Blogg

16.04.2014 22:57

Og så var dagen kome til meg og mitt. Trist og godt.... Men eg nyt, likevel nyt eg med heile meg at i eit par dagar er det berre meg......og dyra. Etterpå nyt eg at vi er fleire.

Eg er svolten.
Sein middag på gong. Lettsalta torsk. Rester frå i går. Med potetstappe og eggesmør.
Eg har også kjøpt meg godteri. Det er påske. Eg har den mest ungefattige påska
sidan eg vart mor. Har køyrd yngste i møte med faren, dei dreg på hyttetur Austafjells.
Ho kjem att på laurdag. Med tog og må hentast. Eldstemann fristar ei Oslopåske
og ho midt i hadde eg ein lang skype samtale med frå Argentina. Ho hadde heimlengsel i dag.

Og her sit eg. Framom meg ligg hunden. Eg har tend talgljos. Eg har pynta til påske og synest sjølv eg har det koseleg.


Ute stormar våren fram og eg er glad eg er her eg er. Eigentleg skulle eg teke sete i eit fly i morgon. Eg skulle til Mallorca. På denne tida! Plutseleg skjønte eg det var alt for dumt. No får eg våren i Noreg. Eg får nokre dagar for meg sjølv i verda mi. Med data, talgljos og firbeinte.

Det er godt å få kvile i dette. Eg har det bra i drøymen om korleis denne verda vert. Om litt. Når eit nytt kjøken er på plass.

No er det ein stor open plass. Eg hengte opp nye gardiner og tok fram påskedukar. Kvistane eg tok inn har grøne museøyra.

Det har vore så hektisk at eg mest ikkje veit opp ned på alt. Så da får eg venta på tyngdekrafta og kose meg med påskegodt og gå i ein stor boge utanom vekta. Alt kjem attende, men no vil eg berre ta roa inn over meg. I morgon skal eg ta i mot dagen utan ei einaste plan. Berre opne døra mot verda og seia hei. Men i kveld, i kveld er eg berre her - i verda mi som er full av ro.


14.04.2014 16:20

Rundt går det, i ein svimlande fart. Det går så fort at balansen blir heldt oppe av alt som skjer.

Dagar går seier vi. Nokre gong tek dei nok ein spurt også. Det er ei stund sidan eg kunne ta data'en i fanget for å produsere eit innlegg. Dei siste vekene vart plassert, har passert og er borte. Eg sit her framom påska, ein tanke "fortumla". Fann ut at det var lurt å ta denne regndagen roleg. Eg skulle ein del i dag også. Men verda går ikkje under, og skulle den så gjera det likevel, slapp eg bruka energien unødvendig .

Eg har passert, parkert og bestemt meg. Nei, eg er ikkje i mål enno. Eg er berre i gong, men det er ein heilt annan prosess enn å tenkje kva for val ein skal ta.
Noko er og ferdig. Soverommet vart ferdig med ein krafttak til tantebarnet kom heim til påske. Taket i leilegheita nedunder er lagt, det står igjen å måla, men det går å bo der.  

Og så har eg lært at når alt er ille, hjelper det på at det blir enda litt verre - for da blir det som var ille bra.  Så da kranen på vaskerommet takka for seg med å sende kaskadar av varmvatn rett i sluken og det berre var å stenge av alt vatnet, da vart situasjonen verre. Etter ei lite veke kom ein ny krane på plass, og for ein krane.......så plutseleg var det luksus å kunne vaska koppane i ein balje på vaskerommet. Det er berre å stadfesta nok ein gong at alt er relativt.

I dag skulle eg ta turen til Trondheim for å få bestilt kjøkkenet, men etter at heile dagen i går var i bil, skrinla eg plana. Og glad er eg for det.

For på onsdagsnatt, etter ein lang arbeidsdag, pakka vi inn i bilen det som måtte til for det vi skulle. Vi skulle ned til Gardemoen for at midt-i-jenta skulle få legge ut på reisa si.  Eg skulle gjera ei handling som føltest i mot naturlovene. Eg ville ikkje sende henne vekk, morsrolla i meg ville ha jenta mi trygt heime, men ungdommen i meg forsto reisa godt og syntest dette var bra, mendan den vaksne meg reflekterte over alt som kunne være bra for utvikling, og fornufta i meg var i sjokk over økonomien i reisa, medan det leikande mennesket tenkte at det skjer det som skjer og alt er mogleg og går, til og med det ufornuftige......

Så gjennom alle desse tankane, i alt som skjer og ein overtrøtt tur nedover Østerdalen forvant følelsane. Eg vart nokon som utførte handlig fordi handlingane skulle utførast. Trøttheita vart også ein overhengande trussel, så måtte ha to sovestopp.  Og alt vegarbeid i Minnesund langs med Mjøsa fekk skuldrene opp i stressposisjon; rakk vi dette?

Så var vi framme og sto i ei kø som ikkje gjekk framover. Folk rundt omkring var oppgjeve over dette, så kontaktskapande var ei slik kø. Og der sto vi, saman vi tre damene i familien. Jentene var i følelsane sine, men min var borte - eg utførte berre.

Vi tok kvarandre i hendene og heldt.

Så var tida kome, ho kryssa grensa for drømmen sin og den store reisa. Etter ein mellomlanding på Heathrow gikk første etappe til Buenos Aires.

Vi tumla ut, fant bilen, satte på GPS for destinasjon Kolbotn. Der vi fant fram og fikk
nokre timar med søvn. 

 

Seinare gjekk turen inn til Oslo, byen i mitt hjarta. Yngste hadde ein avtale og eg møtte venninna mi og eldstemann. Dagen etter tok vi også turen ned, eg var med som vedheng på ungdomsforretningar - det var det eg egna meg best til om eg hadde nokon eigenskap som kunne egnast til noko der og da. Den kvelden kollapsa eg heime hos eldstemann, kroppen reagerte med å bli sjuk, ville ikkje ha mat berre sove. Laurdagen hadde vi eit par avtalar, men da dei måtte avlysast var eg skikkeleg komfortabel med å bli der vi var. Ein heil dag på Kolbotn med utsikt over byen som hadde for høg puls for meg denne gongen. Kjente ein blaff av energi da vi passerte Jernbanetorget fredagskvelden der lydbølgjer av bass slo pusten ut av ein.

Laurdagskvelden var vi samla yngste, eldste og ein gjest, til biff og heimekinoanlegget til han som høyrer til ein generasjon der slike dubbeditter er viktig.

Så er eg framme ved dagen i går, der vi tok returen. Eg seier til yngste da vi passerer Gardemoen, at vi kanskje skulle inn å sjå etter henne vi reiste i frå for nokre dagar sidan. For for den barnslege Ingvild kunne ho godt være der eg såg henne sist. Men den vaksne Ingvild tok over rattet og køyrde bilen forbi og vidare oppover i landet til mørket kom og ryggen mest gjekk i krampe.

Vi kom heim til ein heim som hadde forandra seg. Kjøkkenet hadde utvida seg til ein sal, veggar var teke ned og vi fekk sjå konturane av slik det blir. I tillegg hadde det nye kottet fått hylle, døra ut oppe kan endeleg låsast......her i huset skjer det meir enn eit nytt kjøkken. Vi har ein snekker som tek ansvar og som eg vil gje dei beste anbefalingar.

No skal eg få inn litt påskestemning, litt grønsåpelukt og eit system i kaoset mitt.

Og ho som held hus i Buenos Aires er på nett, ho bloggar og chatter og er eigentleg i nærleiken sjølv om avstand. Slik er det å reise anno 2014. Elles fortalte ho sist at det er kaldt, berre 12 grader og det bles og ho fraus - for der er det haust. Og har du lyst til å lese om tankane hennar kan du gå inn punkyfunky.blogg.no/.


30.03.2014 20:17

Vi må følgje pulsen til livet. Vi må være med i det som skjer. Vi må leve alle minutt og det vi får lagt framom oss. Vi berre må det.

Ei helg er snart over. Sola skin enno gjennom vindauget mitt takka væra flyttinga av klokketida. Eg trur at det er enno er lenge til kveld, men veit at det ikkje stemmer. Kjenner kvelden har eit vemodig strøk. Jentene mine har reist etter helga. Ho midt i mellom vil det nok bli ei stund til kjem gåande opp vegen til huset, ei stund til legg seg i senga si, ei  stund til......

Ei frykteleg lang stund til.

Ei stund som rekk over tre månader.

Ei stund der eg er den som sit heime og ventar, ei stund der fantasien har fritt spelerom, ei stund der eg vil kjenne kva det er å væra så inn i hampen glad i nokon som eg ikkje når slik rett fram.

Men enno er det nokre dagar att. Det er mest to veker til flyet lettar som tek henne vekk over grenser og kontinent. Begge jentene mine hadde periodar med raudkanta augo i dag, fordi dei veit. Dei veit at tida for avstand større enn kva ein vil tenkje over snart er der. I dag åt vi middag saman med besteforeldra og ho som skal reise fekk sagt ha det bra til dei. Dei og veit.

Ein må berre lita på alt som er godt. Lita på alt som er bra. Ein må det.

I morgon startar ei anna tid for meg, tida for å bygge opp att tilvære her. Reparere, multiplisere, dividere.... Dei skadde romma i huset skal få attende funksjonane sine etter kvart. I morgon tidleg skal eg opp og ut for å starta innhaustinga av materiell. Eg har både privat kontorarbeid og avtalar som må gjerast. Men det er godt og ha kome fram til nokre avgjeringar. Enno er det mange å ta. Men frå i morgon startar hammarslaga.

Og ute, ute fossar våren fram med sol og fuglekvitter. For nokre dagar sidan stakk dette underet opp frå løk eg planta i haust.

Det er ei slik glede å sjå. Eg er så spent og tek nokre turar rundt i dette som skal væra ein hage, kva kjem opp? Eg gler meg over det og prøver å oversjå alt som skulle vore annleis av kvist og kvast.

Tida framover er fin om ein ser bort frå frykta for det ein ikkje veit. For sjølv om ein aldri veit noko framom seg vert det så tydeleg når nokon av det kjæraste ein har reiser ut og veit for lite etter det ei mor meiner.

Og så går sola ned medan vindauga tek i mot ljoset frå ein dag som går over i kveld.


27.03.2014 14:03

 

Å drøyme ein draum når ting er i ulage er bra medisin. Slik for å kjenne at ein er akkurat her og må vidare etter kvart.

Å bruka tankane for mykje kjennes. Kva som er for mykje er ei anna sak og handlar om den enkelte. Det handlar og om kva tankar som blir tenkt. No har eg hatt ei intens tankeøving i å ta val. Når eg ser kor hautulla og forvirra eg blir bør eg kanskje gå for det enkle og ferdigserverte, mest ferdigtygde.

Kva eg balar med no?

Jau, det er no dette kjøkkenet det. Eg må finne ut og finne ut i alle dimensjoner på kryss og på tvers. Val av kjøkken med knottar og knappar og farge. Kven skal utføre arbeid og kva for val der. Og ikkje minst, alt eg må gjere før eg kan vite noko som helst. Og så blir eg heilt ør og hovudet vil ikkje være med på å skal prøva å forstå ein tøddel meir.

I tillegg er data'n i ein underleg modus for tida, markøren heng seg opp. Eg reinsar og tømmer og gjer mitt beste som langt frå er godt nok, og som kanskje gjer alt verre. Så når eg skal laste opp vedlegg eller gjer eit tappert framstøyt mot tinga sin tilstand, så går det på tida og tolmodigheita laus.

No har eg kapitulert med ein kopp kaffi. Eg skulle ut og det har nok gjort godt også, trilla inn nokre lass med ved. Men tida er kort før eg må ting, så eg tru eg berre sit her med hovudet mitt og drikk kaffien for å sjå om ting klarnar.

Og ein gong vil dette være historie. Ein gong vil være var ein gong. Når eg sit der, med eit skinande kjøken og krane det kjem vatn ut av, når tørrmat igjen er plassert i skåp og skuffer. Kanskje eg har ei kaffimaskin..... Så når eg kjem tuslande inn på kjøkenet om morgonen er det berre å halde fram koppen og vips....rykande, fersk kaffi som det duftar frå. Så kan eg vagla meg opp på barkrakken attmed kjøkenøya mi og ta dagen inn i fulle drag medan sola lagar blide solteikningar på eit ryddig og fint kjøkengolv som har auka i størrelse ........

Det blir slik.....om litt.

Men akkurat no må eg gjera ting eg ikkje kan medan vaskemaskina dansar hoppsasa på vaskerommet, for her er nok heller ikkje ting i vater. Eg gler meg til at eg blir ei strukturert kvinne med alt på stell, der ting er der dei skal, ting virke slik dei skal og eg ikkje blir så fort ør i toppen.

For drømmen er viktig og halda på.


 

24.03.2014 14:05

Plutseleg sit ein berre der, med blanke ark og fargestifta. Og det er berre å kaste seg ut i det etter år utan, i ein oase i strek og form.

Dagane går så fort. Eg har ikkje følt så mykje for å produsere ord, og da må dei få fred. Dette er inga plikt, berre lyst. I dag vil eg fortelja om helga, og kanskje nokre ting til.

Det å være i mi verkelegheit om dagen er noko krevjande. Ikkje noko som er på plass av dei tinga ein treng. Kjøkken utan vatn og mange av skåpa. Skuffene med bestikk som er stabla opp på kjøkkenbordet. Stuebordet fullt av tørrvarer. Golvbelegg som er halvveges flenga av. Papir tape utover ganggolv utan at det er muleg å få vaska. Dyr ut og inn dørene med dei spor dei lagar.

Jau, eg "kosar" meg i mi vesle verd. Så eg leiter etter der eg kan få inn energi for å få utført det eg må.

For ei stund sidan seier ei veninne "du må bli med..". Kva eg måtte bli med på var et kurs i akt og croquis. Akkurat kurs var kanskje ikkje så nødvendig. Men, tenk om dette kunne føre til både meir energi og at eg kunne ta fram dette igjen. Teikning og måling. Eg kjente i lysta og meldte meg på. I helga gjekk det av stabelen. På laurdag pakka eg i bilen papir, kol, tusjer og blyantar saman med tannbørste. Kurset gjekk over to dagar og eg hadde tilbod om ei seng og triveleg samvær.

Så satt eg der. Modellen stilte seg opp. Tre minutt først, oppvarming. Fram med papir og tegneutstyr. Så var vi i gong. Tida fantes ikkje meir. Fokuset var på form, avstand, forkortingar, tyngdepunkt, lys og skygge.

Croquis, 3 minutt, kol

Croquis, 3 minutt , kol

Akt, 20 minutt, kalligrafitusj

Det var konsentrasjon på høgt plan. Lenge sidan sist og finmotorikken var ikkje lenger der som den hadde vore. Men eg greidde å teikna, og fingrane gikk ikkje i krampe slik eg var redd for. Det vart litt vondt, men ikkje så gale som eg altså hadde vore redd for. Eg teikna meg framover i tid utan å føle den.

Akt, mellom 10 og 20 minutt, tegnetursj nr. 0,5

Akt, 20 minutt, kol


Neste dag gikk det ennå betre. Ny modell. Begge modellane var flinke med stillingane.

Croquis, 3 minutt , kol

Akt, 20 minutt, kol

Akt, 40 minutt, kol og fargeblyanter


Til slutt, den siste økta og dei siste 20 minuttane var eg brukt opp, eg evna ikkje sjå meir. Men du verden det hadde vore artig å spisse blikket og gje seg fullstendig hen.

Så var helga over. Vellukka. Teikning og sosialt samvær med trivelege folk, og ein fantastisk flink instruktør, Per Morten Karlsen. Treffe gamle kjente og bli kjent med nye gjennom Orkdal kunstforening.


Så bar det attende, over fjella i sol og glitter ein søndag i mars.


13.03.2014 23:23

Ein blås bort dag til endes. Med inntrykk og innrykk for alt som er framom.

"Kvelden lister seg på tå........." men kløverenga er ikkje her enno.

Ute bles det litt. Tidlegar i dag blas det kolossalt. På tur inn til sentrum hadde eg den naturopplevinga. Sjøen kom rullande med kvite toppar og slo mot berga så skumsprøyten sto høgt. Inn mot land var den mest grøn. På himmelen var det fantastiske skyformasjonar som solstrålane braut i gjennom med breie strålar.

Det er når naturenkreftene legg seg til slik ein skulle hatt tid.

Seinare, da eg kom heim, heldt mørket på å kome. Men lyset var framleis kvitt. Det var liksom ein dis som låg over sjøen og mot landet på andre sida.

På starten av dagen tok eg med meg kroppen min ut. Det kjentes at eg har gjort det litt i kraftigaste laget i det siste. Fikk meg ein ekstratur her om dagen da eg hadde klart å rota bort mobilen. Eg trudde det hadde skjedd i eit bratt lende, så eg gjekk opp att turen så langt eg rakk før mørket kom. Telefonen viste det seg eg hadde lagt på biltaket, så den fekk seg både ein luft seglas og ei overnatting ute. Dette overlevde den. Men kroppen min surmular etter dette om dagen.

Så da eg fikk kjasa den over dørstokken i dag, og håpa at den skulle bli blid når den kjende den friske lufta - så vart den ikkje det. Den sukka og stønna og bar seg som eit heilt trøskverk. Eg bruka den til å få inn ved, for endeleg er stokkane mine på tur til å bli det som heile tida har vore meining; ved. Og mitt tidlegare forsøk med vedarbeid druknar når det kjem verktøy med "musklar".

Eg starta å fylle trillebåra og rulla den over underlag med dårleg evne til samarbeid. Og eg fekk inn mange lass, men det vistes ikkje. Så starta det og blåsa og regna i tillegg hadde klokka gått lang nok tid.

Da eg komheim i kveld hadde vedhaugen vokse enno meir. Så eg trur eg skal klara å helda varmen i lang tid no.


09.03.2014 13:08

Ho ser på meg. Og eg tek det til meg. For det er eg som står der ved roret.

Eld i omnen, kaffi i koppen - ein ordinær situasjon. Og med pc i fanget. Ute bles og så smått regnar det. Rundt meg har eg også det ordinære rotet, utan kjøkken og med papir tape fast på mest alle golv. Alt er slik det brukar, samtidig er det ikkje det.

Eg er i ei større bakevje enn på lang tid. Ei lang stund syntes eg alt var så artig og alt var så spanande. No er det som eg skal opp ein lang og seig motbakke. Og det er nok det eg skal. Eg må bli fornuftig. Fornuftig! For eit ord.

Eigentleg vil eg berre leika meg å ha det artig. Men det er ikkje all slik leik som er riktig å leike. Og da må ein legge den leiken bort. Så da sutre "barnet" i meg.


 

Fornufta må fram. Med litt grov, hes stemme og knute i nakken ser ho på meg over brillekanten. Det kalde blikket er kanskje ikkje så kaldt likevel, om ein ser godt etter. Det er nok eit snev av omsorg i det. Eller kanskje er det til og med mykje omsorg. Ho er berre så fryktelig kjedeleg i dei grå kleda knappa godt opp i halsen. Ho held opp fingeren framom meg og seier "du veit". Og eg må berre seie meg einig, eg veit. Eg tru eg veit. Og eg veit.

Så gjer eg val.

Eg startar å ta ned og rydde i ballane som sviv rundt. Eg finn hylla dei passar i.
Etter kvart vil det bli godt. Når fleire er plassert. Men eg er ikkje der enno.
Dei eg har rydda har laga tomrom.

Men fornufta ser på meg og seie "dette må du".

Så denne søndagen må er prøve å vende kraftig i roret på mi skute. Eg må prøve å rette  den opp. Skuta, fornufta, motbakken og eg må opp på hesten igjen. Ha, ha.....ser for meg synet.

Eg må gå igjennom ein haug med papir, eg må sette ned nokre tal, teikne ned nokre planer, sorter i snørr og bartar, skulle vært ute saman med herr boff. Eg må inn i samarbeidet med meg sjølv og det som har spora av, fokus på energiinntak.
Eg må, må, må og må. Og så må eg stoppe og drøyme. Dette er fornufta som seier.
Fryktelege tunge ord på ein søndag.

Eg "ser" oppover bakken, og veit at når ein går på ein slik bakke vil det ein trur er toppen ei stund flytte seg etter kvart som ein kjem oppover. Men til slutt vil ein være oppe. Ein vil sjå at det er både usikt, oversikt og andre toppar.


05.03.2014 23:48

Da eg var 17 år var eg stor. No er eg mor. Veslejenta fyller 17 og er svært ung. Sjølv synest ho at ho er stor!

For 17 år sidan pakka eg ei veske, gikk ut døra og tok ein buss. Frisk som ein fisk tok eg vegen til sjukehuset. Datoen den 5. mars var kryssa av på kalenderen som ein fin fødselsdag. Fødsel skulle settes i gong for den vesle jenta i magen. Tre veker før tida skulle dette skje. Eit nytt liten menneske skulle ut i livet. Og kom gjorde ho. Som en prosjektil etter og ha bete jordmora i fingeren. Det kunne gå fleire dagar før fødsel sa dei, etter ting var sett i gong. Men det gjorde det ikkje. Ingrun fekk dagen sin.

I dag feira vi.

Storesøster og eg pakka inn i bilen bollar, heimlaga romkake og miksmaster.  Pisking av krem til nokre forseinka fastelavensbollar måtte skje ferskt og luftig like før dei skulle inn i munnen. Vi drog til byen, midt i veka og utan kjøkken passa det best slik.

Vi har hatt nokre koselege timar saman vi tre etter og ha henta jenta på skulen. Vi henta henne i bil pynta med ballongar og tok mot henne med fødselsdagssong.

Aller først køyrde vi til Plantasjen for å kjøpe blomster. Og så gjekk vi ut og åt. Så gjekk vi heim til fødselsdagsjenta og åt. Og mette, ja,  ingen fare, svært så mett vart vi.

Etter det nokre gåver og kortspeling. Vi hadde nokre fine timar alle tre, trur eg.

Før to av oss tok ferga attende og bilen dei mila som måtte til før vi var i vårt hus.


04.03.2014 17:55

Stemmen til Tanita Tikaram smyg seg ut av høgtalaren som balsam. Det gjer godt. Så inn i hampen godt. Eg sit her utan hud. Skrapa inn til sjela.

Kva som har skjedd?

Ingenting.
Ingenting har skjedd.

Eg har vore saman med folk, berre det. Tenkje seg til, eg som
er glad i folk. Eg likar å væra saman med andre. Men det å låsa opp døra til
sin eigen heim, gå inn og kjenne at veggane er gode å kle rundt seg. Hente ved
i bua og vandre gjennom overmoden vår. Vår som viser musklar som om den var
langt ut i april, gå gjennom tørt gras medan sollyset forsvinn attom randa og
alt er mjukt. Gå inn, legge ved inn i omnen, tenne opp. Kjenne varmen i dobbel
forstand. Hente seg fram att.

Enn å slite så kolossalt berre over inntrykk. Enn å være så glad i si eiga einsemd.
Det går nok over. Det vil bli betre. Etter ei stund. Ei stund som ikkje er så
lenge til.....

Eg som var så sosial. Eg som gråt mine modige tåre når besøket gjekk. Altså, da var eg
berre nokre år, men eg husker kor frykteleg trist det var når dei som vitja
barndomsheimen gjekk; tanter og onklar, besteforeldre og søskenbarn.

Men likevel, i går var eg så sliten sjølv om eg var for meg sjølv. Eg var så flat
og sliten at eg ikkje ein gong orka å blogge sjølv om eg hadde tid. I dag orkar
eg det. Og i dag vil eg skrive nynorsk, for det har eg mest gløymd korleis er.
Sjølv om det var det eg starta å skrive ein gong. Eg har lyst til å ta det
attende. Likeins som eg må finna attende til meg sjølv for å få finne ut av denne
kolosale slitne kjensla og legge den bakom meg. For snart to tiår sidan starta eg å bruke ordet "sliten".
Og eg trudde det var til å forstå, for det var ikkje slik det skulle være heile
tida. Men det var slik det vart. Både meir og meir. Av og til sa eg "klar", for
kanskje det var betre å forstå.

Når eg får vite for mykje som er nytt vært hovudet mitt som ein smultring med prikking
i kantane. I hovudet mitt på innsida. Augo mine forsvinn i noko langt borte utan å
sjå. Det er ikkje plass for meir. Om nokon spør meg om Aalborg ligg i Sverige
eller Danmark vil eg ikkje klare og svare.

Eg har prøvd for lenge. Ein gong trudde eg at eg var ei brølande løve og ville få til
det eg bestemte meg for. Det var berre å stå på. Ikkje kjenne etter korleis det
var. Viljen var til å bruke. Og ville gjorde eg. Eg måtte og. Eg måtte det.

Men no kan eg slutte.

Eg har stranda her på denne øya mi, ei øy for meg og mine tankar. Eg må ta turen hit
ofte. Berre for fred og ro for tankane mine. Etter kvart trur eg det ikkje vil
være så viktig å ta turen hit. Til mi eiga ro og einsemd. Etter kvart vil det ikkje
væra slik som no. Når eg har rydda opp i alt.



02.03.2014 22:22

Våren er her på ordentlig. Sola ruller over fjellet og det er fest før faste.

Sola titta over fjella ti på elleve i formiddag og den rulla over fjellranden uten å komme helt bort i passeringene av høyere knauser. Tror ikke den gikk ned før rundt tre, men da var jeg og vi på tur bort.

I dag har jeg både prisa våren og fastelavenssøndagen samtidig som at jeg fikk feiringa av feittirsdag i samme slengen.

Før helga tok jeg en runde for å samle inn bjørkeris. Plasserte ris både ute og inne.

I fjor på denne tida var jeg i Östersund. Jeg fant ut jeg ville kopiere noe jeg så der. En bøtte full av ris pynta med fargerike stoffremser. Slik ville jeg også ha, tenkte jeg, og fant meg stoff i fine farger som jeg klipte opp. Jeg gikk ut i sola og knytta stoffremsene på riset. Følte at denne handlinga ute i sola nesten var rituell.

Når det egentlig ser slik ut ute på terrassen trengs litt pynt for å få tankene bort fra kaoset som råder i livet mitt akkurat nå.

Inne skein sola i fastelavensriset til stor glede for den sprudlende vårfølelsen.

Huset på Bakk var nesten fullt av jenter som vanligvis ikke er her.

Så besteforeldra inviterte på middag.

Og med saltkjøtt og fastelavensboller ble vi riktig så mette.

Noen spiste boller så kremen tøt ut.

Og noen drakk kaffe synkront.

Og i hele tatt satt latteren trillende løst hos en del som ikke møtes så ofte. 

Så etter en slik dag bør vi være klar for fasten. Og for å være ærlig er det nok på tide å ta fram igjen den nøkterne tanken med sterkt måtehold igjen for noen av oss. Likevel er festen ikke riktig over. Så jeg venter til onsdagen går ut av tida, for da må det også feires noe viktig. Men da må jeg til med nøkternheta i min kjøkkenløse verden, og det burde være en bra kombinasjon med tanke på mat.



<< 4 | 5 | 6 | 7 | 8 >>

Kontakt

Ingvild Bakk 6690 AURE 922 14 171 ingvildbakk@hotmail.no