Dagen der på

10.08.2014 13:25


Søndagen er i gong med timearbeidet sitt. Eg ønske meg lange, langsame timar utan anna enn å kjenne at ein finnest midt i seg sjølv.


Som eit vrak vakna eg til dagen. Det var mest ikkje ein stad på kroppen som ikkje kjendes. Oppdaga at det til og med var vondt å få trykk på tommelfingerneglen.

No har eg fått bretta meg ut for denne dagen. Har teke ein hovudpinetablett, i går heldt den heile dagen, først om kvelden starta hovudet og kjaken og tenna og verke. "Stress" meinte dama til x'n. Vi var ute og åt som ein big happy family.

Men det er godt, her eg sit med den sedvanlege koppen med kaffi, og kjenne at ein held på å verta menneske att. Eg tenkte attende til ei mykje yngre tid, da ein av og til gjorde dette som kallast festa, at dagen "der på" ikkje alltid var av det gode slaget. Trur det var verre. Sjølv om dette her mest kan minne litt.

Eg held nok berre på å bli gamal og det er heilt naturleg. Stel og støl og gråhåra.

I går køyrde vi til det nye livet  til henne som skal i gong i Trondheim. I varmen. Ho fekk skreve kontrakt. "Eg har så mang ting", sa ho som hadde pakka veskene. Etter litt var rommet omgjort til ei triveleg hole, og han som hadde budd der tidligare uttalte at gjekk det an å få det så triveleg her...

Kjenner eg tenkjer på henne. Kom ho seg vel heim etter møtet med venninna? Det siste eg såg var to flagrande jenter som hadde møtt kvarandre igjen etter fleire månader. Dei vinka til oss i den varme sommarkvelden der dei sto midt i alt og trea kasta grøne skuggar over dei vinkande jentene i Kirkegata.

Yngste og eg tok turen attende over fjella. Himmelen var fargelagt i rosa, oransje og turkis som etter kvart forsvann inn i mørket.  Ho som hadde brukt dagen på buss var sliten, men ho fortalte om turen. Om konserten. Om møte med broren. Om sure bussjåførar i Hobøl. Vi var to trøtte sjeler på tur heim til ei god natt og ein god søvn.

I dag, over arme riddarar, fortsett praten. Ho fortel om drøymar i kaos. Eg hugsar ikkje mine. Vi ser på syklar og bussruter i Trondheim på data. Vi tenkjer begge på henne i Trondheim. Berre ta alt med ro med verandadøra open så fugle kvitter og lunka luft og motordur strøymar inn. Ein søndag i august der det er på sin plass å berre let humla suse og dagen gå i sedat tempo. Ein herleg, planlaus dag.


Tema: Dagen der på

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no