Blogg

20.09.2014 11:04

Helga er igjen her. Eg ynskjer den velkoma. Veka har gått med sitt. Eg er ein stad utanom orda. Utan folk. Det er og godt.


Så er også denne veka gått. Eg har ei helg for meg sjølv i huset mitt. Det vil seia at heilt sant er det nok ikkje. Det er både tobeinte nedunder og opp til fleire firbeinte her eg er. Eg har berre ingen heime denne helga. Kanskje det høyrest trist ut? Men det er det ikkje. Av og til er det svært godt å ha timar i sitt eige selskap. Berre vera i sin eigne tankar. Har sikkert vorte lei om det alltid har vore slik, men det er det ikkje. Og når eg har bruka så mange år på og presse på blir det nok slik. Av og til, spesielt om morgonen, kan eg oppleve at det til og med er for mykje med dyr som masar etter mat.

Så eg treng nok stilla og roa nokså mykje. Derfor har eg ei fin helg framom meg. Slik sett. Elles må eg gå i gong med det som er desidert det mest krevjande i tilvære mitt no. Det er verken å være utbrent eller at barna har utfordringar som for eksempel sjukdom. Det siste er i ferd med å endre seg også. På onsdag var midt-i-jenta utskreve. Legane fant ikkje nokon annan årsak enn at ho har hatt skikkeleg uflaks. Desse bakteriane dei fann hadde ein uvant reaksjon, dei hadde visst ikkje sett noko slikt ettersom eg forsto. Så eg vonar det er over med dette.

Det mest kvisame no er eit stykke papirarbeid og eit krevjande krav som eg føler sterkt urettsmessig, og som eg må greie å leggje fram bevis for er det. Og slikt er ikkje så lett når ein i utgangspunktet slit med energien og rett som det er mister det konstruktive og oversikt fordi ein er så tom for krefter at hovudet ikkje verkar. Det viktigaste verktøyet for tilvære.

Men - eg er ikkje slege ut. Og det er eit framskritt. Eg taklar. For ein ting er sikkert, det er alltid løysning og den må eg berre finna.

Så derfor er det godt med helga.

Veka starta med konsert på måndagen. Gaute Ormåsen hadde konsert med songar av Alf Prøysen. Alf Prøysen som var født på same dato som eg er født. Eg har den same skeive munnen som Prøysen, sikkert fordi eg deler dato... Konserten var heilt grei, fenomenal saxofonist. Ormåsen hadde nok ikkje den stemmen som passa best til tolkninga av desse songane. Synest eg.

Himmelen den kvelden, og mange kveldar -, var og er så vakker. Ein skulle berre sett og sett og sett. Drukna seg heilt med vakre bilete av kveldshimlar. Så sjela har bada i alle desse vakre syna.

Hausen er vakker. På onsdag vakna eg til ein dag der skodda var måla over landskapet. Over graset låg hattar av fukt. Skodda laga relieff i naturen. Da eg køyrde over bruene for å hente foreldre til Trondheimstur tenkte eg at det var på sjøen ein skulle vore. Segla forbi oddar og nes på oppdaging etter objekt for å fotografere. Naturen låg så hemmelegheitsfull og lokkande.


Det var sol og skodde i Trondheim også. Vi hadde ein hyggeleg dag hos midt-i-søster mi. Eg henta midt-i-dotter mi på sjukehuset og seinare køyrde ho heim til der ho no bor. Ho ville fortsette det ho hadde starta på, og det var bra ho hadde krefter til det etter veka med antibiotika intravenøst. Vi fekk god middag hos søster. Sola skein inn vindauga. Det var søndagsstemning på ein heilt vanleg onsdag.

I utgangsdøra hang eit spindelvev og glitrar. Eg måtte foreviga det. "Vi er søstrer ja," seier ho som er søster. "I går tok eg bilete." Og ved sida av meg oppdagar eg mi midt-i står og tek bilete av det same. Vi ser det same, vi er nok i slekt.


Så var vi framme ved fredagen. Eg kom heim litt seint, men likevel hadde eg kapasitet som har vore borte eit par veker. I tankar, sjukdom, tannpine og hovudpine, i alt dette kvardagen legg fram. Eg var forresten ein ny tur til tannlegen om morgonen og vil tru hovudpina vil forsvinna no.

- Støvsugaren kom fram og eg fekk stova slik eg likar den best. Så fekk eg sett meg ned med heimlaga skinkepai.  Tidleg kveld vart det og.

Og no, no skal eg fortsette slike ting eg må. Rydding, vasking og papirarbeid.

Og å tenke.

Tenke tankar både lange og ovale.

Og så ut, eg må å koma meg ut. Ut i natur. Ut i hausten.

Eg er. Eg er her med alle tankane mine.

I dag delte eg berre slik eg gjer, rydding, mat og slikt. Og gleda over helga. I dag kjem mest ikkje orda ut i fingrane mine og ned på tastaturet. Eg er så langt inne i mine eigne tankar i mi eiga ro. Det er også godt.

God helg.


14.09.2014 14:15


Ein grå dag er eit gode. Berre let tida flyte og framtida koma ein i møte. Det er alltid ei råd. Alltid.


Rosene som hang med nebbet i går fekk eg liv i. Det er bra. Det er godt og sjå på blomar. Rosa roser i ein vase. Eg kjøpte ikkje roser til denne helga. Tida går så fort og hovudet heng ikkje med. -Mest ikkje med at det atter var helg . I dag er eg svært sliten, eg skjønar liksom ikkje.... Skjøner ikkje korleis noko eigentleg skal gå. Alt tek så på. Farting tek på. Sjukdom tek på. Tankar tek på.

Da vi kom heim frå Trondheim i går kveld var det for seint å laga laurdagskveld. Vi vart sittande i den kalde stua litt før vi fann sengene våre.

Det var godt å være saman med henne som hadde ein fot dekt av plaster og bandasjer. Sjukesøstera som var innom såg så ung ut. "Ho ser yngre ut enn meg" syntes ho som var pasient. Det gjekk ikkje, ho måtte vera eldre. Ho var født i 91 fortalte ho i kvitt og altså temmeleg nyutdanna. Ho skulle kunne  det ho skulle for å jobbe, men erfaringa hadde ho ikkje enno sa ho. Snill og ung såg ho ut, to år eldre enn henne som låg i senga. "Eg blir så stolt" sa jenta mi, fordi dei i hennar generasjon hadde starta å gjera nytte for seg i samfunnet. Ho møtte mykje unge folk som arbeidde i dette nye sjukehuset med bygg som ber namn som Kunnskapssenteret og Bevegelsessenteret. Mest som ei vandring i framtida og ein by i byen, med talande heiser og maskiner som på trøndersk seier "her kjæm æ".

Etter nussar og klemmar måtte vi dra heim igjen, over dei mørke fjella med så mykje fukt i lufta at vi  bruka vindaugsviskarane. Da vi køyrde over Brekka la eg merke til det, dei blenkjande refleksa på alle pinnane. Dei var komne. Vegstikkene var på plass for vinteren. Dei venta på snøfokk og brøytplog. Sommaren var definitivt over, sjølv om temperaturen har vore mild og snill. Og med dette synet rasa hausten også bort.......men håpet er at dei mest får stå berre til pynt med unntak av nokre skiturar i den aktuelle sesongen.

Søndagen ligg som ein sveip over dagen og hovudpina er så intens at tablettar må til. Vil tru eg får fri frå den når neste tannlegebesøk er unnagjort. Trur det er til fredagen. Onsdagen er det Trondheimstur igjen, da er det andre i familien som må framom kontrollen og eg kan kanskje rekna med at ho i midt i enno er der ho er. Kanskje eg kan kombinere det med at ho kan få være med heim. Det har vore svært fint.

Den veka her må eg og få på plass opp til fleire papir. Dei er økonomisk tufta og kan føre til verken "hus eller mat" i verste fall. Ein kan bli frykteleg lei av alle desse kampane på alle hald. Men ein kan berre ta ein ting om gongen, og eg tenkjer på all lærdom ein også dreg med seg. Den må da kunna nyttast til noko. Da eg vakna i dag måtte eg vase med mest alle problemstillingar i livet mitt. Det er overveldande. Men no har heldigvis dagen laga rom for veggane som skil, slik at alt ikkje ligg som ein einaste floke som morgonljoset fint greier å skape. Timar har gått, telefonar er tatt, ting er gjort inn i mellom skriving.  Eg kjenner på løva i meg. Den er meir kampklar no mot slutten enn kva den var i starten av alle desse ord i dag. Det er bra.


13.09.2014 13:28


Og så sit vi her - igjen. Ein fredagskveld. Og kan dra anden heilt ned i magen og tenkje; well done.


Det er fredagskveld og den er farga gyllen. Sola er på tur ned attom fjellrekkja. Klokka har passert halv åtte om kvelden, så dagen er korta inn. "Er du svolten", seier yngste, og vi blir einig om å venta litt med maten. Indisk halvfabrikata i kveld. Noko meir har eg ikkje kapasitet til. Ikkje yngste heller, ho er oppbruka etter veka. Eg føler meg både vridd og tukta. Men eg kom meg gjennom, eg kom meg gjennom utan å gå over ende. Eg kunne lista opp ei nokså lang liste med krevjande oppgåver. Oppåver eg følte krevjande, nokre meir enn andre. Men det har vore temmeleg kjedeleg lesing. Det har så lett og bli unntakstilstander i dette livet mitt. Synest eg. Eg har opplevd eit par gong å få spørsmål om eg trur det er så mykje verre for meg. Så eg klagar nok i overmål når eg får slike spørsmål, som eg opplev i retning irettesettande. Men ein slik konkurranse har eg ikkje lyst til å vinna, om og ha det verst. Så eg blir litt sett ut over  å få slike svar. Eg har ikkje lyst og ha det verre enn andre, så her dukkar den sanne meg fram..... Heilt greitt om andre har det verre......eg kan godt tenkje meg å ha det best av alle eg! Men det er ikkje heilt fint å ynskje at andre skal ha det verre heller. Men eg vil ikkje ha det verst! No veit eg at det har eg ikkje, det er mange som har det ille. Svært ille. Eg synest ikkje det er bra. Eg trur ikkje eg synest så synd i meg sjølv eigentleg, så får nokon den oppfatninga, da gjev eg frå meg feil signal. Eg blir berre lei inn i mellom.  Alt dette som ikkje kan veljast bort. Men eg har optimisme, humor og eg har det bra. For eg har både mat og tak over hovudet. Eg kan gå på føtene mine... ja, til og med springa, - om eg har trena. Så eg har ingenting å klage over ein fredagskveld. Når eit stramt løp er over og eg kan sette meg i godstolen.

 

I morgon skal yngste og eg ut på farten.  Vi skal vitja ho midt i. Eg skal opp til Trondheim, igjen. Til henne som eg synest synd i og som i går var svært redusert. I dag var ho betre. Ho blir på sjukehuset i helga også, ho får behandling. Får håpe ho kan nøste seg inn på livet sitt igjen, det nye livet og studiane.  At det ikkje kjem fleire sår, at dei held seg på den eine foten under kneet, at dei som er grør og at forklaringa på dette som skjer henne snart er avdekt. Og at ho slepp smertene.

Det er fredagskveld. Sola er no borte og det er på tide å tenne opp i omnen og lage tikka masala. Har kjøp nanbrød til. Denne fredagskvelden skal nytast minutt for minutt i lange, rolege drag.

Og så er det laurdag. Natta gjekk fort og tok mange timar. Eg vart sjokkert over at eg hadde sove så lenge. Vi et frukost med data i fanget. Vi diskuterer kva dei tek opp på radioen. Om å gje til kjenne namn til folk som har gjort lovbrot. Dei har diskutert denne saka på skulen fortel yngste som går media og kommunikasjon.

Vi skal snart sette oss i bilen. Ho på sjukehuset skal ikkje operer i dag likevel, den er utsett til i morgon. Visst ikkje at det vart operert i helger.

Vi må til å virke. Vi to som sit her og trykker på tastaturet.


07.09.2014 10:59


Det er fint og fagert og akkurat slik eg kunne tenkje meg september. Så om mykje anna ikkje er det, er like bra, er det viktig å gjera noko med det som er bra.


Å stå opp til ein søndag den 7. september til mest 20. grader er ikkje noko som har skjedd årleg kan ein seia. I tillegg er det overskya. Eg har lagt planar for dagen. Eigentleg er eg ikkje glad i slikt for tida. Dei kan taka pusten frå meg.

Det er stille i huset. Berre hunden som luskar over golva og kattene som vaskar seg. Frå underetasjen høyrer eg ingen ting. Yngste er heime og er trøytt. Eg let henne sove. Sist helg hadde ho arbeid det meste av helga.

Eg har ikkje fått ein injeksjon av energi enno, heller det motsette. Hovudet mitt er nokså avkopla. Men så har det vore rota inni det og. På fredag fekk eg time hos tannlegen, og eg var nok redd så det heldt langt inn i neste lysår. Så lenge som eg har gått og hatt udefinert vondt, i tenner, og i hovud. Rekna med at det var rivgale, at mest alt måtte ut. Eg la meg i stolen med ei føling av dommedag. Redd for kva eg fekk høyra, redd for smerter i munn og pengebok. Det er ein heilt absurd handling å frivillig gjera noko slikt. Etter det var teke bilete av tragedien prøvde eg å tolka andletsuttrykk hos sekretæren."Gjekk ho ikkje vel raskt ut av rommet, såg ho ikkje vel uanfekta ut....", eg tolka og førebudde meg. Alle musklar var i spenn.  

Slikt tek nok på. Eg har vore heilt i ørske etter dette besøket.

Resultatet var nok at pengeboka må ta den største smerta. Sjølv om eg låg der å gapa og knytte never og ein mangfald av musklar rundt om i kroppen, så kan eg ikkje seie at det var vondt. Ikkje ein gong sprøyta med bedøving var så ille. Det var ikkje nokon betennelse, men fleire hol, heile tre, ved sidan og under gamle amalgamfyllingar. Den eine vart teke der og dei to andre skal eg attende for å ta. Så no forsvinn fleire av dei gamle fyllingane som eg har hatt der det meste av livet.  Akkurat det vil ikkje bli noko savn.

Eg var så letta over å høyra at ingen tenner skulle ut, og at sannsynleg kom hovudpina av at eg spente muskulatur i hovudet når eg togg maten. Eg var nok så letta at tårene starta og trilla, slik at eg følte meg passe idiotisk der i tannlegestolen. Men den søte tannlegen sa at det var heilt i orden, og uansett...... hadde eg ikkje noko val.
Tårene måtte ut.

Derfor trur eg dette besøket riktig tok på. Så eigentleg har eg berre lyst å flyte rundt, medan eg kjem på plass. Men slik er det ikkje.

Så i dag har eg lagt opp til middag og gjester og ser ingen rimeleg grunn til å avlyse. Og for å få dette til blir det nokre mil med bil, både for å henta og for å bringe. For eg tenkjer å ta med meg folka ut og opp på seterliv, med graut og spekemat. Derfor trur eg det vil gjera meir godt, - koma seg ut og opp i eit anna miljø, enn å skippa planane. Og med tanke på at yngste skal ta ein buss i kveldinga, må eg nok til å virke. Men desserten er ferdig.

Riktig fin søndag. Husk å bruke tanntråd.


04.09.2014 11:01


Er i gong med å kome i gong. Dagen er tung i baken, men opp skal den....



Dagen har starta, men eg er utapå den enno. Litt seinare skal eg slik som ein oftast skal. Eg har laga meg appelsinjuice, kaffi og rista brød. Eg skal greie å krype inn i dagen. Hittil har det vore pusling, har vatna planter. Hadde til og med næring i vatnet. Det er torsdag, og eg er bedt på middag etter eg er ferdig med det eg skal. Har greidd å bruka gule lappar, hengt opp og teke ned. Det er eg fornøgd med. I går svinga eg meg til og med rundt med kantklipparen, fikk unna noko. Det lange, gule graset må vekk før vinter, slik at neste vår ikkje må kjempe seg gjennom slikt som blir om ikkje det blir klipt.  "Ring tannlegen" står det på ein lapp. Den må eg ta no. Hovudet har vore vondt lenge, og det er nok tenner - for det er vondt i dei også, på omgang. Frykteleg kjedeleg og lite artig.

Ein god erkjenning ramla ned i hovudet mitt. Det er noko som held på å skje. Kaoset held på å krympar. Eg har funne eit system som verkar kan fungere på posten også. Eg har dedikert ei skuffe til formålet og kjøpt inn fem mapper. Ei til kvart av barna, og ei til ubetalte regningar og ei til utførte. Dette systemet virka som det skal virke. Eg har prøvd mange, div. hyllesystem, permar, esker og og...      Ja, prøvd har eg. Ein annan ting er så klart at eg er for det meste her er i leine også no, men eg kan nok klare å lage rimeleg bra uoversikt heilt på eiga hand. Det er ikkje noko problem å få til.

Men no får eg ta denne telefonen. Og så må eg sjå om dagen kan reise seg opp på beina sine og kome i gong. Kanskje eg skal ta meg ein tablett for hovudet, kanskje det hjelpe for å være tilstede i dagen, når ein ikkje kjenner det er vondt og rart.

Rekneskapet mitt no er at mykje fungerer tilfredstillande, noko er skikkeleg heilt på trynet. Men eg heldt motet oppe og vandrar lystig i veg med gule lappar i handa og plystrar "don't worry , be happy".


02.09.2014 23:45


I kjølvatnet av ein dag kjem erkjenninga. Ein ser, er og lærer. Alt er slik det er.


Det slokna i omnen. Eg fekk lyst til å tenne opp i dag. Så kom og regnet.  Eigentleg var plana å kome seg ut i ettermiddag. Men eg var både tom og skrapa. Eg var som ein smultring det blas i gjennom. Tankar fekk ikkje feste. Så er det berre og stadfesta at slik er det. No er det slik. Eg må gje meg rom og fred, det er ikkje gong i å forlange at tankar ut av funksjon skal virke. Eg må gje meg det rommet og vente til kvila har reparert. Og etter kvart vil eg håpe det tek lengre tid mellom dei koplar ut. Tankane. Eg må gjete informasjonen slik at den held seg på plass og ikkje forsvinn. Har gått til innkjøp av ei blokk med "gule" lappar. Dei er riktig nok ljos grøn, ljos blå og rosa......men funksjon er den same. For ikkje å gløyme. Men eg gløymer å skrive opp, så først må eg hugsa det. I dag tidlig tenkte eg på at eg må slå av unyttig skvalder, det kan også krevja for mykje energi. Meditasjon, tenkte eg. Og så kom heile smørbrødlista med å leggje seg tidlig, ut å gå tur, ete sunt, være fornuftig i alle baugar og kantar. Men eg er nokså fornuftig. Eigentleg. Men eg kan så klart bli betre, mykje betre....... Seinare. Ikkje akkurat no.

Det å leva har verkeleg eigenskapen med å gje lærdom. Eg har lært at det er ikkje nok å bestemme seg for noko. "Eg vil og eg skal" er smuldra opp til erkjenninga at det ikkje er nok. Det må meir til. Ein må og ta omsyn til seg sjølv. For tjue år sidan følte eg at eg var ei brølande løve. Eg kunne klare ALT!

Men eg trur....eg trur. Eg kan mest være tilbøyeleg og tru at alt går......til og med at eg og kan verta yngre. Men der går nok ei grense. Det er berre det at ein må ha lov til å kunne ha det bra. Rabarbra.

Og eg har rabarbra....så vidt. I hagen. Men dette året var det året hagen ikkje hadde plass. I kjøkenstyret, ferie og å støtta dei som treng. I dette var det berre plass til å gløyme tanken om hage.

Og slik og slik og slik. No har eg lært dette, korleis det blir når energien forsvinn. Eg har gått mange år i denne klassen. No har eg skifta klasse og held på og skal lære meg korleis det er å få energien fylt opp. Det er det eg er i gong med no.
Full tank takk.


01.09.2014 21:46


Om kvelden et eg ikkje kveldsmat. Middagen brukar å værta for seint. For oftast brukar middagen å væra alt for sein.


Det er kveld. Første kvelden i september. Hausten sin månad. Dagen har oppført seg som ein sommardag. Varm og god. I kveld kom nokre dråpar med regn. Eg har tend talgljos. Og eg et kveldsmat. I kveld fekk eg lyst på kveldsmat. Eg smurte meg nokre brødskiver. Så her sit eg og føler meg litt før i tida.

Da åt dei kveldsmat. Mor og far gjer det enno.

Sidan sist eg skreiv her har eg skreve fleire innlegg. Men dei blir ikkje posta. Så da skal dei nok ikkje det. Det er ikkje alt ein treng å posta. Det held å skriva. For det er det som er viktigast

Himlane har vore vakre i det siste. Fargane. Ein dag på tur heim måtte vi køyre ned til sjøen. Berre for å ta bilete av himmelen. Desse vakre, klåre himlane på slutten av august, etter sola har gått ned. Det er andakt over dei.

I går kveld skein ei raud sol oppe i fjellet. Ei helsing frå dagen medan fjorden spegla seg mørk under fjella.

Det er som fingertuppane når tak i sommaren, enno er den så nærme. Den var i går. I dag er det haust.

Eple, sopp og bær.

Matauk.

Dagane kortast ned. Eg har kjøpt meg garn, sjølv om eg har fleire prosjekt. Verda fortset inn i det uvisse, heile tida. Restavfallet tømmast ikkje kvar veke lengre. Vi går mot ei kaldare årstid. Men enno når eg sommaren. Den var her i går. Den var her på overtid i dag. Kanskje den vil henga ved enno ei stund. Kanskje.......det vil være svært fint.

Eg et kveldsmat. Tallerken er mest tom. Det er kveld. Det er den første haustkvelden i år.


24.08.2014 17:29


Søndag for tankar. Tankar som skravlar i stillheita. Medan august tuslar stille mot å låsa igjen sommaren si dør, sit eg her og metter meg med ord.


Eg sit her og kan ikkje så mykje anna gjera, skriv eg. Samtidig er det heilt feil. Det er så mykje anna eg kan gjera. Men akkurat no sit eg her, gjer ikkje noko anna enn å skrive.

Men kvifor spør eg meg sjølv, skriv eg, og synest det er eit frykteleg dumt spørsmål. For eg veit da kvifor....eller gjer eg det? Dette spørsmålet har eg snurra rundt tunga som ein smaksprøve ei stund. Kvifor?

Dei første spørsmåla eg fekk frå andre enn meg sjølv er frå attende i tid. Kvifor, kva for behov var dette tufta på? Var det for at eg hadde så lyst til å vise meg fram på noko vis, tolka eg spørsmålet som. Ein nærliggande tanke eigentleg. Var det derfor? Dette måtte tenkjast over, og eg må seia eg var nokså letta da eg kunne sjå meg beint inn i augo og seia, "nei, dette er ikkje for å flasha meg sjølv eg skriv blogg". Så det første eg vart klar over var at det handla om kreativitet. Det var denne måten eg kunne og kan bruka dette buldrande behovet for å væra kreativ. Ei urkraft som må ha ein plass i livet mitt.

Først tenkte eg at det handla om å arbeide med eit bilete, for bilete er viktig i blogg. Det å forsterka biletet for å illustrere ein tekst. Men det var noko meir.

Orda.

Orda har eg i mange år tenkt er som fargane. Du kan komponere eit bilete med fargar, med kontrastar, linjer og rytme. Men akkurat det saman kan ein med ord. Ord som blir sett saman til tekst. Ord er så enormt mykje. Det er sakprosa, nøkternt, objektivt og fri for adjektiv. Eit språk som ikkje er til for seg sjølv. Så har ein det skjønnlitterære språket, som er historiene, forteljingane frå det blå og andre gong; mindre og større kjernar av verkelege hendingar.  Vi er omgjeve av orda. Både dei ubevisste og bevisste. Er det noko som inneheld kreativitet er det orda. Ord er som små drops som ligg på tunga og som ein kan gleda seg over smaken av. Sett saman til setningane er dei sorg og glede, dei er nye himlar med stjerner på. Dei er nærleik og avstand. Dei er som paletten målaren arbeidar ut i frå. Ord er kreativitet. Eg hugsar norsktimane i den vidaregåande skule, muleg vi hadde ein bra lærar. Men eg sat der og brann inni meg, eg vart varm i kinna. Eg hadde det fantastisk når vi gjekk gjennom slikt som dei "fire store" og alt det andre. Det var så mykje å høyre om. Eg hadde ikkje lyst til at timane skulle ta slutt. Eg hugsar Språkteigen på radioen, eg kosa meg da og (programmet går enno, men lenge sidan eg har høyrt det).

Men det er meir som gjer skrivinga viktig for meg, at eg skriv blogg. Det er ein slags terapi, både medan eg skriv og etterpå. Eg er utdanna der teikning og komposisjon er grunnlaget. Men eg likar mest ikkje noko av det eg sjølv gjer. Eg blir flau over skryt over teikningane, for eg er ikkje einig, eg ser for mykje feil. Eg veit det kan gjerast så mykje betre. Men skrivinga, det å skriva, eg likar å lesa gjennom det eg sjølv skriv. Kanskje fordi eg kan så mykje mindre om å bruke orda enn streken, kan så hende...? Eg kosar meg i alle fall med det, heilt til eg snublar i ein skrivefeil eller feilbruk av preposisjonar. Noko eg er meister i begge delar. Men elles  kan eg lesa opp att og opp att det eg har skreve. Gu'hjelpe meg så sjølvoppteke dette kan høyrast ut. Men når nokon seier noko positivt om skrivinga blir eg oppriktig glad.

Samtidig er dette delvis i dagbok sjangeren, derfor er det også mogleg med refleksjonar for meg sjølv etterpå. Eg les gjennom det eg har skreve, og berre eg veit kva for følelsar eg hadde da eg skreiv. Eg kan etterarbeide, tenkje over mine eigne tankar og sette det i ein større samanheng. Det får ein terapeutisk verknad for min eigen vandring i livet. Ei stadig spegling av tankar, handlingar og opplevingar ein går i gjennom. Av og til kan det gå med ein del tid, men eg har komme fram til at det er viktig anvendt bruk av tid. No.

Den siste grunnen til å skrive høyrest kanskje oppkonstruert ut. Men den er faktisk reel. På bakgrunn av at eg er glad i ord, er det å øva seg heilt greitt. Øve seg i språket. Øve seg i å sette saman orda, få til noko med dei. Oppdaga at no har eg problem med å og og. Kanskje eg må sjå meir på korleis dei reglane var. Er det lov å skriva slik eller slik. Og da eg fann ut at eg skulle gå over til å skrive nynorsk for ei tid sidan, var det bra å kunne trekkje det språket opp av hatten igjen. Føle at ein får litt betre herredøme over det. Rett og slett helde skrivinga og språka varm. Tenkje over korleis orda skal brukast. Kva for tid skal eg skrive i, skal eg blanda? Og her, her i bloggform brukar eg dei som fargane. Eg lagar fargelagte teikningar ut av livet mitt, utan eg vert for personleg.

Men nødvendigvis vil eg verta nokså personleg likevel. Eg må gå i gjennom i tankane at dette ligg opent ute, er eg komfortabel med at folk les dette? Les om at eg ikkje ein gong er i nærleiken av eit "perfekt" liv. Og korleis kan det tolkast? Dette er avhengig av kva for briller folka har som les. Ser dei kommaet,  og apostrofen? Blir det oppfatta kor trykket ligg. Nei, og det kan eg aldri væra sikker på. Orda er som fri fuglar når dei er slept ut. Eg vil aldri vita kor dei hamnar. Dette har eg spurt meg om, og eg er einig med meg sjølv at eg tek den sjansen.

Så når eg opnar opp for min eigen slitasje og avgrensing i dette stadiet av livet mitt, så er det for at eg tru mange opplev akkurat det same. Eg har ein rikdom som er mykje større ein gods og gull. Eg gjev meg sjølv lov til å være meg og i tillegg øver eg meg på å bli enno betre på det. For dette er noko som eg synest er så viktig. Det at vi gjev plass til oss sjølv i liva våre. Dette at ingenting nødvendigvis er slik vi trur. Dei vi ser rundt oss har ingen den dårlege agendaen vi kanskje kan tru og ikkje veit...... Eg meiner at det å opne dører og vindauga i hus gjev friskast luft. Slik er det i livet også. Opnar vi opp gjev vi livet meir fridom. Det er alltid mykje meir slitsamt å prøva væra nokon ein ikkje er. Og alle liva som vi alle har fått er verken mindre perfekt eller meir urettferdig enn andre sine liv. Mykje vil vi forstå hos kvarandre om vi opnar opp. Om vi gje kvarandre fridomen til å væra den vi er.

Alle.

Ikkje på bakgrunn av andre. Berre på grunn av oss sjølve. Men dei andre er viktige for oss. På godt og på vondt. Kan eg ordleggje meg slik at andre kjenner seg att og dei forstår at andre har det slik som dei sjølve, og om det kan være med på å lette på noko som ikkje er så lett......

Så slik og slikt og bortetter......

Så derfor, derfor alt dette, bloggar eg. Og sikkert eit par ting til. Men så lenge det gjev meg glede fortset eg. Og finn andre glede i å lese blir gleda dobbelt så stor.

Takk for meg :).


19.08.2014 23:39


Ein dag som går over i historia med ei historie.


I dag skulle eg vera heime. Det var plana. Eg trong det. Men så trong andre meg også, så slik ga eg vekk dagen i dag.  Men eg har ikkje så mykje å gje. Hovudverken var på plass og eg vil nok ikkje seia at eg var eit oppkome av energi.

Kom heim i kveld og fekk gjort litt. Fekk eit slikt kjøkenanfall. Sette ein surdeig. Fekk ein barnsleg lyst på karamellar og sette det på kok. Tende også oppi omnen for ein liten lunk. Fekk i gong ein vask med klede. Så tok eg med meg boffen ut. I dag var asfalten tør og lufta hadde denne seinsommarkvila. Alt så metta. Det er fint når det er slik. Eg ville sjå om eit område der det er mykje bær, men det såg tømt ut, sikkert fuglar. Turen var i ruslefart, berre sjå, tenkje, være der eg var. Ikkje så mykje å skrive om eigentleg.

Kanskje eg berre skal sleppa orda fri og sjå kva dei vil setta samen, sjå om det kjem ei lita forteljing.... Den må handla om ein dag på ettersommaren. Der svalene flyg over markene og stuper ned mot jorda.

"For å fange fluge" seier bestefar. "Når dei flyg så lågt betyr det at vi får regn". Elvira ser gjennom glasbrote. Det er grønt. Når ho ser gjennom det vert verda grøn og ruglete. Ho klør på myggstikket på leggen. "Har du funne dei", spør bestefar og ser bort på henne. Han står og kvesser ljåen med ein hein. "Nei", seier ho og legg i frå seg glasbrotet i eit holrom i muren. Ho må leite meir. Da ho kom ned til frukosten i dag såg ho at Josefine Missimor hadde vorte slunken i buken. Ho hadde vore borte i godt over eit døgn, og no sto ho og lepja i seg mjølka som bestemor hadde slege i skåla. Ho slukte også fiskerusket før ho forsvann igjen. Elvira såg ho gjekk i retning av fjøset. Ho har leita. Men det er ikkje lett, for om kattungane ligg på låven i høyet, er det eit stort område å leite i. "Du må berre være forsiktig" seier bestemor, "så du ikkje kjem i skade for å trappa på dei".

Elvira har vært hos bestemor og bestefar i heile sommar. Ho har sakna mor og far. Far vart sjuk, og dei fann ut det var best slik. Bestefar og bestemor var svært snille. - Og onkel Arne. Men onkel Konrad var skummel. Han las mest avisa når han var inne, og så kremta han heile tida. Onkel Arne fortalte eventyr. Om troll og prinsesser og slikt. Men snart skulle ho visst heim att. Ho hadde så lyst til å finne kattungene før ho måtte reisa.

I dag skulle dei vitja tante Erna ho og bestemor. Tante Erna budde i andre etasje i stasjonsbygningen. Ho var gift med Jørgen og dei hadde ein liten jentebaby, og så hadde dei  Magne Ottar som mest var like gamal som henne. Men ho var gammelast. Ho gledde seg til dei skulle dra nedover. Dei skulle sykle.

Bestemor sykla og ho sat på baksetet. Vinden blas i panneluggen da dei trilla nedover. Ho heldt godt tak i bestemor. Bestemor song ein glad song der dei trilla i veg.

Magne Ottar gøymde seg litt attom føtene til tante Erna da dei kom. Tante lo og sa han var nok sjenert når han fekk besøk av ei så fin jente. Magne Ottar sa mamma og pappa, det høyrdes litt fint ut syntes Elvira - og rart. Kunne ein vera like glad i ei mamma og pappa som i mor og far undrast ho. 

Tante Erna hadde steik vaflar, og så fekk dei saft til. Magne Ottar ville vise henne byggesettet han nettopp hadde fått. Det var treplater med hol i, og så kunne det skruast saman med fargerike skruar til kraner og sikt. Men da babyen skulle stellast ville Elvira være med å sjå. Ho fekk hjelpe til med å knyte opp snorane på labbane. Men babyen sprella med føtene, så det var ikkje heilt enkelt. Etterpå leika ho blindbukk saman med Magne Ottar. Dei bråka visst for dei var hysja på, noko som var litt ekkelt syntest Elvira.

Da dei skulle heim kom onkel Arne med den blå lastebilen, sykkelen var lagt på lasteplana. Dei fekk plass alle tre i førarhuset. Onkelen tøysa ikkje slik han bruka. Han var stille og såg mest sint ut. Ho kjende ho fekk mageknip av denne stillheita.

Attende sit både bestefar og onkel Konrad på kjøkenet. Ljoset i taket er tent og ein møll er kome inn og klaskar rundt kuppelen. Bestefar ser på henne da dei kjem inn, augo hans er så tunge. Ho kjenner handa til bestmor kliper fast i hennar og kjem med eit sukk som eit hikst. Kvifor er dei vaksne så rare? Så seier onkel Konrad, som aldri snakkar til henne, "du kan ikkje reise heim i overmorgon likevel, men du kan leita etter kattungane".

Trur eg sluttar her.....blir for mykje å skrive meir. Slikt kan ein fortsetta all natt med. No er kvelden så vaksen at den mest er natt. Men det er så mange historiar i verda. Har du tenkt på alle historiene som ikkje er funne enno? Av og til kan det være fint og avslutte dagen i ein historie, sjølv om denne tok ei vending som kanskje ikkje var så lystig.

No skal eg smaka på karamellane før eg legg meg.


18.08.2014 20:59


Endeleg har det skjedd. Endeleg. Etter mange år. Eg har debutert og har ein svært, svært god oppleving av det.


Eg trur det har regna i heile dag. Slik smått, tett regn som gjer at du blir våt heilt inn i sjela. Det er ikkje ein slik dag ein planlegg uteaktivitetar. Før eg kom meg heim tok eg turen framom foreldra mine, fekk servert gammaldags seibiff og med kaffi etterpå. Så dette ga eit resultat av at eg kom meg seint heim.  Eg tenkte på boffen, korleis gjekk det eigentleg med han - han ville ikkje ut da eg reiste av garde om morgonen. Hadde nok noko med regnet å gjera reknar eg med. Så eg førebudde meg på vasking, den stakkars hunden kunne ikkje halda seg ein heil dag. Og klarte han det fortjente han at matmor tok han med seg ut på tur. Er det noko som er særleg meir utriveleg enn å gå langs ein våt, asfaltert veg medan sprutande bilar køyrer forbi. Men eg skulle om alt hadde gått bra.

Ein ellevill, bjeffande hund møter meg, han seier liksom "du kom attende, du kom attende, eg trudde det ikkje".

Etter og ha klappa og ha stroke og fått ro i heimen tek eg runden. Alt er i den skjønneste orden. Og det er da eg tenkjer, vi droppar vegen og tek turen til skogs. Så eg finn fram og skiftar og ut ber det. Gjennom "plenen" som denne sommaren har fått human behandling, framom epletreet eg planta og epletrea farfar planta i rundt tjue-tretti talet. Du verden det største bar mykje frukt. Vidare oppover gjekk det. Det er godt å kome seg ut sjølv om det regnar. Og boffen er overlukkeleg. Eg klatrar opp på toppen på haugen attom huset, mest ein jungeltur....trur eg, eller meir regnskogaktig kanskje..... Artig å gå på stader ein ikkje går. Og da ser eg det......

Eg ser gule kantarell i skogbotnen. Eg som aldri finn kantarell. Mange gongar har eg opplevd at dei andre finn når vi har vore fleire på leiting. Eg finn berre steinsopp. Men i dag skjedde det.

Eg og fann!!

Og så klart måtte eg plukke med meg den vesle randa, fann ei til litt lengre bort og eg plukka grådig. Så endeleg har eg deputert som kantarellfinnar.

Eg reinska og skar opp dei få eksemplara da eg kom heim. Steikte dei i panna med smør, spedde med mjøl og fløte. Salta og pepra. Rista meg to brødskiver. Så no skal det nytast saman med ein kopp blåbær te framom flammane i omnen, medan verda utom er våt inn til sjela. Livet er akkurat slik det skal væra.


<< 1 | 2 | 3 | 4 | 5 >>

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no