Avsporing

12.08.2014 21:59


Nokre dagar er ikkje heilt til å bære. I dag har eg brukt opp akkurat ein slik type dag, da er det ein stund til neste gong.


Det er lengt og vemod langs vegane. Skuggane er lengre og varmen ikkje så varm. Det er like før  "En sommer er over" speles på radioen. Men enda er det Reiseradioen som råder grunn på P1....og P13 som er ein ny kanal som har dab-sendingar. Den er nok i si siste veke Reiseradioen. Elles opplyste dei at Robin Williams var død i ein alder av 63 år, og at han truleg hadde teke livet sitt sjølv.  Det hjelper ikkje alltid og ha suksess. Eg likte mange av dei filmane han var med i.

Da eg køyrde heim i dag tenkte eg på det at eg godt kunne klart ein like fin og like lang sommar med det same. Tru eg hadde klart å teke det heilt på strak arm. Ikkje noko problem.

Vel heime har eg så frykteleg lyst på noko godt.........men veit ikkje kva. Prøver meg på både puffa ris og pop corn, men det hjelper ikkje. Trur eg er trøyt. Eigentleg er eg kjempetrøyt. Sola sender skrå strålar inn over golvet. Ute ligg det att mykje ved som må inn. Ikkje ferdig med den jobben enda. Køyrde eit lass til foreldra mine i går. Skal køyre eit eller to til.

Eg er trøyt.

Kanskje eg berre må leta søvnen ta seg ein tur over augo. Sjå om eg kan bli betre.


Og eg sov. Sov. Sov og sov. Eg vil berre ikkje verke, og eg har lyst på noko godt. Vi har ete middag. Bakt laks med grønsaker. 


Været har også vært ein skiftande greie, frå sol til regn og frå regn til sol.

Spekulativt.


Eg ynskjer meg dagar, dagar som er fullpakka av energi. Det er det eg vil ha. Ikkje slike som denne, men heldigvis, heldigvis er det ikkje så ofte at eg ramlar så saman som i dag. Det er ei trøyst.

Kanskje eg berre skal pakke ned denne dagen, det kjem nye, trur eg venter på det, ein ny dag.


Tema: Avsporing

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no