Å reisa langt bort

26.07.2014 02:32

Eg ville reise, men så vart eg sittande fast mellom for mykje av noko og for lite av anna. År går og neste  generasjon veks til. Ein dag står dei med billett til den store reisa.


"Skal vi møtest når reisa er mest til endes?" seier eg til mellomjenta som står der med tindrande augo og billett. "Kanskje Jamaica?"

Det er lett å kasta ut slike forslag. Yngste fekk lov til å slenge mellom håp og skuffelse. Eg var ikkje sikker på om vi kunne reise. Våren utover hadde vore krevjande. Jamaica gjekk vi fort bort i frå og det var nok bra, for inn dit kom ho ikkje ho på reise. Kva om vi møtes i California i Los Angeles, og vi som reiste heimafrå mellomlanda i New York og hadde nokre dagar der? Mange planar og tankar svirra gjennom lufta.

Vekene gjekk og ikkje noko vart bestilt og bestemt. Eg følgde med og sjekka både overnatting og reise. Så starta tida å bli kort for alt som måtte ordnast. Og eg såg reisa kunne gå og at den nok var ei viktig prioritering. Når avgjera var teke var det berre å få gjort det som skulle til. Turen vart avkorta frå to veker til ti dagar fordi vi fann ut vi reiste direkte til LA. Vi ville væra framme når ho som var på reise kom dit, den 29. juni.  Og vi ville reise attende med henne på same dag, den 9. juli.

Vi køyrde ned til Oslo og hadde nokre små timar hos eldste sonen. Og så var vi på veg, yngsteberta og eg. Første etappe gjekk til Amsterdam, kor vi skifta fly. Den lengste flyginga kvidde eg meg til, men den gjekk utruleg greitt. Det einaste var at eg gløymde å ta på med meg kompresjonsstrømper, så føtene vart frykteleg opphovna. Vi fekk eit par timar i Minneapolis før siste flyging til LAX og Los Angeles. Kva er Minneapolis mest kjend for spurte vi ein innbyggar. Han måtte tenkje seg litt om han sa "alle innsjøane".  Og dei såg vi frå lufta, det blinka i vatn over store område. I tillegg jorda, desse firkantane med vegar i mellom.

Med mest utlada telefonar landa vi. Det var mørkt og varmt. Vi hadde sett at Asbjørg ikkje hadde sett dei siste meldingane på facebook, den einaste kommunikasjonen som var mogleg med henne etter mobilen hennar vart stole i Panama. Men etter litt tid dukkar ho opp. Gjensynsgleda kunne få sleppa fri.

Etter mykje klemming ville vi bort til hotellet som låg ikkje så langt unna flyplassen. Og etter lang venting kom endeleg ein shuttle buss som gjekk til Four Point Sheraton. Det å legge seg på ein mjuk madrass under eit kvitt lakan med Asbjørg i same rom var berre svært, svært godt.

Neste dag gjekk vi ut utan plan for berre at ting skulle skje etter oppskrift frå henne som var på slutten av den lange reisa si. Vi fann ein busstopp, vi fann ein buss som gjekk i retning Santa Monica.  Etter dette vart det mange bussturar i dagane som kom, det var greitt å finne fram med google og buss.

Vi gjekk av bussen og fann oss ei gågate med ein is og kaffihus midt i gata. Etter den lange bussturen var det godt å unne seg både noko kaldt og varmt.

Det var litt rart å gå nedover ei gate for plutseleg stå over ein av dei meir kjende attraksjonane, piren med karusellen på. Ein har sett mange filmar, alt frå dei romantiske til over i krim sjangeren frå denne staden.....og kanskje andre liknande stadar. Og der vi sto måtte vi ta bilete av palmane, av kvarandre, av sanden, av sjøen....av alt og det meste.

Sanden var glovarm. Føtene mine vart kritkvite, Ingrun sine vart knallraud. Det var nok ikkje så lurt å gå med bare føter rett i sanden.

Seinare fann vi oss ein salatbar med nokre kraftig store porsjonar.


Dagen etter, med pannekake frukost på hotellet, finn vi ut at vi treng å ta verda med ro. Vi held oss ved bassenget ei godt stund, les bøker, badar  og slappar av, seinare finn vi oss ein gresk restaurant for middag, finn og ein liten matbutikk like ved hotellet. Og vi får bestilt oss overnatting ved Venice Beach.

Med kofferter og ryggsekk leiter vi neste dag etter der vi skal bo. Det skal ligge i  537 ½ Washington Boulevard, og vi leiter og leiter i varmen. Til slutt ringer vi og får beskjed om at vi ikkje kan få sette inn tinga vår før tre, men at vi kan sette oss på Cheescake factory. Det var av desse stadane som kelneren kjem og presenterer seg med namn. Det var utruleg godt å sette seg, drikka limonaden og få seg mat og sjå ned på alle seglbåtane nedenfor. Hit skulle vi attende sa vi, for å kjøpe ostekake. Det gjorde vi aldri.

Etter enda meir leiting, framom en sur taxi sjåfør som tok oss på og sette oss av etter ein u-sving, møtte vi vertinna, ho kom på slanke veldreidde bein nedover gata og vi vart geledda inn ei sidegate, inn ein port som mest ikkje gjekk opp og så sto vi der, framom der vi skulle bo dei neste dagane. Staden var fin, men sandete golv og ein følelse av at det var småskittent. Og da verten ser på jentene og gjev dei kompliment og samtidig seier at det ikkje er rart at dei ser å braut når ein ser på mora, da er eg vorte skeptisk. Kunne vi lite på nokon som lira av seg slikt. Men folka var sikkert heilt greie.  Vi såg ikkje meir til dei, heller ikkje da vi skulle, vi venta ein time for å få levert nøkkel - men da gjekk vi. Eg sendte ein mail som vi heller ikkje fekk svar på.

Elles var opphaldet der fint. Vi fann feiekost. Fann rytmen og korleis vi skulle vaska koppar utan oppvaskbørste. Vi reidde opp og pakka ned ekstrasofaen dagleg. I matbutikken ned i gata kjøpte vi mat, og vi la oss på den Amerikanske linja med søt frukost, fargerik var den og.

Vi sat ute i bakgarden, vi kjempa oss ut porten utan å slå døra inn i ein nedstøva parkert bil som sto der.

Vegen til stranda var kort, ned til Venice Beach, vi gjekk ned gjennom ei gate yrande av liv og full av restaurantar. Sanden og stranda var uendeleg med store rullande bårar. Og her møtte eg det neste Amerikanske symbolet, badevaktene i rødt og Baywatch, eg kikka etter Pamela Anderson, men henne såg eg ikkje. Elles såg det likt ut, men utan den dramatikken eg huskar frå dei få seriane eg såg. Men dei kunne blåse i fløyta si og helda den raude blåsa rett oppi lufta, det var dei svært flinke til :).


Frå ei av vakthyttene til badevaktene.

Vi tok og ein fotoshoot av eit erke Amerikansk motiv. Det var ein av dei seinare dagane, da vi gjekk og gjekk og gjekk i over ein time i varmen langs stranda, til vi var bort med Santa Monica igjen og eg trudde mest lårbeina lausna frå festet og ville stikka opp på skuldrene.

-  Asbjørg som drakk Coka Cola !


Ein dag med dragar på himmelen og den stadig rullande bølja.

Stranda havfrue

Men å få oppleve 4. juli var spesielt. Den dagen starta vi med å gå attmed kanalane. Dei hadde lyst til å lage ein kopi av Venedig her, og grov opp kanalar som det går små brue over. Alle husa og hagane som låg her var spesielt idyllisk. I kanalane låg små båtar og det var små flytebrygger. Vi gjekk her seinare og, og var einige om at det var kanskje her vi helst villa budd om vi skulle bo i Los Angeles.

Det å gå her på Independence Day var artig, yrande folkeliv og alle hagane med party i. På kanalane var det kapproing og folk sto i rundt og hoia. Om kvelden var det eit enormt fyrverkeri. Det lukta krut nede på stranda.

Om dagen var det så mange folk og så mykje som skjedde at det var vanskeleg å kome seg fram på strandpromenaden. Ein gjekk gjennom område der "rosmarin" lukta hang tjukk i lufta. Det var eit mangfald. Alle menneska, alle variantane, denne fridomen for variasjon. I tillegg var det ikkje søppel, ingen sneipar, reine gater og inga dytting og oppleving av trengsel, sjølv om det var så mange folk at ein mest ikkje kom fram.

Folk var berre svært høflege. Langs stranda i Santa Monica var det forresten røykeforbod. Eg høyrer til dei som har vore nokså negativ til det Amerikanske samfunnet. Etter denne turen har det nok mildna noko og eg kan absolutt tenkje meg attende. Både dit og andre stadar.

Under heile denne reisa låg tankane på å koma heim langt opp i overflata. Eg gledde meg til vi skulle reise heim, samtidig som en tenkte at eg ville attende hit. Aldri opplevd noko så snålt, for før har eg alltid gløymd Noreg under reiser. Denne gongen ikkje, men eigentleg var eg nok for sliten på forhand for ei slik reise. Det gjekk over  halve tida før stresset og irritasjon slepte taket, men eg fekk meir fri i meg sjølv mot slutten. Men eg angrar ikkje på at vi reiste.

Og som alt skreve, 4. juli var artig å få med seg. Jentene spratt heimover lang Venice Beach om kvelden, som barn eller høge på noko, tydeleg at dei ikkje var Amerikanske jenter der dei jumpa bortover og berre var høge på livet. Og eg i bakgrunnen, ei vaktbikkje som passa på den ungdommelige galskapen med vaktsamt blikk. For ingen skulle få lov til å krumme eit hår på mine jenter.

Så kom vi til den siste forflyttinga. Vi brukte to timar til Down Town og hadde eit busskift underveg. For ei nyting det var å sjå på folk, kva er det så gjer denne gleda av å studere menneske så stor? Alle menneska er så vakre, uansett er dei vakre. Og denne smeltedigelen av folkerasar. Auga mine åt og åt fråtsa i alt dei fekk lov til å sjå.

Og så var vi Down Town, 7th street. Litt forvirra begynner vi å gå, men vi rekk omtrentleg bare to skritt før det står ein hjelpar framom oss. "Do you want help?" Vi blir forklart retninga, takkar, og startar å gå i den varme asfalt jungelen. Kor langt er det, vi kjem opp til nr. 700, men vi skal godt over nr.1000. Distanser i denne byen er uvant for nokon som kjem frå små forhold i Noreg, der Oslo plutseleg fortonar seg som ein landsby. Vi ramlar saman framom eit gedigent bygg, og rundt oss reiser skyskraparane seg opp i himmelen. I desse polerte og reine gatene er det ein kraftig kontrast. Her kjem og baksida av dette samfunnet fram. Dei heimlause, det er mang av dei. Seinare denne dagen, etter vi har funne hotellet og er ute for å ete på kanskje den finaste restauranten vi er på i løpet av turen. Der vi har fleire til å oppvarte oss og brus og limonade glasa blir oppfylt igjen når dei er drukke halvveges. Asbjørg greier ikkje å ete opp all maten, og får den med seg. Ho vil gje den til ein av dei utanfor, og det tek ikkje lang tid før pakken skiftar eigar. Om kvelden ligg dei på benkar og steinar, over alt. I dette landet utan sosialt sikkerheitsnett.

Vi oppdagar at like bortom der vi bor er det ein undergrunnsstasjon, og med den tek det ca. 12 minutt opp til Hollywood. Og der, der vandrar vi plutseleg på Walk of fame.

Det er mange stjerner, og Ingrun finn ut korleis ein kan finne ut om folk er turistar. Dei som kikar opp er det ikkje, alle dei andre går med blikket vendt mot gata for å sjå om ein kjenner igjen namna i stjernene. Og det er eit eldorado av menneske som har sin oppgåve å være nokon andre enn kva dei er. Vi møter både Marlyn Monore og Tingeling. Fleire Johnny Depp'ar som pirat. Asbjørg får også endeleg draumen sin oppfylt med å ha slange rundt halsen.

Så går vi på kino, det einaste rette å gjere der film er ei stor næring. Vi ser ein kjempefin film som heiter Tammy og som eg vil tilrå. Svært bra skodespel, og ein underhaldande film som sitt i hovudet mitt utover neste dag. Den var svært realistisk seier ei av jentene, da må eg le............for i vår familie eller omgangskrets er det nok ikkje mange alkoholiserte bestemødrer som sjekkar opp menn og har stor aktivitet i baksetet i bilen, men filmen var svært bra.

Siste dagen i Los Angeles tek vi igjen turen opp til Hollywood og denne gongen let vi oss praie som turistar. Vi blir med på ein sightseeing på eit par timer, gjennom Beverly Hills og gudane veit kvar. Guiden vår snakkar konstant heile turen, om kor folk bor og små anekdotar både om seg sjølv og kjendisane. Eg har nok lika betre at det var løve, giraffar og slikt ein var på utkik etter. Den type opplegg på menneske som har gjort seg kjend med å vise ansikt på skjerm og lerret var kanskje ikkje heilt vår greie, jentene vart regelrett flaue og hadde lyst til å gøyme seg - at dei var med på noko så flaut. Så ille var det ikkje for meg, men kjendis interessa er nok ikkje så stor, men vi såg mange fine hus. Og utsikten ut over Los Angeles var formidabel på den einaste stoppen vi hadde.

Så var vi framme ved siste dagen. Sekk og kofferter vert pakka ned for siste gong. Eg ser at skal vi ta buss og undergrunn til flyplassen må vi skifta mang ein gong. Så denne siste dagen tek vi oss ein drosje. Orkar ikkje traskinga og varmen. I tillegg er vi alle tre vorte forkjølt og ryggen min er bortimot katastrofal. Eg gruer meg til flyturen heim i denne tilstanden.

Vi får noko som heiter god tid. Vi får sjekka inn, vi heng utom området. Oppbrotstemning er noko merkeleg. Ein venn av Asbjørg er med og skal reise vidare neste dag. Til slutt må vi gå gjennom og det viser seg at tida for Asbjørg blir litt knapp, for hennar fly går først. Men vi rekk å få oss noko mat.

Vi heng litt i rundt, ser i butikkar. Og eg forstår ikkje kvifor ein skal handla når ein er ute og reiser, for strengt teke har eg ikkje noko eg treng. Så vi dreg frå byen som eg fann ut blir kalla det "the big orrange" i motsetning til "the big appell" som er New York. Eg har under opphalde handla mat, overnatting, ein solhatt, lotion, handduk, solkrem og solmatte samen med noko anna småtteri som eg la att.

Turen heim gjekk så greitt for meg, både rygg og nase. Ingrun gjekk det ikkje så bra, ho fekk frykteleg vond og tårane spruta - men med saltvatn i nasen gjekk det på eit vis, altså saltvatn ført opp gjennom nasen, ikkje frå auga . Da vi var kome i flyhøgde spruta mine tåre også, eg tenkte på vennen til Asbjørg som sto att på flyplassen utan pengar og pass og som eg kunna gjeve nokre dollar til han skulle reise vidare neste dag, eg trur og det var ei spenning som løyste seg ut. Ei spenning som hadde plassert seg i kroppen så langt attende som til februar, vatn lekkasje og alt styr med kjøkken, tankar rundt henne som hadde reiseplanar og som reiste ut på reisa si, ei reise som hadde inneheldt nok til at eg kopla heilt ut ved eit par anledningar der skuffer til kjøkken vart heilt feil samanskrua. No satt ho i eit fly i same retning som oss eit par timar før oss. Og denne reisa var i ferd med å verta fortid. Spenninga for lang tid vart utløyst, eg måtte ta meg saman for ikkje å hulkegråta. Men det var ein reinsande og god gråt. Og litt merkeleg.

Så sto vi atter på norsk jord. Sonen kom og møtte oss, vi fekk henta bilen og han overtalte oss til å ta ei overnatting hos han før vi køyrde dei siste timane nord over. Og det var nok lurt, for dagen etter måtte er likevel ta ein sovestopp. Men lysta til å reise meir er ikkje sovna, den har nok vakna....


Tema: Å reisa langt bort

Hello Ingvild!

Tove 27.07.2014
Og gratulerer med vel overstått bursdag:) Du skriv så gjenkjenneleg. Kjekt å lese og ikkje minst godt å sjå deg og jentene saman igjen:) Vi har kome til Savanna på vår ferd, skal bruke denne veka på bilturen til Washington, veit ikkje heit kor ruta går, vi har god tid, men skal halde oss i staten Georgia nokre dagar. Det spøkjer visst her.....
Skal legge ut litt på pm på fb snart, i mellomtida må du helse kjente:)
Stor klem til deg<3

Re:Hello Ingvild!

Ingvild 28.07.2014
Hei Tove!
Takk, dagen kom og gjekk i kaffii- og bakelssalg. Har ikkje feira enno.
Det var ordentleg fint å være saman att med begge jentene :).
Det er nok fint å sjå fleire stadar rundt omkring, Georgia...da tenkjer eg på Georgiakake og sørstatene, men ikkje heilt sikker - er det i sørstaten? Må få høyre om spøkelset :).
I dag var eg ein tur innom kontoret, fekk opp rollup'en om 1814 i Aure. Snakka med Lars Kjetil, men skal huske på å helse på torsdag - da skal eg innom.
Kos dykk vidare på turen og du må slappa av og NYTA. Skal følje med på face.
Stor klem attende :)

Kommentar

Ruth Nistad 26.07.2014
Så fint å lesa om turen til det store utland. For ei oppleving for dokke alle 3. Denne turen hadde du vel fortjent Ingvild. Hels jentene :-) Ha ein fortsatt fin sommar :-)

Re:Kommentar

Ingvild 28.07.2014
Hei Ruth!
Artig at du ville lesa om turen :). Det var ei fin oppleving for oss alle tre. Skal helsa frå jentene.
Håpar det går bra med deg og at sommeren din har vore fin :).

Elementer: 1 - 4 av 4

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no