alle vårt, vi er alle spesielle og vi er alle like. Vi vil, med svært få unntak, alle det beste. Og unntaka har si smerte og bør eigentleg få forståing framfor avvisning. Det er dei som har smila og overskota vi skulle beundra minst, for dei har fått fine gåver frå livet. Det er dei sure, dei med smerte i augo vi skulle beundre, for det er dei som strever den største kampen. Dei har ikkje fått dei gode verktøya. Ikkje enno. Den smerta er så vond å sjå, men vi alle må finna vegen på vårt eige vis. Ingen kan bera liva våre. Det må vi alle, kvar enkelt gjera. Og av og til må vi ha lov til å klage. Da kjem vi lettare fram til å få vise glede. Og gleda må vi gjødsle og vatna og passa på. For den er ei av dei største gåvene vi får frå livet. Den må vi verna om.

Og kan vi alle hjelpe kvarandre på vegen, være med på å spreie dei positive ringane rundt oss. Da er vi heldige.

Og eg, eg arbeider med å gje meg sjølv betre plass, stå på heile foten, dra pusten heilt ned og ikkje berre pusta i øvre del av meg. For heile meg skal ha plass. Plass i mitt eige liv. Og det er ikkje ein gong sikkert det vil visast på utsida, men det vil følast på innsida. For eg held på å sluttar å strekke meg for det eg trur andre trur. Det er så frykteleg bortkasta energi. Eg har andre ting å bruke energi på. I første omgong skal eg ha ei triveleg helg i stormen. Og det ynskjer for deg som har stava deg gjennom alle desse nokså sjølvsentrerte orda. Men den gjeld vel litt for oss alle. Trur eg.

Ta vare på deg sjølv.


<< 1 | 2 | 3 | 4 | 5 >>

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no