Tanketømming

27.06.2014 11:23


Tankane surrar i hovudet mitt saman med alle fluene som finn vegen inn, ikkje i hovudet, men i stova. Tankane er gode. Fluene er frykteleg irriterande.


Eg tenkjer.

Tankane er mange. Det er så mange inntrykk. Så mykje å fordøye. Men slik som det er med slikt må det berre passere i systemet - noko kasserast og noko har ein bruk for. Kampane tek eg, og kampane kjem eg nok til å ta. Men eg må, tenkjer eg medan eg sit her, verta flinkare med mitt eige forsvar. "Ein må bruke forstanden den som har det" vart det sagt da eg var lita. Og kven er det som ikkje vil ha forstand, så da lærte ein seg til å bite i seg kampar. Men nokre gongar kan det være like bra forstand å seie i frå.

Å bli født med ein stor porsjon sårbarheit er også ei utfordring. Ein er ikkje utstyrt med så bra skal, alt for mottakeleg til å bli såra. Ein lærer seg teknikkar for å skjule at det er vondt. Sårbarheit er ingen bra eigenskap. I alle fall ikkje i det samfunnet vi har. Eg høyrde ein diskusjon som gjekk ut på å gje folk i sorg tablettar for depresjon. I mi verd er det skilnad på sorg og depresjon. Eg skjøner det kan være gråsoner i feltet, men eg tenkjer at det er viktig for si eiga utvikling å leva gjennom ein sorgprosess. Lengda på den kan også variera trur eg. Men i dag er det ikkje så viktig å utvikle seg. Fasaden er viktigast. Og den skal ikkje være ubehageleg. For det er ubehageleg.

For i dag tenkjer eg.

Men eg er berre ein vanleg meni utan uttalerett med tyngde. Eg har ingen kompetanse. Eg er berre eit menneske med mine erfaringar.  Dei gjeld ikkje.  

Men om eg er født sårbar, så ha eg stor tillit til det eg føler. Noko som lagar ein stor styrke. For eg kjenner igjen meg sjølv i andre. Noko som gjev ein sjølvsikkerheit utan at ein har kompetansen gjennom å ha lese seg til. Dette kallast erfaring, men dei gjels ikkje i nokon særleg grad. Ein har ikkje papir på erfaringa. Den er subjektiv og kan ikkje målast objektivt.

Elles har eg nok av papir. Eg har papir eg ikkje skulle hatt, det blir rot av slikt papir. Men er eg eit dårleg papir fordi eg har for mykje av det eg ikkje skulla hatt?

I dag sorterer eg. Lagar mange dungar. Dit og hit tenkjer eg, og legg fleire papir opp. Eg har fått kjeldesortering under oppvaskbenken min. Ein boks for hermetikk/glas, ein for restavfall, ein for plast, ein for batteri/ljospærer og ein stor boks for PAPIR.

Eg skal verta eit godt papir som berre har dei papira eg må ha.

For eg har fått nytt kjøken. Det fungere så godt at det mest lagar maten av seg sjølv. Nokre småting står att som seg hør og bør. Og eg har såpass sjølvinnsikt at det fort kan ta tid inn i evigheita før det er i orden. Men det hefter ikkje.

Eg ryddar mest over alt. Og i dag må eg mest tangere underets tid for å kome i mål. Så eg sortere og tenkjer; det eg såg for meg skulle vera status ved slutten på dagen, - det eg kan strekke meg etter, - det som er ein realitet og det som ikkje bør verta realiteten. For å seie det enkelt har eg mykje framom meg og bør ikkje sitte her å blogge. Men det kan være godt å tømme hovudet. Ein slik boks har eg ikkje under kjøkenbenken min. Det høyrde ikkje til sortimentet på IKEA.

Så med sola igjen hengt opp på himmelen blafrar klede i hopetal på klessnora. Dører er open ut mot verda, og fluene har funne vegen inn. Til stor irritasjon.

Men dagen er godt i gong, eg må løfte hovudet opp frå denne tankemodusen til den konstruktive og handlingas tankerekkjer som gje synleg resultat.

Eg må gjera.

Mykje.

Eg har ferie.


Tema: Tanketømming

Ingen kommentarer funnet.

Ny kommentar

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no