504 timar

07.10.2014 12:01

Tid er noko som er evig, men deler ein den opp kan den verta svært avkorta. Eg tek kalkulatoren og sett opp eit reknestykke. Timane bles vekk i takt med vinden som ruskar utanføre huset.


I dag har eg gjort noko svært rart, eg har sett på tida mi. Ikkje den evigvarande tida som ikkje er evig, men konkret tida. Tida framover i ein svært avkorta periode.

I tre veker.

Tre veker fram i tid. Noko som vil seia 504 timar nøyaktig. Så har eg forsøkt å delt opp desse timane realistisk. Noko er sikkert, ein må sova og idealet er 8 timar om natta. Det vil seia 168 timar bør eg sova i av denne tida. Ei veke kan vi seia er rein ferie, så vips..168 timar borte. Det er også oppdelingar eg må ta omsyn til, slik som nokre periodar er avgrensa. Eg tok ut 4 dagar, og fann ut med matlaging, besøk på badet, kjøring og gjæremål eg MÅ få unna, kom eg opp i 50 timar Da har eg har 64 timar å bruka, så det skulle kunne gå. Det sto att 14 timar til bevega seg i tilvære, opp og ned trapper, ut og inn av rom, samtalar på telefon, tv-kiking, databruk og slikt.....det bør være ei slags romslegheit i det. Skulle få tid til både koppvasking, ut å gå tur og vasking av klede i det tidsrommet. For slike oppgåve var ikkje teke med i oppsettet mitt. Meir nedslåande var det ein avkorta periode der eg ikkje hadde så mange timar til å disponere. Etter eit kort overslag av nokre oppgåver eg bør få til der, kom eg dårleg ut. Allereie etter 15 timar til bruk hadde eg eit forbruk på 20 timar. Det var ikkje eit artig reknestykke, når eg også veit at oftast tek ting lengre tid enn ein trur. 

Utanom feriar.

Eg ser ut av vindauga. Hausten er vakker og har fart. Sol og vind herjar utanfor vindauga. Det er eit gyllent inferno med grøne jorde eg ser, - når eg kikar ut. Eit grønt jorde med kyr som har lange skuggar. Og sola - sola minner meg om ein kraftig spott som lyssett delar av denne verda, denne scena. No har garden opp på bakken vorte lyssett også. Den låg i skuggen for litt sidan.

Eg ser på denne scena og veit at slikt har eg ikkje tid til.

Ikkje eigentleg.

Men slik tid må eg gje meg lov til og ha. Snart går sola ned attom fjella for godt, - dette året. Og eg greier ikkje å få til at oppgåvene mine harmonerer med det eg har fått disponert av tid. I den ideelle verda skulle eg ha ete frukost på setra no, saman med mi yngste. Vi skulla teke på oss vindjakke og gode sko og traska ut i naturen på samling av ro og harmoni og vakre bilelete. Men eg får nok berre kosa meg med dei vakre bileta frå drøymen. Det er drøymen eg må leva på.

For det eg skal ha inn i mi tid er for romstort til at det harmonerer. Men eg lever i håpet om at ein gong, ein gong får eg det til.....

Mi oppgåve i dette livet er antakeleg å lære meg tida. Og flaksen er at eg er optimist.


Tema: 504 timar

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no