Open rom for tilvære

02.08.2014 11:11


Så er august kome på arenaen. Det er laurdag og alt er vel. Berre slik heilt enkelt.


Med kaffikoppen like ved og data'n i fange er eg i ein pause av tilvære. Det er laurdag formiddag. Ute er det grønt grått, men før eg sette på vasken med klede lura solstrålane i skylaga. Så eg sit her lettkledd og trur på sommaren medan traktorar rullar i slitet sitt på vegen nedanføre.

Det er godt å stå opp ein morgon med utsyn utover ein open dag. Vi er to i mitt ansvar av huset. Midtarste med foten og eg. Foten som bestemte seg for infisert sår og mest ein reprise på sommaren i fjor da ho hoppa rundt på krykkjer etter oklebrot. Krykkjene har vore i bruk i år også og sommararbeidet ho så vidt hadde starta på kunne ikkje utførast, til likt med i fjor. Resultatet vert tap av sårt behøvde kroner. Har sagt til henne at høgrefoten, sommar og arbeid er ein dårleg kombinasjon for henne.

I går kveld køyrde vi mest eins ærendet på butikken for å kjøpe godteri. Etter ein dag der eg både kom gjennom det eg tenkte eg skulle og meir til....kryss i taket, og eit riktig koseleg besøk fekk eg også da eg kom heim tidlegare på dagen. Vi rigga oss til og skulle sjå på ein film etter godteriraidet, ein fim frå Los Angeles, ein heilsprø film - men artig for vi kjende igjen så mykje frå da vi var der. Men det hjelpte ikkje, for det viste seg umuleg å være vaken. Eg sovna i stolen medan midtarst snakka til meg.

Men kanskje nokså naturleg, for huset har vore fullt av folk og dagen før slo mor og eg oss saman for å feira at eit nytt år hadde gått for oss begge, og vi feira her hos meg. Noko som vart ordentleg triveleg sjølv om ryggen min protesterte mot aktiviteten den måtte være med på. Men om natta vart eg så dårleg  at eg ikkje skal utbrodere kva eg gjorde. Så at eg sovna i stolen ein fredagskveld er slik ein på rekna med og ta med.

I dag var bordet rydda da eg sto opp. Godt å stå opp til eit reinvaska og ryddig hus, blomster i vasane og ei oppleving av ro og harmoni.

No er kaffikoppen min tom og eg skal kosa meg gjennom laurdagen med det eg kjem på etter kvart. Ein riktig god dag ligg framom meg.

Ha ein riktig god dag alle.


Tema: Open rom for tilvære

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no