I blåsten

29.09.2014 13:28


Det har vært ei helg med ver, meir enn kva som er vanleg vanlegvis. Og eg heng med, med pekefinger tredd inn på hanken i kaffikoppen.


For ei blåse helg. Med så mykje fart utanfor veggane valte eg å ta det svært roleg innanfor. Stakk så vidt nasen ut i går, var heldig med at eg greidde å få gåturen mellom regnbyene. Hunden såg rar ut da vi gjekk attende og all vinden kom attafrå. Slik det blir med hårete hundar i vind. Men eg torde ikkje gå ned med søpla i går kveld, eg tok turen ned litt over seks i dag tidleg. Større sjanse for at boksen ikkje blas over ende før søppelbilen kom. Eg har ikkje sjekka korleis det gjekk. Elles vart det litt tv; Lindmo og ikkje minst oppstart av Downton Abbey var eit koseleg gjensyn. Men eg hadde skikkeleg problem med kva dei heite alle, så alle namna vart ein bøyg. Men eg heldt ut.

Elles var det ikkje berre vinden som herja sterkt denne helga. Lyn og tore hadde ei aktiv helg. Hovudsakleg fredag. Det lyna og buldra alt i eitt. Hunden bjeffa attende og prøvde det beste han kunne å skremma bulderet vekk. Inn i mellom gjekk lyset også. Laurdagsmorgonen skulle eg ta meg ein kopp kaffi frå kaffimaskina, slik eg har vent meg til etter at kjøkkenet vart oppussa. Den var svart.....altså, den er vel slik vanleg både svart og i sølv - i fargane. Men den vesle lampa slo seg ikkje på da eg slo den på. Og ikkje nok med det, mikrobølgjeomnen hadde det på same viset.  Eg skal ikkje dvele ved fortvilinga.

Seinare fann eg ein "tingest" med støpsel, for eg måtte prøve å forske i dette. Fann ut at det kom ikkje strøm gjennom kontaktane. Eg vart mest glad, for da var det håp om at dei elektriske maskinane var i orden. Såg for meg at eg måtte finna ei skøyteleidning for å finna det ut... Men så dukka eit lite ljosglimt opp, det glimtet var i hovudet mitt..... kanskje eg skulle sjekke sikringar. Til mi orsaking må eg tilføye, eg har fått nye kurs etter oppussinga - altså huset, og at ein av dei kursa gjekk åtskild på nokre kontaktar tenkte eg ikkje på. Det var ikkje slik tidlegare. Men det skal seiast eg var svært lykkeleg da eg forsto at eg slapp det styret eg såg for meg ei lita stund......før forskinga mi med hårfønaren .... Så no kan eg igjen kosa meg med kaffien frå maskina på veggen etter eit lite grep på dei automatiske sikringane.

Har fri i dag og er usikker på korleis eg skal bruka dagen. Etter blogginga. Det er nok å bruke den til. 

I morgon vil det bli ein skikkeleg vegg til vegg dag, i og med eg startar dagen med bilverkstad tidleg om morgonen. Og så går det slag i slag til eg avsluttar med foreldrekonferanse i Kristiansund om kvelden. Slike dagar er ikkje å ynskje etter, eg koplar ut i etterkant. Slik som i helga, eg måtte betale for for aktiv veke og var til så lite. Eg spekulerer...., skal eg eigentleg presse meg litt meir. Når eg ikkje føler eg greier meir, greier eg kanskje meir likevel om eg presser. Og presser eg vil eg bli verre eller betre? Når eg er vorte slik fordi eg har pressa for mykje over år -. Eg blir berre så lei av og til, men eg skal ikkje skrive om dette. Vil ikkje. Vil ikkje.

Det bles litt i dag også. Skal eg ta med meg hekletråden min saman med nåla og trilla innover til foreldra mine? Det er nok det eg bør. Eg har lova og hjelpe til med nokre gardiner. Det er nok det eg skal i dag. Kan være bra for bilen å rulle litt på seg og. Den har stått heilt i ro i fleire døgn no. Og i tillegg flagra sola framom når skylaga rivner i all vinden.  

Eg skal ta meg ein kopp kaffi til først, og så.........


Tema: I blåsten

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no