Ta plass

26.09.2014 15:43


.......lukk dørene - men det var ikkje heilt slik. Dørene må være opne, for å stengje inn er ikkje bra. Trur aldri det er av det gode. Anna enn når ein er i fart og kan bli blåst ut. Da kan dørene bli lukka.


Det bles og meldingane lover oss storm. Eg har dunga møbler opp på kvarandre på terrassen, men må nok gjera eit par ting til. Alle puter er tatt inn. Sola skin gjennom regndropar og viftande greiner. Kjenner kald trekk innover stovegolvet. På vaskerommet står eit vindauge ope, og det skal få stå ope litt lengre. Eg må henge opp vaska klede der.

Eg sov riktig lenge i dag. Etter to dagar på farten var det godt og være heime. Det er godt med fredag. Eg såg fram til denne dagen. For eg visste desse dagane ville bli slitsame, men dei har heldigvis ikkje vore berre det. Og alle er trivelege kvar for seg, folk det var lenge sidan eg har sett.

Eg har tenkt tankar rundt dette med å ta plass. Nokre menneskjer tek mykje meir plass enn andre, og da meiner eg ikkje fysisk. På den fysiske plana skårar eg bra, og akkurat det er ikkje så bra. Da kan ein kompensere med å ta mindre plass på den andre måten. Eg veit ikkje om det er akkurat det som er grunn til at eg er-, eller har vore, for oppteke av å please i for stor grad. Ein kan nok ta plass med å please også, ein kan nok det....  Ein kan ta plass på forskjelleg vis. Dei som tek for mykje er ikkje gode å væra saman med. Men det er ikkje bra og ta for lite av den plassen ein bør ta.

Eg prøvde ikkje ta så mykje før heller. Som lita likte eg ikkje konflikt. Eg syntes det var frykteleg vondt å verta såra, og eg ville ikkje på noko vis såra andre fordi eg syntes det var så vondt sjølv. Da eg var barn. Eg var redd orda. Dei ubarmhjertige orda som barn kan seia når dei ikkje er i harmoni. Eg tok ikkje igjen, eg vart i staden redd. Eg evna ikkje kjempa med orda fordi eg var redd for å såra. I tillegg var eg stolt, så eg valte å skjule. Eg såg på det som ei svakheit, og den ville eg ikkje skulle synast. Eg lærte meg til å skjule for å overleva, og eg ville ikkje bli eigd av nokon. Eg hadde eit stor behov for å ha fridom. Den har eg enno.

Eg sto i dusjen her ein dag, da datt ein ny tanke ned i hovudet mitt. No er det på tide at eg kjøper meg nye klede. Kanskje ikkje ein så uvanleg tanke for dei fleste. For meg var den det. Eg har stått heilt bak i køa. Sett dit av meg sjølv. Plutseleg tenkte eg at slik ville eg ikkje ha det, slik ville eg ikkje behandle meg sjølv lengre. Det skjedde noko der i dusjen, skjedde noko i mine tankar. Det skjer mykje i tankeverda mi for tida. Eg har bygd opp eit vakuum....eller bygd meg sjølv ned. No er det akkurat som dei skvisa områda fyller seg opp - med luft -  med meg.

Så eg er kome dit i livet at det er på tide å gje meg meir plass. Meir plass i mitt eige liv. Og det måtte naturleg kome også, når barna tek over seg sjølv meir og meir. I tillegg har ein levd eit liv og gjennom det fått meir erfaring. Ein veit at avsendar av orda ein møter kan ha heilt andre preferansar enn ein sjølv. Orda er ikkje farleg, mimikken er heller ikkje farleg. Og ikkje orda som ikkje stemmer. Ingenting er farleg. Det handlar alltid om avsendar. Det handlar ikkje om deg, altså meg.... for å fortsette denne personlege ransakinga. Og ein treng ikkje bli ein fortsetting av noko som er signalisert og sendt ut. Ein har fridom til ikkje å bli det. Eg har det, likt med deg som les. Og ein har kunnskapen. - Eg greier visst ikkje skriva dette utan å skriva i tredjeperson, men det gjeld oss alle det eg skriv her, meiner eg. Har ein i tillegg kreftene, da startar det. Da startar ein å gje seg plass. Eg greier å gje meg sjølv plass.

Så ting skjer.

Eg hugsar at eg spekulerte, for nokre år sidan, på kvifor eg aldri hadde  trua på å få til det eg ville.  Eg kunne arbeide mot eit mål, men litt framom målstreket ga eg opp. Gong på gong. Eg trudde ikkje eg ville lykkast, og eg fekk rett. Det var eit mønster. Eit mønster som ikkje var meg til hjelp. Kom til å tenkje på ein episode for ikkje så mange år sidan da eg slepte mønsteret litt. Barna og eg var bedt med på hyttetur nokre dagar i påsketider, det var 5 kilometer oppoverbakke til hytta. Eg hadde stor sekk og stor kropp. På heimturen sette eg utfor og snøen var fin og manøvrere i. Men ein stad midtveies i unnarenne låg løypa i skugge. Det var skare, isa og eg var i farta og bakken hadde ingen ende der i skuggedalen. Eg skjøna situasjonen og såg for meg beinbrot og ille tilstandar.

Men så skjønar eg at her kan eg ikkje gje meg noko val, for det valet kan eg ikkje tillete. Eg kan berre gå for dette eine med å være i situasjonen, konsentrere meg i alle dei brøkdels sekunda det kan skje noko. For eg må konsentrere meg tid for tid at denne nedturen skal gå bra. Eg greidde å mobilisere både til tru og konsentrasjonen. Og eg klarte det.

Så eg og kan.

Fordi vi alle kan. Vi kan mobilisera om vi berre har nok tru.

Eg ser ned på dei glitrande verktøya eg har funne.  Dei som ligg så fint lagt framom meg. Dei kan væra flyktig om eg ikkje passar på. Men det er akkurat som eg har kome dit, dit eg skal få gje meg større plass. Kanskje eg kan risikere å ta for mykje av den ei stund....denne pendelen som kan slå for mykje i motsatt lei før det stabiliserer seg. Det kan så hende. Eg får så taka det, og andre rundt meg har ikkje val.....men da får dei tenke at dette handlar om meg, ikkje dei.

Eg trur dette er overskot som må til for at eg skal samla resten av kreftene eg må ha.

Og så er eg glad, for eg ser vegen går rett. Eg er alt for mykje av alt enno, eg orker alt for lite, får for fort for mykje. Men enno litt lengre framme vil det betre seg enno meir. Og eg er klar over at ingen som ikkje har prøvd vil forstå. For slik er det med alt. Og berre det er ei heil oppdaging for seg sjølv. Ein kan ikkje takka seg sjølv for noko, verken eigenskapar eller evna til å lære av dei opplevingane ein har. Ein får berre være glad for dei gåvene ein får av opplevingar. Ei av dei gåvene eg er mest glad for  er livsgleda og kjærleik. Eg har ikkje alltid hatt dei slik eg har dei i dag.

Og så har vi alle vårt, vi er alle spesielle og vi er alle like. Vi vil, med svært få unntak, alle det beste. Og unntaka har si smerte og bør eigentleg få forståing framfor avvisning. Det er dei som har smila og overskota vi skulle beundra minst, for dei har fått fine gåver frå livet. Det er dei sure, dei med smerte i augo vi skulle beundre, for det er dei som strever den største kampen. Dei har ikkje fått dei gode verktøya. Ikkje enno. Den smerta er så vond å sjå, men vi alle må finna vegen på vårt eige vis. Ingen kan bera liva våre. Det må vi alle, kvar enkelt gjera. Og av og til må vi ha lov til å klage. Da kjem vi lettare fram til å få vise glede. Og gleda må vi gjødsle og vatna og passa på. For den er ei av dei største gåvene vi får frå livet. Den må vi verna om.

Og kan vi alle hjelpe kvarandre på vegen, være med på å spreie dei positive ringane rundt oss. Da er vi heldige.

Og eg, eg arbeider med å gje meg sjølv betre plass, stå på heile foten, dra pusten heilt ned og ikkje berre pusta i øvre del av meg. For heile meg skal ha plass. Plass i mitt eige liv. Og det er ikkje ein gong sikkert det vil visast på utsida, men det vil følast på innsida. For eg held på å sluttar å strekke meg for det eg trur andre trur. Det er så frykteleg bortkasta energi. Eg har andre ting å bruke energi på. I første omgong skal eg ha ei triveleg helg i stormen. Og det ynskjer for deg som har stava deg gjennom alle desse nokså sjølvsentrerte orda. Men den gjeld vel litt for oss alle. Trur eg.

Ta vare på deg sjølv.


Tema: Ta plass

jordan 3 doernbecher

Cetahersoz 28.09.2014

Elementer: 1 - 1 av 1

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no