Bekymringar

01.10.2014 12:40


Bekymringane er ei bør ein bør leggja frå seg. Uansett vert aldri livet annleis enn korleis ein vel å leva det. Kanskje er ikkje alltid vala der, men ein stad finnest alltid krafta om vi vil...


Det er onsdag og det er snart helg igjen, kan ein meste seia. Kva er det ein venter på? Ein ny dag vil renne over himmelen. Det går så frykteleg fort.

Livet.

Eg har nok bruka godt over det halve. Så eg er ikkje midt i livet lengre, eg er over det.......om eg ikkje skulle verta like gamal som gamaltanta mi. Ho vart tett opp under 105 år. Og eg kan ikkje seie det er så stort ynskje. Men skulle eg verta det, så ville uansett den halvparten som er igjen gå mykje fortare enn den som alt er gått. Det er likevel ikkje det å leva lengje som er eit mål, men det å leva mykje. Og eg oppleve at eg gjer det også. Mykje.

Men det er for mange bekymringar. I periodar står dei i lange køar. Dei har teke så mykje plass at eg bryr meg mest ikkje om dei lengre. For sannsynleg  overlever eg. Enno. Det meste. Og eg er ikkje sjuk. Eg har berre slitt ut hovudet mitt med alle desse bekymringane.  Så eg vil berre leva og få fri frå alt dette som eg likevel ikkje kan veta. Bekymringane. Eg permitterer dei. Eg gjev dei fri....husssj, gå ein annan stad. For det finnest alltid ei råd. Alltid.

Eg hugsar da eg som 18 åring hadde reist oppover halve landet, tatt fleire tog og bussar. I pengeboka låg det att 10 øre, for dei fantes på den tida. Da eg kom heim med denne 10 øringen på slutten av 70-tallet vart foreldra mine sinte. "Kvifor sa du ikkje frå", sa dei. Dei syntest eg hadde lagt i veg med alt for lite pengar og skulle bedt om meir. Men eg skulle klara meg på det eg hadde og tenkte det kom til å gå, og det gjorde det. Eller da eg drog ut frå hotellet i Prinsen etter feiring av bryllaup og hadde 10 minuttar til toget gjekk. Eg visste eg ville rekkje det, og det gjorde eg. Eller da eg reiste ut til Fornebu for å ta fly til Paris for første gong i mitt liv, utan billett. Han som hadde billetten hadde forsove seg og kom seg aldri dit. Eg gjorde og hadde ei strålande veke utan bekymringar.

Tru bekymringane busette seg i meg etter eg fekk barn. Eller kanskje før. Eg visste eg kunne mista barn og at det fantes ingen regel på at ein mister berre ein gong. Kva med dei som bor i krigsherja område, dei har ingen garanti på noko. Men sorga er kolossal når ein må ta valet om eiga grav eller felles.  Andre gongen var det valet lettare.

Når ein står utan arbeid og endeleg har barn som lever å ta hand om. Det er da ein startar å bekymra seg. Greier ein ansvaret?


På denne onsdagen med sol gjennom haustlauv veit eg svaret på det. Eg veit at eg både har gått oppturane og nedturane. På føtene. Bekymringane har nok vore reelle, og kanskje vore til hjelp. Kanskje......eller kankje ikkje.... Men det finnest alltid råd. Så lenge ein lever er det råd. Og vi lever ikkje i eit krigsherja område. Det skal vi vera glade for.

Eg vil leva utan bekymringane. Eg vil ha gleda, fargane og kunne boble. Eg husker eg satt på bussen i Trondheim og det brann inni meg. Tankane og handlingane fulle av kreativitet av å kunne skape. Skape følelsar. Det vart ikkje noko av det den gongen, men prosessen medan eg var midt i det var verdt alt. Eg brann, kinna var glødane og eg var midt inni pulsen av livet. Eller da eg sto og slapp inn ein og ein modell ut i lyset, mine kreasjonar. Ein enormt god følelse etter månader med intenst arbeid.

Eg må nok bort frå at bekymringane har eigd alt for mykje av livet mitt i alt for mange år, eg må finne att den pulsen frå bussen, til krafta. Den skal få lov til å flytta inn igjen. I livet mitt. Det er tida no.


Tema: Bekymringar

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no