Og så kom dagen

01.07.2014 12:05

Det og passera tidssoner kjennes ikkje. Det er noko ein veit. 


Kan ein leve eit heilt liv utan å gå på eit flydo spør eg meg? Og med eit slikt spørsmål har eg lagt opp til noko eg aldri får svar på. Men eg har klart det til no. 

I går var den store dagen for gjensyn. Først var det inga Asbjørg å sjå og fantasi er ein født med.  Eg hadde sett ho ikkje hadde sett meldinga mi. Om kvar og når og slikt. "Enn om det har hendt henne noko?" spør Ingrun, og likar ikkje at eg tenkjer det same. Vi slit både med nettilgong og lågt batteri på mobilane våre begge. Så finn vi ein ladestasjon og da ringer telefonen. Og så kjem ho springande mot oss. Vi omfavner og ler og kan endeleg helda rundt kvarandre etter snart tre månader. 

Ellers er to av oss så slitne etter lite søvn og lang distanse. Det å kome seg dit ein skal opplever eg både kaotisk og ei verd full av støy. Vi bestiller oss ein pizza så full av feit ost at det ikkje frister med gjentakelse. Likevel et vi det som er att til frukost. Seinare vart det store fat med salat. Vi har greidd å solbrenne oss utan vi sola oss. Men sola skin om vi går ut i den også. No er både solkrem og allovera kjøpt inn. Saman med mykje godteri, som vi aldri fann tid til. Og eg - eg dett i søvn i ett sett. Så da er det berre ein ting å gjera. 


Og som tenk så gjort. Eg sovna, sovna frå bloggen og alt. Eg snorkande sa jentene. I dag er eg framleis solbrent. Alle tre er tom for tiltak. Vi har ete pannekaker på hotellet. Pannekaker med jordbær, smør og lønnesirup. Friskpressa appelsinjuice og kaffi. Vi synest det er godt berre å sitja her. Ved bassengkanten og høyre alle lydane frå byen. Museum og kino har vi snakka om. Men vi har kanskje berre lyst til å ikkje stressa. Finne fram ei bok og musikk på øyra. Heilt, heilt fri for stress. Berre nyte at ingenting treng å skje. Sjølv om bilane tutar og flya går over hovuda vår. Vi treng ikkje gjera noko. 

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no