Blogg

14.06.2014 22:08


Om vinden bles og lufta er kald, greier sola å lage varme lommar av sommar. Ein gamaldags sommar med klestørk og stripete lys inne i ei vedbu.

Eg koser meg så enormt at eg har lyst å skriva side opp og ned om det. Men gjer eg det kan det virke som eg prøver å overtyde. Så eg berre stadfeste at det har vore av desse nydelege sommardagane ein skulle hengt på veggen i ramme slik at ein aldri gløymer. - Gløymer at livet kan være svært vakkert.

I dag må eg gjera; tenkte eg.

Og lista var lang.

Det var oppgåver i hopetal både ute og inne. Men som ei  kommenterte; når det er fint vær bør ein væra ute. Så etter koppvask og klesvask gjekk eg med bestemte skritt bort til fjøset for å hente kantklipparen. Det var den som måtte brukast så langt som alt hadde vokse seg. Men hugsa eg korleis den virka tenkte eg da eg passerte veden.

"Pssst!" kjem det frå dungen, "det er meg som hastar mest".

Og det hadde veddungen heilt rett i. Så eg henta trillebåra i staden. Graset er da berre fint med alle blomane sa eg til meg sjølv.

Eg får gå i gong med det der klippegreiene når det startar å sjå avblomstra ut. No ser det berre frodig ut...........synest eg.

Ti trillbårelass kom på plass. Satsar på minst ti nye lass i morgon. Men det synest ikkje. Dungen ser like stor ut.

Ein kaffikopp på terrassen vart det og, saman med syster som hadde laga vaflar med både banan og sjokolade i.

Da kvelden nærma seg fekk eg vaska badet, hengt ut den tredje klesvasken. Og før eg gjekk i dusjen labba eg barfot gjennom ein skog av gras.  Det vaks kornblomster i noko som eigentleg er eit blomsterbed. Eg plukka inn en bukett og plasserte i vase på stovebordet.

- I solskinet.


Livet oppleves perfekt. Akkurat slik ein laurdag skal være.

Etter ein dusj sette eg meg på terrassen med neglesaks. Det er i sola ein bør gjere slikt. I sola på ein terrasse.

Eg kjende att gamle stemningar. Frå den tida eg budde i Hegdehaugsveien og hadde balkong over gågata. Der somrane var varme og livet langt og inneheldt mykje. Og eg var midt i alt.

Tretti år seinare dukkar stemninga opp. Eg trur det er riktig bra og viktig.

Eg er på tur.

Reisa attende til energi og overskot er i gong.



13.06.2014 22:19


Så langt alt bra. Enno lengre framme enno betre. Men akkurat no berre nyte akkurat no.

Det er så lenge sidan eg har hatt ein slik fredag. Ein fredag med føtene i sofa'en og data'en i fanget. Berre fri og frank og inga plan. Tida er mi. Etter ein hektisk dag er eg trøtt, det er så. Men eg kan slå i eit glas vin og nyte at livet held på å bli hengsla igjen. Eg har vatn, eg har elektrisitet og til og med ei oppvaskmaskin. Så om det manglar nokre lister og skuffer er det berre ein bagatell. Eg har og skrua skuffer i dag. Her om dagen måtte eg teste steikeomnen og fann ei banal oppskrift på småkaker. Omnen virka og kakene smaka.

Etter sist innlegg har eg også gjort det som dukka opp i tankane. Eg har ommøblert, eg har igjen stove med bord som ikkje er overfylt og golv som kan gåast på. Fekk til og med vaska dei og det gjorde godt både for megog golvet. Så no har eg ein så ordentleg tilvære som eg ikkje har hatt på månader. Yngste har endeleg fått kontaktane på rommet sitt som det har vore snakka om sidan rommet var ferdig for fleire år sidan. Så skal eg ikkje skrive ein prikk om alt som står igjen.

Det er fredag og eg er fri.

Eg er trøtt og eg vil ta meg eit glas vin å feira at så langt er eg kome no.


09.06.2014 19:21

Slik starta denne dagen. Men på slutten kom sola fram.


Ein grå dag ser på meg, men den har lovnad om sol i seg. Ein måndag som leikar søndag. Det er andre dag i pinse. Eg ser i rundt meg her eg sit. Og så kjem tankar. Tankar som produserer arbeid. Og akkurat det kan nok være frykteleg greitt så lite som eg har å gjera........... . Dette var ironi, med kaos i mest alle rom og også utrommet, er aktivitet ikkje noko problem. Tanken som dukka opp i hovudet mitt no kallas "ommøblering".
Frå plassen i sofaen ser eg utover ei stove som ber sterkt preg av dei siste månadane. Kassar, plankar og papir. Eit stovebord som eg igjen skimtar botnen i. Oppå skapa står det kjøkenting. Eg kan nok finna plass for dei no, sjølv om halvparten av oppbevaringsplassen enno ikkje er ferdig.

 - På kjøkenet.

Likevel......

Her eg sit å speidar ut over noko av kaoset får eg lyst til å ommøblere. Eg flyttar sofa og skåp i tankane. Bokhylla skal få stå der den står, såpass realistisk er eg. Men alt dette andre. Eg har aldri likt løysninga på to av skåpa som står med ei kiste mellom seg - om eg flyttar kråskåpet diagonalt i rommet, tenkjer eg. Får sett skuvsenga der, sofaen der slik ut på golvet. Fjernsynet må stå enten her eller der, det heng fast i "rova" si til tallerken utpå veggen. Slik ein berre må ha når ein bor ved høge fjell og djupe fjord. Men har det så mykje å seia om sofaen ikkje er i nærleiken, eg ser da ikkje så mykje på den boksen. Finare å kunne sjå ut på naturen. Slik går tankane mine, eg skulle berre skrive eit blogginnlegg der temaet ikkje var klart da eg starta. Og så vart det slik. Eit ommøblerings-tanke-blogg-innlegg.

Trur likevel eg har for lite å gjera på eg.

Kanskje eg berre skal gå i gong med bacalaoen for å sjå om eg kan skjøne at eg bør konsentrera meg om det eg bør..............tenkjer eg utan den store overtydinga.


02.06.2014 18:06


Inn imellom gamalt rot finnest både tida og eg. Eg er i gong med å plukke alt fram. Og i dag. I dag, fekk eg oppleva ei stor, våt glede.


I går tenkte eg; no skal eg skrive eit innlegg om lykka, livet og lærdom. Eg skulle skrive eit innlegg utan å nemne kjøken tenkte eg. I dag skriv eg ......... om kjøken.

Og vatn.

For fire månadar sidan mest på dagen fekk eg telefonen om at det draup vatn frå taket i leilegheita nedunder. Etter den tid har det vore litt av ei ferd. Ei strevsam tid. Vaskerommet vart eit reservekjøken. Eg fann fort ut at når så mykje måtte rivast var det lurast å gjere dette ordentleg. Kjøken var moden for utskifting for lengst, hyller ramla ned, dører ramla ut. Og det var ikkje praktisk på nokon måte. Dette måtte eg så klart koste sjølv og fann ut at med hjelp av banken skulle det gå. Og frå no starta alle vala, alt eg måtte avgjera, alt som måtte planleggast og avtalast. Når ein i utgangspunktet er delvis sett på sidelinja av å ha leika bulldosar for lenge, så er eit slikt arbeid langt frå ønskeleg og mest ikkje forsvarleg.

Og gudane skal veta at dette har vore krevjande.

Her ein dag i sist veke tenkte eg, no rundar eg bøya, no har eg passert det verste. Det var ein enormt god kjensle. No blir det ikkje verre, tvert i mot blir det betre. Men eg har mest ikkje kjent og følt noko i den siste tida. Likte eg det eg hadde valt? Var eg fornøgd etter kvart som ting kom på plass? Da eg fekk opp nye hyller på vaskerommet kjente eg eit ljosglimt. Eg fekk rydda og organisert på vaskerommet, eg fikk benkplass - det var reine luksusen.

Dette prosjektet fører med seg mykje.  Eg fekk rydda opp i sportsboda fordi eg fekk sett inn nokre av dei gamle kjøkenskåpa. Eg måtte tømme eit rom som eigentleg er meint for toalett, det var fullt opp av ting og kassar frå ei stor overfylt bu som vart soverom for nokre år sidan. Eg sorterer i kassar som har stått og heldt på tida i sju år. I sommar er det sju år sidan eg levde ein sommar på madrass på ei loftsstue, medan eg tømde ein heim og sette strek over ni år av barndommen til barna mine. Noko av dette fann eg att i kassane eg har gått i gjennom. Det er slitsamt å møte tida eg sprang i frå i håp om at eg skulle nå fram til å meistra ALT.

Eg fann att vitnemåla mine. Dei har vore borte lenge. Eg trur eg finn att meg sjølv. Det tenkte eg her ein dag eg sat å sorterte i garn. Eg har kjend på den gamle, gode følelsen av å være i tida på plass i meg sjølv. På krafta.

I dag skjedde eit kjempesprang i vegen til nytt kjøken. Vatnet har igjen flytta inn på kjøkenet. Eg vaska koppar i pur glede sjølv om det mest ikkje var noko å vaska.

ENDELEG!!!!!

Eg har igjen vatn ut av krana på kjøkenet og oppvaskmaskina er kopla til.

No gjenstår det å få inn straum. Det skjer om eit par dagar. Og da......da kan skuffer og dører settes i. Og glasa, koppane, bestikket, mjølet og pastaen - alt, får nye plassar.

Så snart har eg nytt kjøken.

Men VATNET kom i dag!!!!


18.05.2014 13:58


"Times" song Prince ein gong, og inni mellom kan ei høyre låta i dag også. Tida, som eit lappeteppe som skaper livet. Med glede og med sorg. Og av og til er det 17. mai. Lappar er til og sette saman.


Varmen er komen. Det er søndag og eg kjenner på at sjølv om vegen er enno litt meir ruglete enn eg trudde, så står føtene mine der dei skal stå. På bakken.

I går var det 17. mai. Fredagskvelden pakka eg vesker, bunad og sølv, sko og hundemat. Eg er mest imponert over at eg fekk med meg alt. For akkurat da eg heldt på med dette var eg i ein tilstand som eit lite barn som nettopp opplevde at den fine heliumballongen forsvann ut av hendene og tok vegen opp i det blå. Hugsar ein gong medan barna var små, det var 17. mai og dei hadde fått seg slike blanke fine ballongar med gass inni. Der på terrassen på Flatåsen glapp den eine og var snart ein liten skinande prikk på himmelen. Den spontane sorga som oppsto skar i eit mammahjarte,  men sorga gjekk fort over. Slik er det med sorga over slike ballongar.

Eg fekk med meg alt pikk og pakk og hund. Inga sak når ein har ei veslesyster i kjellaren med bil og som stiller opp for å hjelpe billause. Vi fekk plukka opp ho som kom frå Kristiansund og eg fekk gå i gong med ei Pavlovakake i Mjosundet, for der var det kjøken. Så slik ordnar alt seg.

Men før eg reiste heimafrå fann eg ut at eg måtte noko.....

Den eine etter den andre eg møter er i lappeteppemodus. Og eg kjende at det ville eg også gå i gong med, følelsen vart mest desperat. Ei slik glede ville eg gje meg sjølv. Så eg rota i rotet mitt, velta kassar og målingsbøtter og fekk funne fram nokre nøste med fargar som eg trur skal passa til eit lappeteppe i skuvsenga. Dette fører eigentleg til mykje bra, eg får mindre garn å rydde opp i når sorterings prosjektet mitt er i gong, eg får lappeteppe og eg får kosa meg med å tenkje fargar. Men det som ikkje var så bra var at eg vart sitjande til langt på natt og hekla der i natta til den 17..

Likevel kom eg meg opp i riktig tid til ein så vakker 17 mai ein berre kan drøyma om. Vi fekk dekt opp eit frukostbord til å kosa oss ved. Og vi hadde GOD TID! Eg har ikkje barn i grunnskulen lengre, og yngste fekk leggja lista der det var riktig for henne også. Sjølv om ei 17. mai frå min barndom ikkje er hennar, og fråvær av søsken denne dagen vart litt tungt på tampen. Men likevel hadde vi ein passe triveleg dag, der eg gjorde meg tankar om tida. For ikkje så lenge sidan var eg av dei som flaug på små bein medan foreldregenerasjonen raga  høgt over hovudet mitt. No er denne foreldregenerasjonen ein gjeng gråhåra menneske med stokkar og høyreapparat. Og min opposisjon i tenåra er også eit støva minne, og dei som da sprang rundt på små føter da er no sjølv foreldre til barn som har slutta å springe. Og eg sat der som den godt vaksne, kjedelege dama som eg nok mest ikkje ein gong såg da beina mine kunne ha fart over tregolvet. Heilt til vaksne hender stoppa ferda, for ein skulle lære seg å oppføra seg til ein vart ei vaksa dame. No er det eg som heldt på å nærme meg dei gråhåra rekkjene. Det var tidskverna sitt malande arbeid eg såg på.

Det var triveleg å møta folk ein ikkje møter ofte, og det var godt å ta vegen vidare ut og heim etterpå. Til enno meir kaffi og kaker. Medan flagga blafra i lufta og fuglane song. Og vi hadde sunge nasjonalsongen i så høgt stemmeleie at vi peip på dei høge tonane.

På tur heim til Bakk og eit hus som ikkje hadde vorte pynta med flagg, og ei yngste som skulle ut å møte andre unge menneske på hennar stadig i livet, held verda på og rettar seg og siste dolpa i vegen heldt på å jamna seg ut.

Og medan timane gjekk til ho som var ute på livet kom attende, hekla eg lappar til teppet. Samtidig var eg i kontakt med henne som er ute og reiser, og som skal vidare frå Peru til Ecuador i dag. Ho hadde funne ut at tre månader er litt lang tid å reise i og gledde seg til å kome heim. Spesielt på ein dag som i går der ho ikkje hadde funne eit einaste 17.mai tog.

Og så kom mi fornuftige yngste heim og eg kunne legge vekk heklekroken.


16.05.2014 15:45

Det har hopa seg opp ein kø i hjernen sine korridorar. Den lager en propp som gjer ein stopp. Eg må til og rydde opp!

Eg har så mange spørsmål som ikkje får svar. Spørsmål som eg ikkje kan svare på før eg veit eit anna svar, men eg veit ikkje kva for spørsmål som kjem først eller kva for rekkjefølgje dei har.

Eg ryddar på vaskerommet, men det hjelper ikkje....

Så eg bør skrive ned spørsmåla, men skal eg skriva dei ned på papir, på mobil eller bruke pc....

Så blir dette eit spørsmål også, kva skal eg bruka? For saka er at eg må bruka noko som er eit hendig verktøy. Inne på mobilen min har eg lister av planar, men eg gløymer å sjå på dei etter at dei er skreve - så får dei liksom berre ein patina av tida etter kvart. Da er vitsen borte. Papir har ein lei tendens til å forsvinne, spesielt no. Men data har eg ikkje bruka til slikt, kanskje det er den eg skal forsøkje meg på no?

I morgon er har vi nasjonaldagen vår, og ein ting er sikkert, ein må ha klede på også ein slik dag. Alternativet er ein forskrekkeleg tanke. Men der reknar eg med at eg finn eit eller anna i skåpet, så det er berre å opne skåpdøra...... Kanskje heng det eit klesplagg der som liksom berre har grodd fram gjennom vinteren.

Vi får sjå. Bunadskjorta til yngste er i alle fall ferdig.

Men alt dette andre. Eg føler meg mest passivisert. I går gjekk fristen ut for ei påmelding og ei feiring av å møte gamle klassekameratar frå dei hine hårde dagane. Tanken var i starten at eg skulle, men eg kopla ikkje dette saman med at da er reisande dotter på slutten av reisa si. Og for lengje sidan kasta eg ut ein spontan tanke om at det har vore frykteleg artig å møttes der, da. Tanken har fått røter og har grodd seg til med dei forventningane som høyrer med. Eg reknar og tenkjer og får ikkje bestemt meg. I går sjekka eg overnattingar, og såg at det ikkje treng å verta så ille - om eg får bestemt meg fort. Men flybillettar har plutseleg vorte noko dyrare igjen. Og med tanke på kjøken, bil og at eg ikkje er rik er dette umuleg.

Men så tenkjer eg: "er det det?"

Da eg var på nettet og såg på prisar i går dukka det plutseleg opp ei melding gjennom skype. Ein framand amerikansk mann tok kontakt, og korleis han fann fram til meg er ikkje min tekniske data hjerne bra nok utvikla til å forstå. Og vanlegvis avisar eg slikt eg ikkje forstår, for på facebook har det i periodar vore forskjelleg som har dukka opp av slikt. Eg reknar med at slike kontaktar har ein agenda som ikkje går overeins med min. Men i går nytta eg høvet til å øve meg på engelsk, ein engelsk som er frykteleg rusten, frykteleg, frykteleg rusten. Kanskje det er eit teikn, tenkte eg, at eg skal bestille denne turen - at eg får øvd no. Så da det i neste omgang spela musikk på radioen frå ei gruppe som kom frå vår destinasjon om vi dreg, tenkte eg; eit teikn, vi skal reise! Eg har lånt meg ein engelskleksjon for å øve på, frå biblioteket.

Slik held eg på med dei små grå.

Enno er det mykje meir og fleir spørsmål i det stakkars hovudet mitt. Ikkje rart eg har eit trykk i det så kraftig at kjeven er vond. Men ute held sola på å øve seg på morgon dagen. Og eg må ta til å gjere slikt ein skal, mobilen har fått ladaren sin. Så nokre telefonar må eg nok taka i dag. Eg må gjere klart det eg skal til i morgon.

Og på golvet er ein stor hund på fluejakt, årets første flue er i floge, tung i understellet. Eg trur eg skal gje hunden mat, han er nok svolten.


15.05.2014 12:11


Nokre gongar når ein synest det er mye utfordring treng ein påskjønning. Men det er ikkje alltid ting er slik det verkar. Det er ikkje det.....

Eg sit her og undrast. Kvifor tek ein val som ein gjer. I går syntest eg at eg fortjente ei oppkvikking. Så går eg og kjøper slike ting som ikkje er bra. Sjokolade og eit par dumme ting til. Det har eg ikkje godt av. Så i staden for å være snill mot meg sjølv straffar eg meg sjølv. Tenkte på dette i etterkant, at eg tek slike val når eg synest ting går i overkant på tverke. Ikkje får eg meir overskot, ikkje vert eg sprekare med å pakke i meg slik guffe. Kvifor gjer ein ikkje det som ein har godt av?

I går ville ikkje dagen væra slik eg tenkte. På tur til Kristiansund med mor i passasjersetet, i sol over Tustna, startar ei lampe å lyse i bilen. Den er gul og har eit straumsymbol. Litt etter fungerer ikkje kilometermålaren, den står i null enda eg er i fin fart. Eg rekk å seie noko om dette, korleis veit eg kor fort eg køyrer no! Tenkjer eg får legge opp farten etter andre bilar, for det vil være i overkant ergeleg om eg køyrer for fort når eg ikkje veit farten min. Det fine er at eg slepp å være oppteke av dette problemet så lenge. Bilen gjer plutseleg mest eit byks, akkurat som vi køyrer på ein stor ting i vegbanen. Og så står vi. Vi står der heilt i ro i sol og vind. Bilen vil ikkje meir. Den har forandra seg frå eit hendig transportmiddel til eit problem på svært kort tid. I den ein og halve timen vi står og ventar er det mange som stoppar. Nokre vil gjerne sjå under panseret. Nokre snur og kjem attende for å høyre om dei skal hjelpe. Men den aller mest rørande responsen var dei som spurte om vi hadde vatn til oss sjølve. Det opplevde eg som ei svært god og fin omsorg. Det er godt å møte på alle desse hjelpsame menneska.

Vi hadde god oversikt høgt over vegen på tur attende. I kranbilen som henta bilen...og oss. Fekk løyst dette at mor skulle ein stad og eg ein annan stad. Men oppdaga at ladaren til telefonen min låg att i bilen som vart frakta vidare til verkstaden. Akkurat no er eg utan bil og utan mobil. Så da har eg eit par ting til eg må løysa på den forunderlege turen gjennom livet mitt. Det er mykje eg ikkje får gjort som eg skulle ha gjort no. Eg får ikkje henta og frakta eller ringt om ting eg spekulerer på og må orden opp i. Må berre utsette det til eg har løyst opp i dette eg står oppe i og da må eg kunne ringe.
Så i morgon, i morgon, men ikkje i dag.

Og - eg er ikkje uheldig, eg har berre ekstra innhald i livet. Akkurat no er eg berre utan kjøken, bil og telefon. Men dette varer ikkje evig. Enn til så lenge må eg finne løysingane. Har eg hatt alt på stell og ingen problem har livet vore ein tanke enklare og absolutt meir innhaldslaust. For alt dette som kryssar seg på livsvegen lager stort innhald. Men akkurat no har eg nok eit ynskje om å få lov til å reflektere over alt innhald i det siste og ha det beint ut litt kjedeleg. Berre ei lita stund i alle fall.

Men eg treng ikkje kjøpe meg guffe mat, det lagar ikkje energi og gjer berre alt meir utfordrande. Så det må eg huske på, sjokolade hjelper ikkje mot ein ting.


10.05.2014 22:45

Med å sjå attende ser ein framover og skjønar av no tida at alt er i endring. Ikkje berre eit kjøken som gjennom draum og uflaks fører til at det verkelege liv vert ein draum.... Det er endring.

Tida går og eg er fråkopla. Men er med, ein eller annan stad mellom fortid og framtid. Og eg gjer mitt beste i den no tida eg får utlevert. I det  siste har ikkje blogging vore nokon prioritert øving. Eg har heller ikkje følt for at eg hadde så mykje å dele. Eg har på ein måte nok med og henge med. Av og til køyrer eg blogg innlegg i hovudet mitt,  når eg er på tur frå og til noko. Da tenkjer eg desse tankane som kjem dalande i open romma. Tenkjer at dette må eg skriva om. Men så kjem det ikkje vidare, for det er alltid nye tankar og ikkje minst andre ting eg må gå i gong med.

Vi er i mai, og det er akkurat så vakkert som det skal væra no. Desse lysgrøne liene og den grådisige lufta. Det er ei så vakker tid at den gjer noko med ein kvar vår.
-Vakre mai.

Eg heng saman, utan at eg gjer det. Alt er meir eller mindre slik det har vore i lang tid. Kanskje er det ein liten skilnad. Prosjekt kjøken går framover, om det ikkje er ferdig. Vegger er vekk og nytt golv og nye vegger er lagt. Bileta under er slik det var og slik det er. Ikkje heilt fotografert  frå den same vinkel, men omtrentleg det same utsnittet mellom før og no.

Om nokre veker er kanskje alt ferdig. Det blir så fantastisk godt at eg sjølv mest ikkje forstår det.

Midtarste på tur går det bra med, dvs. ho var forkjøla sist eg var i kontakt. Ho har vitja Argentina og Brasil og er no kome til Peru. 1/3 del av reisa er unnagjort. Men fordi eg må tenkje så mange kjøkentankar har dette gått bra for meg også til no. Eg har ikkje kapasitet til å uroe meg.

Det andre som eg merker ein ørliten forskjell på er temperamentet mitt. Eg har vore så sliten at eg oftest ikkje har hatt kapasitet til å seie i frå når eg synest ting ikkje var riktige. Før visste eg kanskje ikkje at eg var ueinig ein gong, og eg hadde ingen energi til å orka nokon kamp om eg skjønte. Det er ikkje det store, men eg har registrert at eg plutseleg er i dialogar som har vore utenkjeleg før.  Men mitt stakkars hovud koplar seg ut like raskt, og kanskje raskare enn før. Men eg har gjeve meg lov til at slik er det. Gjeve meg lov til å væra sliten, og eg forstår at slik eg har hatt det er så mykje verre enn eg på nokon måte forsto. Eg møter den i alt omkring meg. I alle kassar og posar som vart borte på vegen og dukkar opp. -I haugar med papir. Så eg får ta det som eit bra teikn at eg kan stå på føtene i desse månadene med kaos, der eg er nøydd til og ha ei slags oversikt - og på en måte greie og ha føtene plassert på jorda. Så kanskje er alt mykje betre enn eg trur nå prosjektet mitt er over. Og at hovudet er mykje meir på plass og energien kjennes. For det var ikkje noko godt treff at eg skulle få vasskade når eg slit med energi som ikkje er der. Men vala av hendingar er det mange gong ikkje ein sjølv som styrar.

I går kveld da eg køyrde heim letta skydekket litt. Det regna så smått, men ut mot havet viste sola seg like før den gjekk under horisonten. Og der midt oppå brua måtte eg stoppa for å ta bilete.


27.04.2014 22:54

Medan sola går ned førebu ein ny dag seg. Ei heilt ny veke er klar for å rullast ut. Eg passar best å rulle inn.

Eg har gløymt å eta. Kjenner det, ikkje som svolt - men som ein skjelving i kroppen.

Utmatta skjelving.

Det er ikkje det at eg har gløymt det i heile dag, eg åt frukost. Til og med ein sein ein og ein kraftig ein. No står det potet å kokar som skal verta potestappe. Viltgryte, - restar etter i går, men potetstappa vart ete opp.

Det skal verta godt med mat.

Det er ei fantastisk tid for tida.

Vêrmessig.

Sol, varmt og grønt slør over liene. Livet er eigentleg berre utruleg herleg. Men eg har vore alt for lite ute i dag, eg har vore alt for lite ute i går. No når søndagskvelden er her, kjenner eg at den nye veka mi ikkje er klar til å starte.

Men det hjelper nok med maten som er ferdig no, sjølv om rosenkålen vart for kald og potetstappa fikk alt for mykje buljong. Mat er godt, som midtarste sa, da ho sat igjen ved bordet i eit barneselselskap som den einaste som sat att.

Medan eg skriv gjer eg andre ting og, slik som å trille søppel ned til vegen, laga ferdig maten, gje tulipanane eg kjøpte før helga vatn (eg har aldri sett så slappe tulipanar nokon gong som desse), sett på ein vask med klede. Slikt.

Eg har tent 11 talgljos på eit rundt fat. For å sjå om det gjer til at veka i emning kjennes betre.

Kanskje Alfred Hitckcock filmen "fuglene" tok for hardt på i natt.

I alle fall tek kjøken jobben på, det å få eit kjøken på plass. No er det bestilt. Endeleg er det bestilt. Tre dagar på rappen måtte til i Trondheim. Den 26. mai fekk eg som dato, så rundt den tid kan det starte å monterast opp.

Eg fann eit golv og. Kjøpt og betalt, men det ligg i Trondheim. Tok med ei fjøl som eg går å kikar på. Er dette det riktige golvet tenkjer eg og stirar. Av og til synest eg nei og av og til ja.

Men tida til eg har eit kjøken, - eit nytt kjøken, nærmar seg. Men først kjem nok ein periode med papptallerkenar og enno verre stell.

Etterpå, når alt er ferdig, kjem eg til å sveve over benkane.

 Da eg var på Ikea kjøpte eg nye stoltrekk til spisestuestolane, eg har lyst til å få farge inn i verda mi.

Eg gler meg til nytt kjøken, fargar og kunne nyte det og alt.


18.04.2014 23:03

Når sola skin og lagar grønt slør over skogen.... Når fuglane syng og alt glitrar..... Det er da det ingen ende skulle ta.

Så lakkar denne langfredagen mot ein ende, ikkje noko lengre enn ein vanleg dag. Det har vore ein svært vakker dag. Glitrande vakker, med blå himmel og sola som tok igjen for den grå regndagen i går. Ein kunne ta kaffien ute og det vart gjort opp til fleire gong gjennom dagen.  


Eg hadde lova mor og far ein biltur, og dette var dagen for det. Dei hadde koka kaffi på termosen og vermd opp kanelsnurringar som vi kosa oss med på rasteplassen utmed Mjosundbrua. Riktig nok litt kald vind, men det gjekk.

"Kvar skal vi køyre" ville eg vite. "Todalen!" sa far, og slik vart det. Så vi svinga tre kvarter i rundkøyringa på Kjelklia, køyrde forbi Aure kyrkje og tok innover dei krunglete vegane til Todalen. Passerte Tevika, Gresset, Torset, Bjøringa, Haugen, Vik, Ervika og så var vi i Todalen.

Du store verda kor herleg denne køyreturen var i dag. Våren hadde fått eit godt tak. Ekrene var grøne, skogen hadde fått eit grønt slør og ned etter berga kom det vatn i små fossar som sola laga glitter i. Eg vart heilt 17. mai-norsk, fekk lyst å synge alle desse nasjonale songane, men hugsa ingen. Eg fekk lyst til å være i alt over alt. Naturen ga meg mest eit sjokk, eit naturopplevings sjokk.

Sola og vatnet og glitteret.

Dei grøne blada. Berre ein kunne halda dette fast, at det kunne være akkurat slik til ein vart lei av det. 

 

Far vart sliten av alle inntrykka. Mor stråla over all våren.

Og alle var einig om at det hadde vore ein fin dag........for det passar å skrive her. Det hadde vore ein svært, svært vakker dag!

Attende og heime hos meg sjølv i kveld fekk eg meg ein ikkje fullt så bra oppleving, da eg skulle gå inn døra mi var den låst! Og eg meinte at den for eg frå open, slik at dei som bor nede kunne gå ut på terrassen oppe og nyta sola. Så der måtte eg innsjå at hukommelsen min var meir enn ille, svært ille fann eg ut. Det var ei trist oppdaging, men det kunne ikkje være nokon anna forklaring slo eg fast. Så fekk eg sjå at søster mi hadde prøvd å nå meg på telefon, så eg ringte henne opp att. "Eg såg Lucas for å sprang rundt huset" sa ho. "Og da eg såg bilen din var vekk sleppte eg han inn og låste døra". Gjett om eg vart glad, dobbelt glad og meir enn det-. Hunden var teke vare på og eg heldt ikkje på å miste hukommelsen. Eg hadde berre ikkje slege døra ordentleg igjen.

Og i pur glede måtte eg ta bilete av årets første kvitsymrebukett.

Den var eg å plukka før eg drog til Mjosundet. Lucas og eg tok turen ned til jordet nedanfor husa. Trur det var i fjor eg oppdaga at det var der kvitsymra kom først her på Bakk. For det er viktig å vite kor den kjem opp om våren.

Så slik kan eg pakke ned denne vårdagen og i morgon kjem ein ny. Til den dagen har eg funne fram skia mine.


<< 3 | 4 | 5 | 6 | 7 >>

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no