Ein stopp på ein liten topp

22.06.2014 14:09


Det er mest den lengste og lysaste dagen i året. Og sjølv om skyene heng fotsidt og våte, er dagen varm - inne. Og den er lys ute.

Søndag før jonsok har eg tent i omnen. Ute regner det å luktar kaldt og kuskit. Inne på stovebordet står ein visna blomsterbukett. Ferien min har nett starta. Eg rakk ikkje det eg ville. Om morgonane vaknar eg med tankar i krysseld. Eg får lyst til å sova meir, slik at eg slepp å gjera noko med alt. Men ingenting er så ille som eg trur med det same eg vaknar, det greier seg liksom ut utover dagen.

Det skal bli godt med ferie. Kjennes også godt at det er søndag. Eg skal væra heime i ro heile dagen. Veka var travel. Det vil denne også verta men på ein annan måte. Kjøkenet blir så godt som heilt ferdig, det vil stå att noko lyspunkt og kjøleskåpet. Det kom her om dagen med bunk i, så det skal bytast.

Så kjem yngste og tanteungen heim, og huset blir fullt av folk ei lita stund. Så dreg nokre av oss bort. Men nokre blir att heime saman med dyra. Og så kjem folk attende og enno fleire. Det er sommar, og eg trur på den. På varmen, bading og hovud utan kryssild. Eg treng det. Eg skal finna att energien og krafta i meg sjølv. Trur på den også.

- Og ekrer utan kuskit. Min store boff som har oppdaga for lengst at dei grensene han trudde var ikkje er. Så innimellom vært freistinga av den dama på nabogarden for stor og han legg turen opp over bakkane. Da eg oppdaga han etter siste tur, hadde han vea inn i dei hårete labbane sine kuskit. Dei kvite labbane var heit brune av skit opp til buken. Og i ei misforstått naturlegheit da han vaks opp vart han ikkje trena på bading. Så dei få gongane det har skjedd har hunden vore livredd. Eg fann fram ei bøtte full av vatn og sjampo. Etter kvart skjønte han at det ikkje var farleg å få føtene i bøtta, men før han forsto var det ein lang kamp. Eg kan ikkje sleppe han ut no utan at eg er med.

Det er ferie. Det er sommar. Kjøkenet er snart heilt ferdig. Eg skal ut å reise. Alle barna vil kome heimom. Eg har klatra opp, eg er oppe på ein oversiktstopp. Eg er spent på meg sjølv. Spent på om eg greier å plassere, passere og legge attom meg denne frykteleg klarheita eg har budd i i årevis. Eg tenkjer at etter ferie, etter ferien bør det vera forskjell. Og ikkje minst, eg vil bruke tida til å velje konstruktivt for meg sjølv. Eigenpleie, sterkt fokus på det. Ut på tur, søvn, lesa og ikkje stressa. Eg skal ha tid til tida. Det er mitt store mål. Etter alt dette i mange år er dette krystallklart.

Skal starte med å kaste ut den visna blomsterbuketten. Eg skal skru saman dei skuffane som er att, Gå tur med to hundar. Når kaffikoppen er tom da skal eg gjera meir for alt skal verta betre. Og eg veit at eg skal klare det, for eg trur eg kjenner kreftene bankar på døra.

Eg trur.


Tema: Ein stopp på ein liten topp

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no