Ei helg med film før framtida

17.08.2014 11:34


Siste helga i den sorglause sommaren bruka vi til å drukne i film. Ein heilt grei måte å gjera det på.


Enno er dagen nokså lang og ubruka. Men eg veit kva den skal brukast til. Det er siste helga før det meste startar opp att. Yngste har pakka saman og pakka ned; litt ekstra kjøkenutstyr, handdukar og for ikkje snakk om alle kleda. I sommar har garderoben vorte fornya både med klede frå Los Angeles, Oslo, nettet, Trondheim og ikkje minst Fretex har ho vitja på sine langbeinte turar for "gull". Og alt ho finn som kan verta noko av, om det ikkje var for mora si symaskin som takka for seg for mange år sidan. Og i den ørken av ein tilvære eg har vore i alt for lenge, var dette berre ein av alle dei ting som ikkje var som dei skulle. Inn i mellom har eg tenkt at eg må spare saman til ny, men det har vore for mykje som har vore viktigare. Men eg synest det er synd, og når begge jentene har uttrykt ønske om å sy.....og eg har ønske om og få opp eit fungerande arbeidsrom som ein og skal kunne sy i.....da bør eg kanskje ikkje let fleire år gå, tenkjer eg - nokså konstruktivt. Så vi får sjå.

I alle fall er bilen delvis pakka. Vi skulle eigentleg ta turen over Talgsjøen i går, til det andre året i den vidaregåande skulen. Men vi syntes begge det var for triveleg å væra heime. I går starta dagen med engelsk frukost på øya vår. Dette kjøkenet har gjort underverk i heimen. Alt er så enkelt.

Så vi tok laurdagskvelden med ro. Vi såg film. Eg lånte fire filmar på torsdag, og no har vi fått sett alle. Først såg vi "saman er vi mindre alene", den er fransk og etter ei bok av Anna Gavalda. Eg hadde lese boka tidligare, ei fin bok om korleis menneskjer kan finna kvarandre og få eit mykje varmare liv. Filmen hadde klart og formidla boka si historie fint. Ei lita perle av ein film. Ei anna bok eg har lese er "Maskeblomstfamilien" av Lars Saaby Christensen, den er også filmatisert. No må eg seie at det meste er gløymd av opplevinga da eg las den, så eg hugsa berre glimt og kan derfor ikkje seie noko om film kontra bok. Men filmen har svært stemningsfull filming, og skodespelarpresentasjonane er gode. Men temaet er dystert. Eg vart sittande å spekulere på om ho som spelar albino verkeleg er det. Filmen handlar om skam, forteiing og tvikjønn.  

Dei to siste filmane fekk vi sett i går kveld. Først var det ein musikal "paraplyene i Cherbourg" , nok ein fransk film. Den var spelt inn i 1964, det året eg var  seks år. Det er lenge sidan. At filmen var nominert til fem Oscar og vart den beste filmen under Cannes filmfestivalen, understrekar at mykje har skjedd på dei åra. Men artig og ha sett. Kullissene var fantastiske og fargerike og Catherine Deneuve var ei av dei store ein gong. Eg hugsar eg såg i eit vekeblad, ein gong som barn, at ho var ei av verdens vakraste kvinner. Det var slikt eg hugsar.

Siste filmen er "meg eier ingen" av Kjell-Åke Andersson, den er svensk, her har Linn Skåber en rolle. Og ikkje minst Mikale Persbrandt. Denne filmen har fantastiske  skodespelarpresentasjonar.  Du trur på rollane og forteljinga om ei lita jente som veks opp saman med ein far som mister livet sitt til alkoholen. Filmen er etter ei bok av Åsa Lindborg med same tittel. Etter filmen møter vi to i stua kvarandre sine tårevåte augo. Og yngste syntes vi skulla sett første sist og siste først. Ho syntes denne filmen var så trist at ho greidde ikkje heilt og sette ord på det. 


Etter musikalen vart vi akutt prega, vi hadde ein kort frekvens med songdialog. Til neste gong begge jentene kjem heim skal eg låne "mitt liv som hund" for å sjå om den verker like stekt på meg og dei som den gjorde på meg på åttitalet.

Men no må nok eg fortsetta dagen som eg veit korleis skal brukast. Og kanskje det vert ein film i Kristiansund også. Men no skal vi opne dørene for hausten og ta turen til fortsettinga for nokre av oss.

Ein riktig fin søndag i august til alle dykkar som er innom.


Tema: Ei helg med film før framtida

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no