Det er nok no

12.10.2014 19:09


Det er tomt. Stille. Det er søndag. Eg starta i går og skulle skriva, men tankane var ikkje heilt i tenkjemodus. Veit ikkje om dei er det i dag heller.


Det skal eg skriva om i kveld, sa eg tidleg i går. Og da kvelden kom hadde eg gløymt kva det var. Eg syntest berre det var viktig. Så satt eg der, gomla engelsk konfekt og såg på tv. Eg hadde stova for meg sjølv. Tre jenter drog opp på fjellet med mat og tannbørste. Eg syntes det var greitt å bli att her.

I dag vil dei vakna i det kalde seterhuset, kome seg ut av den varme dyna for å tenne opp. Det er så primitivt. Og det er så inn i hampen godt. Henta vatn i elva, tenne talglys, være utaføre mobildekning. Spele kort og yatzy og synest det er svært artig. Være litt utanføre komforten og likevel ha livet så enkelt. "Dumt vi ikkje overnatta meir i sommar", sa ho på 17 år her om dagen. Ho uttalte også tidlegare at det var dette som var ordentleg, ikkje hyttene som er fullt av det vi har heime. Kanskje er det vesle huset det oppe på vollen ein av dei store grunnane til å bo som vi gjer -?!

Eller, etter kvart som eg gjer.

I haust er det sju år sidan eg flytta frå eit landleg tilvære, til hit som var hakket meir landleg. Eg som var så oppteke av det urbane ein gong. Som syntest tre i mengder mest var uuthaldande. Som elska gater, og murhus med stukkatur. Kunne gå i gatene og ikkje synest, for eg var tydleg nok likevel. Som likte alt det som var annleis og bøker av John Irving med menneskje i bjørnekostyme. Og som syntes sitatet om å gå forbi dei opne vindauga var djupt. Det verste programmet på tv'n var Norge rundt, da fekk eg lyst til berre å gråte. Alle desse folka som var fornøgd med å bygge hus av fyrstikker og laga troll av stein. Og eg tenkte at hadde nokon spurt meg om å bli med i programmet hadde eg vræla NEI! Eg syntest alt middelmåtige var ein av dei største tristessane. Folk var så fornøgd med så lite. Og da var det ikkje pengar eg tenkte på, men innhaldet i livet.

I dag er eg ein av dei sjølv og lever godt med det.  Det er greitt, seier eg til barna, at livet vart som det vart. Og meiner det. Eg har ikkje villa vore det forutan. For det å få lov til å gje så mykje av den kjærleiken du ikkje forventar deg noko attende av er godt. Og så likevel få i haug og dung. Eg er kome hit, til mitt middelaldrande rike. Eg synest Norge rundt er heilt greitt program, sjølv om eg ikkje akkurat ser så mykje på det. Eg ser ikkje så mykje på tv slik generelt.

Eg lever. Barna er på tur ut over dørstokken, alle som ein. I seinare tid har det vore mykje ekstraordinært. Problema har kome trillande leikande lett, eine etter det andre. Går det nokre dagar er fokuset snudd. Nytt problem. Eg hadde nokre timar ein måndag da alt mest var bra. Og det er sant og det var godt. Men sjølv om ho midt i atter må i gong med undersøkingar av foten vi trudde vart bra, han som eldst måtte være heime fordi han var sjuk etter ei veke i ny jobb, at eg enno er for sliten, alt dette........

Eg tenkte da eg sto i dusjen i går at no var det eigentleg nok. Eg ville ikkje meir. Eg ville ikkje ha alle problema meir. Eg er berre frykteleg lei.  Eg er lei av å syte og bære meg. Eg vil ikkje meir. Skjøner ikkje dette med at tankane blir så klåre i dusjen, men kanskje vatnet skyler vekk all slags groms. Ikkje veit eg.

I dag, her eg sit, er nok tanken ikkje like klår. Men det handla om at nok er nok. Kanskje at eg ikkje skal tillete det eg ikkje har kontroll over. Eg vil endra fokuset bort frå problema og over til det som er konstruktivt. Eg veit eg ikkje kan kontrollera alt som skjer i rundt meg, men eg vil ikkje, vil ikkje..... Det er nok no. Greitt nok at det har vore i overmål problem, men eg kan ikkje bruka dei som unnskyldning på å bygge meg sjølv ned. Som sagt, eg lever og eg vil leva. Det at ein har vorte såpass vaksen er heilt greitt, det også. Men det betyr ikkje at ein er ferdig med å ha like interessant liv som tidligare. Eg blir så lei av slike haldningar som er i samfunnet i dag, at ein mest skal skjemmes og tie still fordi ein er over ein akseptert alder for å meina noko. Og for å leva. For noko tull. Ein skal ha det artig og ha eit levande liv til anden ebbar ut. Slik er det. Og for min del betyr det at eg har bala nok med problem, no er den tida ferdig. Eg vil ikkje forventa meg fleire no.

Eg må til med resten av livet mitt. Levande. Ikkje sytande. Eg vil leva til eg dør, og eg har eit nokså bra erfaringsgrunnlag til bruk. Og det er bra det. Så no sleng eg meg opp på hesten for å ri vidare, men no skal eg sjå etter andre landskap.

Yiiiihiiiiii!


Tema: Det er nok no

:)

Ho midt i 13.10.2014
Det her va skikkelig godt å les. Glad i dæ, mamma <3

Elementer: 1 - 1 av 1

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no